Her er ein interessant video der Chris Jordan har forsøkt å visualisere store tal og statistikk som kunst. Eksempla er frå USA, men vel verd å få med seg.
Månad: april 2009
Mine kvitter for veka
- @aasaelvik kor les du om snikrasisme? in reply to aasaelvik #
- @terjewold vi vil ikkje vernes i hel, men heller ikkje pumpe olje for ein kvar pris. Hadde vi no trengt pengane hadde vi hatt ein diskusjon in reply to terjewold #
- @virrvarr dobbelposting er absolutt på sin plass. Fleire ting på min blogg som og har vore kronikk eller lesarinnlegg, men ikkje alt eigna in reply to virrvarr #
- @thomasmoen du må nesten definere tilgang. 68,4 har breidband heime. http://bit.ly/1IMi0T Fleire på jobb in reply to thomasmoen #
- @terjewold detmå då vere muleg å få til vel så mykje om vi investerte tilsvarande i annan industri. 50mrd kosta snøkvit – ka anna bruk ser v in reply to terjewold #
- @Hjorthen du får skrive litt om interiør og kleda så skal du sjå det blir bra in reply to Hjorthen #
- Blogpost: Tysdag hadde Bladet Tromsø ei meiningsmåling for Troms, men dei vel å ikkje gje opp feilmarginane i målinga. http://bit.ly/2CKFxr #
- @bharfot enig med den gamle dama. Fekk ikkje akkurat ei god kjensle av den filmen in reply to bharfot #
- @eiriks og @forteller stemmer nok, sjå også denne: http://www.skogholt.org/2008/10/piratar/ #
- @Arcticmatt WordPress Mobile Edition av Alex King in reply to Arcticmatt #
- @LiselotteHH har han løysninga og? Og pengane til å sette løysninga i verk? in reply to LiselotteHH #
Powered by Twitter Tools.

Tysdag i den stille veka hadde Bladet Tromsø ei meiningsmåling for Troms. Denne målinga var interessant på fleire måter. Ein ting var resultatet av målinga, noko anna er at Bladet Tromsø vel å ikkje gje opp feilmarginane i målinga.

Dette at feilmarginane ikkje er gjeve opp gjer det vanskeleg å tolke denne målinga. Det er vanleg i ei måling på dene storleiken at det er ein feilmargin på tre til fire prosent for dei største partia og 1,5 til 2,5 for dei minste partia. Kva tydeer dette. Jo det tyder at det er like sannsynleg at Frp har 30,6 prosent som at dei har 38,6 prosent oppslutning i Troms. Tilsvarande for AP er 28,5 til 36,5. Ut frå dette kan det bli store skilnader i mandatfordelinga.
Dersom vi konstruerer eit worst case scenario kan det sjå ut som dette:
Parti | Resultat | 1,4 | 3 | 5 | 7 |
AP | 29,5 | 21,07 | 9,83 | 5,9 | 4,21 |
Frp | 37,6 | 26,86 | 12,53 | 7,52 | 5,37 |
Høgre | 10,5 | 7,5 | 3,5 | 2,1 | 1,5 |
SV | 7 | 5 | 2,33 | 1,4 | 1 |
SP | 4,6 | 3,29 | 1,53 | 0,92 | 0,66 |
I dette scenariet ser vi at Frp stikk av med tre mandat, Høgre eitt og Ap to av dei seks faste mandata. Dersom vi skulle rekne inn utjamningsmandatet (som det er vanskeleg å gjere fordi dei blir avgjort nasjonalt) så er Ap nærmast til å ta dette.
På den andre sida kan vi og konstruere eit best case scenario, som vil bli noko slikt som dette:
Parti | Resultat | 1,4 | 3 | 5 | 7 |
AP | 35,5 | 25,36 | 11,83 | 7,1 | 5,07 |
Frp | 31,6 | 22,57 | 10,53 | 6,32 | 4,51 |
Høgre | 7 | 5 | 2,33 | 1,4 | 1 |
SV | 10,5 | 7,5 | 3,5 | 2,1 | 1,5 |
SP | 8,1 | 5,79 | 2,7 | 1,62 | 1,16 |
Det interessant er at om ikkje eg har misforstått statestikken heilt er begge desse to scenaria like sannsynlege som det som vart presentert i avisa. I best case scenariet tar Ap tre mandat, Frp to og SV eitt. Vi kan altså sjå at innafor feilmarginane kan to av seks mandat bytte parti – ein tredjedel kan vere feil.
Den konklusjonen vi kan trekke av dette er at dersom vi skal tru målinga er fire av seks mandat i Troms det vi kan kalle sikre. Det skal eit politisk jordskjelv til for at ikkje Ap og Frp skal få minst to mandat kvar. Det betyr at det er to mandat igjen å kjempe for (pluss lotto-mandatet, altså utjamningsmandatet). Det er fire parti som slåst om dei to siste mandata. SV, Ap, Frp og Høgre står omentrent likt i denne kampen. Senterpartiet er ein slags dark horse, men er ganske langt unna i alle dei scenarioa vi kan konstruere ut frå denne målinga.
SV – som eg er mest opptatt av – manglar 0,15 prosent på målinga slik ho er presentert i Bladet Tromsø på å ta eit av direktemandata. Det tilsvarer 130 stemmer om valdeltakinga i Troms blir som sist. Den siste dagen kan bli viktig også ved dette valet. Eg er ikkje forundra om det er like tett i mange andre fylke. Kvar stemme vil telle også ved valet til hausten.
Forøvrig er eg glad og stolt over at 40 prosent av nordlendingane set miljøet høgast og går mot oljeutvinning.
Arbeid viktigare enn hus

