Pappaperm og pulk

Ei av dei mange store gledene med å vere heime i forledrepermisjon er at sjølve poenget er at du skal ha det hyggeleg saman med barnet ditt. At de skal bli godt kjente og ha det fint. Ein av dei tingane eg kosar meg med, og som eg trur ho og liker er ski, pulk og sol. På fredagen braut vi med det vanlege mønstret – ikkje noko meir lysløype, no skal vi på fjelltur.

Vi la i veg opp på kjølen og kom fram. Sjølv om eg skal innrømme at det ikkje kjentes sånn i alle bakkane. Det var kaldt på toppen, men med vindpose gjekk det fint å få seg litt mat både for liten og stor før ferda gjekk nedover. Perfekt føre, kanskje einaste gongen eg skal køyre telemark med pulk bak. Ikkje ofte snøen og ferdigheitane mine tillet det.

Her kunne eg nytta sjansen til å sagt noko om fordelinga av permisjon mellom foreldra, og kor viktig eg synst det er at også far er heime lenge nok til å bli godt kjent med ungen, men det får vere til ein anna gong. No er det god påske for heile familien. Blir ikkje noko meir på denne bloggen før påska nærmar seg slutten.

Juleforteljinga held fram. «Eg greidde det!

sa11
Første gongen låg ho med eit dreneringsrør inn i lungene som var festa til ei flaske som sto på golvet. Slik var det sist. No er det noko anna. «Eg er frisk. Heilt frisk,» seier ho og opnar armane mot meg. «Eg trenar og spelar basketball, og på søndag var eg i kykja.» Det er som eit under. Foto: Liv Marie Austrem

I går møtte eg Monica. Smilande. Slank. Pynta med halskjede, øyredobbar, ettersitjande klede og ein glatt parykk. Eg hugsar frå før også at ho likte å pynte seg. Somme gonger kom ho med rastahår, somme gonger med glatt parykk og somme gonger med sitt eige naturlege småkrusa bustehår.

«Eg er frisk. Heilt frisk,» seier ho og opnar armane mot meg. «Eg trenar og spelar basketball, og på søndag var eg i kykja.» Det er som eit under. Sist eg såg henne, rett før jul, var ho riktignok på betringen veg, men ho var svært dårleg, og eg var bekymra da ho absolutt ville feire jul heime i skuret sitt i Mandela Park township. Ho vart utskriven frå sjukehuset midt i februar, fortel ho, og nå står det berre igjen å få den siste helsesjekken før ho blir 100% friskmeldt.

Vi går ein tur langs Atlanterhavet med ein hyggeleg utekafe som mål i enden av promenaden. Det er lenge sidan eg har høyrt henne så pratesjuk. «Nå skal eg få meg jobb,» seier ho optimistisk. «Eg har levert CV’n min mange plassar, og eg følgjer med og søkjer på alt.» Ho fortel at ho fekk ingen pengar da ho var på sjukehuset. Der hadde ho både kost og losji, og da trengte ho ikkje meir, meinte dei. «Heldigvis har eg ikkje husleie på huset mitt,» seier ho og ler. Men nå har ho rett på 900 rand (625nkr) i månaden i 6 månader viss ho ikkje får jobb før den tid, fortel ho.

«Korleis er det med sonen din?» spør eg. Eg visste at før ho vart sjuk, hadde ho store planar om å få bygd på eit rom på skuret sitt for å kunne ta sønnen sin til seg. Sønnen hennar er 10 år og bur hos bestemora i eit fattig område i Eastern Cape. Bestemora er sjuk, og ho er analfabet og kan ikkje hjelpe guten hennar med skolearbeidet, og det bekymra Monica. Mange har det slik her at dei må reise bort for å tene pengar, barna må vere igjen hos bestemora og mødrene sender pengar heim.

«Det går fint,» seier Monica. «To gledelege ting har skjedd. Mor har fått kommunalt hus gratis, og sønnen min får ekstraundervisning om ettermiddagane tre dagar i veka. Der les dei Bibelen og får hjelp med leksene.» Så fortel ho at søskenbarnet hennar, Lillian, har hjelpt henne med pengar så ho har hatt noko å sende heim. Lillian har tatt seg jobb i helgene for å tene litt ekstra som Monica kunne få. Det er vel det dei kallar ubuntu, tenkjer eg.

For 10 månader sidan vart Monica sjuk. «Først trudde eg berre at eg hadde blitt lat,» seier Monica og ler, men i juli i fjor vart ho akutt lagt inn på sjukehuset, og da konstaterte dei tuberkulose og tappa ein og ein halv liter veske ut av lungene hennar. «Eg ville bli frisk, og eg har greidd det,» seier Monica og langar ut i rask takt under ei steikande sol.

