I dag var eg å høyrde på at regjeringa la fram den nye nordområdestrategien sin. Eg fekk ikkje med meg alt, fordi eg er i pappaperm, og ho eg har ansvaret for fann det for godt å bæsje mitt under framlegget. Det var ikkje ein kommentar til strategien. Tvert i mot. Du kan som eg sjå framlegget her.
Kristin Halvorsen seier i pressemeldinga frå regjeringa:
– For meg er det avgjørende at miljø står i forgrunnen i nordområdesatsingen, og vekten på et kunnskapsløft for landsdelen er også helt i tråd med våre prioriteringer.
Dette er eg glad for. Det er bra at miljø er ein samlande tråd gjennom strategien. Så er det sjølvsagt mykje eg kunne ønska meg frå regjeringa på miljøsida som ikkje kom denne gongen. Jernbanen til Tromsø skal utgreiast, ikkje byggast. Det vart heller ikkje sagt noko tydeleg om brems i oljeutvinninga i nord. Dette må likevel ikkje overskygge alle dei gode tinga i meldinga. Her er konkrete ting til forsking, veg, satsing på marin bioprospektering og utvikling av mange andre næringar i nord en olje. Fleire bein å stå på er ein viktig føresetnad for å kunne stoppe oljemarerittet.
Heile meldinga frå regjeringa kan du laste ned i pdf her. Dei legg opp til sju hovudstrategiar i meldinga:
- Utvikle kunnskap om klima og miljø
- styrke overvaking, beredskap, og sjøtryggleik i dei nordlege havområda.
- Stimulere til bærekraftig utnytting av petroleumsressursane og fornybare ressursar til havs
- Fremje landbasert næringsutvikling i nord
- Vidareutvikle infrastrukturen i nord
- Oppretthalde fast suverenitetshevding og styrke samarbeidet over grensene i nord
- Trygge livsgrunnlaget og kulturen til urfolk
Dette er seks gode strategiar. Så får vi håpe at eit sterkt SV etter valet kan endre på strategi tre slik at ikkje olje blir hovudfokuset.
Noko som er svært viktig understrekar VG og i dag. Dei skriv:
Regjeringen ønsker også å videreutvikle kunnskapsmiljøene i Tromsø til et internasjonalt ledende senter for forskning på klima og miljø, og styrke overvåkingen av aktiviteten i Barentshavet.
Dette gler eg meg til.
Kva meiner du må inn i ein kraftfull nordområdestrategi?