Pynt og fjas

Er dette pynt eller dyrt fangstreiskap? Foto: Flickr.com/annia316

Det er sjølvsagt fint når damene pyntar seg, men dei er jo vakre uansett. Lindkvist skriv fint om pyntehysteriet på bloggen sin. Ho skriv:

Guttene har store og vide boksershortser. Jentene bitte små trekanttruser. Hvis man ser på TV-opptak fra for bare 20 år siden og tv-opptak fra i dag ser man hvor mye mer sminke jentene og kvinnene har på seg nå enn tidligere.

Dette stemmer, og då fann eg eit verkeleg godt sitat i siste nummer av Syn og Segn (Nr. 1, 2009, side 54) i ein artig artikkel om «Livet i Manhattenbygda»: Der skreiv Solveig Aareskjold:

Dersom det blei allment kjent at mannfolk kan fangast med berre hendene, ville etterspurnaden etter kostbar fangstreiskap søkkja dramatisk, til ruin for heile damepyntbransjen.

Spørsmålet til lesarane blir; lar du deg fange med berre hendene? Svaret mitt er ja.

2 Replies to “Pynt og fjas”

  1. Liv Marie Austrem sa:

    hahaha

  2. Katrine sa:

    Hehe, Bra innlegg!

    Det siste inlegget frå Katrine er Det e så kaldt her i Nord

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version