I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika. Denne heng saman med posten frå jula

Kvitvin og mannssjåvinisme

I dag spiste eg lunsj på utekafe i nabolaget med ein pensjonert professor i pedagogikk. Ho er afrikandar, og ho fortalte meg at kulturen hennar er svært mannssjåvinistisk og valdeleg. Las ho i avisen om menn som hadde drept heile familien, kunne ho sjå at det var eit afrikandarnamn. «Ja, slikt hender i dag,» sa ho og vifta oppgitt med armane. «Afrikandarmenn toler t.d. ikkje at kona tener meir enn dei, eller viss ein afrikandar skulle bli arbeidsledig og ikkje greie forsørge familien, er det så skammeleg at dei kan drepe heile familien.»

Etter at kyllingsalaten og kvitvinen var komen på bordet spurte eg henne om korleis afrikandarane ser på seg sjølve i dag 15 år etter apartheid? Ho tenkte seg om ein liten augneblink og så slo ho ut med armane og sa: «Afrikandarane tenkjer at dei har utvikla dette landet til eit moderne samfunn. Her var ingen ting da dei kom. Buskmennene og afrikanarane hadde budd her i mange tusen år, men ikkje utvikla noko. I løpet av eit par hundreår skapte boerane eit høgt utvikla, moderne samfunn. Dei innfødde sat på stranda og leika med steinar som glima og visste ikkje at det var diamantar eingong. Men europearane skjønte det, og det tok ikkje lang tid før dei kunne grave fram diamantar for enorme verdiar. Hadde ikkje europearane kolonisert og utvikla dette landet, ville det vore slik som Etiopia i dag. Boerane meiner nok at dei gjorde mykje galt under apartheid, men dei meiner også at dei har utvikla landet.»

«Eg har to søner som likar å fantasere om kva som ville skjedd om Napoleon hadde …. eller Churchill hadde … Vi veit ikkje kva som hadde skjedd om Afrika hadde fått fred for dei grådige europeiske kolonifolka heller,» sa eg. Eg fann ikkje på noko anna å seie.

I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika.

Tromsø lufthavn Bardufoss?

800px-langnes
Kan dette området brukast til noko anna enn flyplass i framtida? Foto: Kjetil Ree/Wikipedia

Det har blitt ein debatt dei siste dagane om utbygging og vidareutvikling av flyplassen i Tromsø. (Bladet Tromsø og Nordlys) La meg komme med eit lite bidrag i debatten, som kanskje er ein god ide, kanskje er heilt på trynet.

Når toget kjem til Tromsø, vil Bardufoss vere berre ein halvtime unna (sjå Didrik Seip si side for detaljar). Kanskje vi då skal diskutere å legge ned flyplassen i Tromsø og heller samle all trafikken på Bardufoss. Det er fleire grunar til å gjere noko slikt:

  • Vi skaper eit betydeleg inntektspotensial for Tromsbanen og gjer det meir sannsynleg at den kjem
  • Vi samlar trafikken på dei to flyplassane og gjer det meir sannsynleg med gode samband til utlandet og auka frekvens til andre stader enn Gardermoen innanlands. Flyplassen vil og trekke til seg litt av trafikken over Evenes i dag. I dag har Tromsø 1,6 millionar passasjerar og Bardufoss nesten 200 000.
  • Vi frigjer eit stort areal på Tromsøya som anten kan bli næringsareal eller bustader
  • Vi gjev Midt-Troms betre flyforbindelse og potensiale for vekst i folketal og næringsliv

Men, det finst og gode argument mot å gjere noko slikt:

  • Reisetida frå Tromsø og sørover aukar med tjue minutt (30 min til Bardufoss, minus ti minutt kortare flytid). Det er kanskje eit problem for næringslivet som har eit konkurransefortrinn i ein bynær flyplass.
  • Reisetida nordover og austover til Finnmark blir betydeleg lenger enn i dag. Opp i 40 minutt til Alta, Hammerfest og Sørkjosen.
  • Sørkjosen vil nok få problem med å overleve.
  • Dersom Evenes taper mange passasjerar frå innlandet og Narvik kan det skape problem for den flyplassen.
  • Det tar tid før jernbanen er på plass og kanskje må det uansett gjerast noko med flyplassen i tromsø før den tid.

Eg er ikkje sikker på kva som er det rette, men før vi brukar store pengar på å utvide flyplassen i Tromsø kan det i alle fall vere spennande og lufte andre tankar.

Kommenter gjerne med dine meiningar.