Ferial og familien kjøpte eit hus for eit år sidan, men slektningane til selgjaren ville ikkje flytte så dei måtte gå rettens veg for å få dei ut. Det hjelpte ikkje heller så politiet måtte til verks. Det fortel noko om boligsituasjonen i Sør-Afrika. Dei hadde sannsynlegvis ingen plass å flytte til.

Ferial har ei mellomstilling i administrasjonen på universitetet og mannen hennar er ingeniør og har også jobb. Dei har stått på venteliste til hus i mange år, men da dei til slutt tok kontakt for å høyre når det var deira tur til å få hus, fekk dei vete at dei sto ikkje på lista. Den opprinnelege lista var vekk. Så dei måtte ut på den private marknaden og kjøpe hus, og da var det ikkje store huset dei hadde råd til, for styringsrenta her er ca 15%. Huset ligg i eit farga «penare» område, her har berre budd farga menneske sidan apartheidtida, og framleis gjer det det. Ferial er også farga, for ho har ein kvit forfedre langt bak, så det passa bra for henne. Men med to lønningar og 3 barn som går på skole og kostar pengar, er det hardt å få endane til å møtast. Bilen må reparerast for 6000 rand, og det har dei ikkje råd til med det første.
«Vi blir frustrerte over at dei som ikkje har jobb og ikkje har pengar, får hus, men dei greier ikkje betale strøm og vatn og husleie og flyttar ut igjen og leier ut husa. Vi som har jobbar, må kjøpe hus så vi har nesten ikkje råd til noko anna,» seier Ferial.
I townshipområdet Delph trefte vi ein familie med sju ungar som har fått hus tildelt av staten. Huset er ikkje stort, men det er stort nok for dei, seier kona. Det er berre det at dei har ikkje jobb, verken ho eller mannen. «Vi har ikkje nok mat, og vi har ikkje pengar for å sørge for at ungane går på skole,» klagar ho strengt. «Da er vi like langt.»
ANC-regjeringa har fått bygd 2.2 millionar hus til huslause sidan frigjeringa i 1994. Det betyr at nærmare 15 mill menneske har fått tak over hovudet, og ANC seier at det finnes ingen andre land med slumproblem som har bygd så mykje. Serleg i det siste verkar det som husbygginga har skote fart. Det kan ha samanheng med at det snart er val. Men folk er ikkje nøgde. «Regjeringa og ANC må gi folk arbeid først og så hus,» seier mange. «Det er betre å bu i eit skur og ha pengar til mat enn å bu i eit hus og ikkje ha mat.»
I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika.
- @homeion Setermoen i går 8,90, Nordkjosbotn 10.00 i byen 9.85 logisk – neppe in reply to homeion #
- @SrChaChaChavez polet er stengt no i alle fall, jesus er enno ikkje oppstien og va det meir du lurte på? in reply to SrChaChaChavez #
Powered by Twitter Tools.