Det er fantastisk at den raud-grønne regjeringa no likestiller skift og turnus. Dette er eit gamalt SV krav som regjeringa no gjennomfører.
Det var i 1996 at Likestillingsombodet peikte på at denne forskjellsbehandlinga var i strid med likestillingsloven. Det førte til at Karin Andersen (SV) saman med kollega Ågot Valle (SV) la fram eit forslag i Stortinget der dei foreslo å likestille skift- og turnusordning. Etterpå er dette ei sak som har blitt behandla og utgreidd under fleire regjeringar og av fleire utval. Skift/turnusutvalet som vart leia av Steinar Holden overleverte den siste utgreiinga den tredje oktober 2008.
Dette er eit viktig steg i retning av å skape eit meir likestilt samfunn, og eit steg på vegen mot at det skal vere lik løn for likeverdig arbeid.
Vi er stolte av at SV har vore med på å få dette til og at det måtte ei regjering med deltaking frå SV til for å få gjennomført dette tiltaket.
Regjeringa legg opp til å komme med eit tillegg til arbeidsmiljøloven, paragraf 10.4 for å få til denne likestillinga. Løysninga går ut på at tredelt turnusarbeid der arbeidstakaren må arbeide minst kvar tredje søndag, no får redusert arbeidstida ved at kvar arbeidstime på søn- og helgedag blir rekna lik 1 time og 10 minutt, og kvar time arbeidd om natta, blir lik 1 time og 15 minutt. På denne måten blir samanliknbart turnusarbeid og heilkontinuerlig skift likebehandla.