Kvitvin og mannssjåvinisme

I dag spiste eg lunsj på utekafe i nabolaget med ein pensjonert professor i pedagogikk. Ho er afrikandar, og ho fortalte meg at kulturen hennar er svært mannssjåvinistisk og valdeleg. Las ho i avisen om menn som hadde drept heile familien, kunne ho sjå at det var eit afrikandarnamn. «Ja, slikt hender i dag,» sa ho og vifta oppgitt med armane. «Afrikandarmenn toler t.d. ikkje at kona tener meir enn dei, eller viss ein afrikandar skulle bli arbeidsledig og ikkje greie forsørge familien, er det så skammeleg at dei kan drepe heile familien.»

Etter at kyllingsalaten og kvitvinen var komen på bordet spurte eg henne om korleis afrikandarane ser på seg sjølve i dag 15 år etter apartheid? Ho tenkte seg om ein liten augneblink og så slo ho ut med armane og sa: «Afrikandarane tenkjer at dei har utvikla dette landet til eit moderne samfunn. Her var ingen ting da dei kom. Buskmennene og afrikanarane hadde budd her i mange tusen år, men ikkje utvikla noko. I løpet av eit par hundreår skapte boerane eit høgt utvikla, moderne samfunn. Dei innfødde sat på stranda og leika med steinar som glima og visste ikkje at det var diamantar eingong. Men europearane skjønte det, og det tok ikkje lang tid før dei kunne grave fram diamantar for enorme verdiar. Hadde ikkje europearane kolonisert og utvikla dette landet, ville det vore slik som Etiopia i dag. Boerane meiner nok at dei gjorde mykje galt under apartheid, men dei meiner også at dei har utvikla landet.»

«Eg har to søner som likar å fantasere om kva som ville skjedd om Napoleon hadde …. eller Churchill hadde … Vi veit ikkje kva som hadde skjedd om Afrika hadde fått fred for dei grådige europeiske kolonifolka heller,» sa eg. Eg fann ikkje på noko anna å seie.

I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika.

One Reply to “Kvitvin og mannssjåvinisme”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version