Meiningsmåling, olje og stortingsval

Tysdag i den stille veka hadde Bladet Tromsø ei meiningsmåling for Troms. Denne målinga var interessant på fleire måter. Ein ting var resultatet av målinga, noko anna er at Bladet Tromsø vel å ikkje gje opp feilmarginane i målinga.

maling
Meiningsmålinga i Bladet Tromsø kan gje ulikeresultat innafor feilmarginane. Foto: Faksimile av Bladet Tromsø 7. april

Dette at feilmarginane ikkje er gjeve opp gjer det vanskeleg å tolke denne målinga. Det er vanleg i ei måling på dene storleiken at det er ein feilmargin på tre til fire prosent for dei største partia og 1,5 til 2,5 for dei minste partia. Kva tydeer dette. Jo det tyder at det er like sannsynleg at Frp har 30,6 prosent som at dei har 38,6 prosent oppslutning i Troms. Tilsvarande for AP er 28,5 til 36,5. Ut frå dette kan det bli store skilnader i mandatfordelinga.

Dersom vi konstruerer eit worst case scenario kan det sjå ut som dette:

Parti Resultat 1,4 3 5 7
AP 29,5 21,07 9,83 5,9 4,21
Frp 37,6 26,86 12,53 7,52 5,37
Høgre 10,5 7,5 3,5 2,1 1,5
SV 7 5 2,33 1,4 1
SP 4,6 3,29 1,53 0,92 0,66

I dette scenariet ser vi at Frp stikk av med tre mandat, Høgre eitt og Ap to av dei seks faste mandata. Dersom vi skulle rekne inn utjamningsmandatet (som det er vanskeleg å gjere fordi dei blir avgjort nasjonalt) så er Ap nærmast til å ta dette.

På den andre sida kan vi og konstruere eit best case scenario, som vil bli noko slikt som dette:

Parti Resultat 1,4 3 5 7
AP 35,5 25,36 11,83 7,1 5,07
Frp 31,6 22,57 10,53 6,32 4,51
Høgre 7 5 2,33 1,4 1
SV 10,5 7,5 3,5 2,1 1,5
SP 8,1 5,79 2,7 1,62 1,16

Det interessant er at om ikkje eg har misforstått statestikken heilt er begge desse to scenaria like sannsynlege som det som vart presentert i avisa. I best case scenariet tar Ap tre mandat, Frp to og SV eitt. Vi kan altså sjå at innafor feilmarginane kan to av seks mandat bytte parti – ein tredjedel kan vere feil.

Den konklusjonen vi kan trekke av dette er at dersom vi skal tru målinga er fire av seks mandat i Troms det vi kan kalle sikre. Det skal eit politisk jordskjelv til for at ikkje Ap og Frp skal få minst to mandat kvar. Det betyr at det er to mandat igjen å kjempe for (pluss lotto-mandatet, altså utjamningsmandatet). Det er fire parti som slåst om dei to siste mandata. SV, Ap, Frp og Høgre står omentrent likt i denne kampen. Senterpartiet er ein slags dark horse, men er ganske langt unna i alle dei scenarioa vi kan konstruere ut frå denne målinga.

SV – som eg er mest opptatt av – manglar 0,15 prosent på målinga slik ho er presentert i Bladet Tromsø på å ta eit av direktemandata. Det tilsvarer 130 stemmer om valdeltakinga i Troms blir som sist. Den siste dagen kan bli viktig også ved dette valet. Eg er ikkje forundra om det er like tett i mange andre fylke. Kvar stemme vil telle også ved valet til hausten.

Forøvrig er eg glad og stolt over at 40 prosent av nordlendingane set miljøet høgast og går mot oljeutvinning.

4 Replies to “Meiningsmåling, olje og stortingsval”

  1. Bernt Sønvisen sa:

    Flott blogginnlegg, men jeg reagerer på siste avsnittet. Her er du ikke så nøye med tallene. Jeg siterer fra den samme artikklelen som du viser til:

    52 prosent av nordmenn bosatt i våre tre nordligste fylker er positive til å åpne de omstridte havområdene utenfor Lofoten og Vesterålen for oljeleting. Kun 39 prosent er i mot.

    Ikke slums med fakta!

    😉

    1. I stand corrected Bernt! Men, gjer eg ikkje verre feil enn å seie at 40 prosent er mot, når målinga seier 39 prosent så er eg no godt innafor feilmarginen.

  2. Stig sa:

    Jeg tror du misbruker begrepet «feilmargin». Du kan ikke bare velge et tall innenfor feilmarginen og presentere det som det reelle resultatet.

    Selv om det er like (lite) sannsynlig at FrP har 30,6 prosent som at de har 38,6 prosent, er det fortsatt mest sannsynlig at FrP har 34,6 prosent. Sannsynligheten minker jo lengre du vandrer ut i spennet av feilmarginen.

    1. Eg skal ikkje påberope meg noko enorm kunnskap om statistikk, men basert på denne: http://no.wikipedia.org/wiki/Feilmargin og denne: http://voxpopulinor.blogspot.com/2009/01/hvem-lurer-hvem.html som eg tolker slik at eg ikkje er langt på avveie, men det kan jo vere feil.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.