Tromsø lufthavn Bardufoss?

Kan dette området brukast til noko anna enn flyplass i framtida? Foto: Kjetil Ree/Wikipedia

Det har blitt ein debatt dei siste dagane om utbygging og vidareutvikling av flyplassen i Tromsø. (Bladet Tromsø og Nordlys) La meg komme med eit lite bidrag i debatten, som kanskje er ein god ide, kanskje er heilt på trynet.

Når toget kjem til Tromsø, vil Bardufoss vere berre ein halvtime unna (sjå Didrik Seip si side for detaljar). Kanskje vi då skal diskutere å legge ned flyplassen i Tromsø og heller samle all trafikken på Bardufoss. Det er fleire grunar til å gjere noko slikt:

  • Vi skaper eit betydeleg inntektspotensial for Tromsbanen og gjer det meir sannsynleg at den kjem
  • Vi samlar trafikken på dei to flyplassane og gjer det meir sannsynleg med gode samband til utlandet og auka frekvens til andre stader enn Gardermoen innanlands. Flyplassen vil og trekke til seg litt av trafikken over Evenes i dag. I dag har Tromsø 1,6 millionar passasjerar og Bardufoss nesten 200 000.
  • Vi frigjer eit stort areal på Tromsøya som anten kan bli næringsareal eller bustader
  • Vi gjev Midt-Troms betre flyforbindelse og potensiale for vekst i folketal og næringsliv

Men, det finst og gode argument mot å gjere noko slikt:

  • Reisetida frå Tromsø og sørover aukar med tjue minutt (30 min til Bardufoss, minus ti minutt kortare flytid). Det er kanskje eit problem for næringslivet som har eit konkurransefortrinn i ein bynær flyplass.
  • Reisetida nordover og austover til Finnmark blir betydeleg lenger enn i dag. Opp i 40 minutt til Alta, Hammerfest og Sørkjosen.
  • Sørkjosen vil nok få problem med å overleve.
  • Dersom Evenes taper mange passasjerar frå innlandet og Narvik kan det skape problem for den flyplassen.
  • Det tar tid før jernbanen er på plass og kanskje må det uansett gjerast noko med flyplassen i tromsø før den tid.

Eg er ikkje sikker på kva som er det rette, men før vi brukar store pengar på å utvide flyplassen i Tromsø kan det i alle fall vere spennande og lufte andre tankar.

Kommenter gjerne med dine meiningar.

10 Replies to “Tromsø lufthavn Bardufoss?”

  1. På kort sikt kjem ein neppe utanom å utvida flyplassen på Langnes. På lengre sikt er det all grunn til å flytta Tromsø Lufthavn bort frå Tromsøya rett og slett fordi det er grenser for kor stor vekst Langnes kan ta unna – auka trafikk krev ikkje berre meir plass, men det vil òg medføra ein miljøbelastning (særleg i form av støy) som ikkje kan forsvarast så nær byen.

    Å flytta heilt til Bardufoss, vil det bli vanskeleg å kjempa for, sjølv om ein skulle kunna ta toget dit. Eit alternativ er å byggja ein heilt ny flyplass på Kvaløya over Marislett/Tisnes eller på Balsnes. Saman med ein ny undersjøisk tunell frå Marislett eller Håkøya til sørenden av Tromsøya, vil ein framleis ha flyplassen ganske nær byen samtidig som Kvaløya får det nye sambandet som trengst for å avlasta Sandnessundbrua.

    Og viss ein dessutan legg traséen for Tromsbana over Malangshalvøya via Rya, kan argumenta dine knytta til tog brukast med motsett forteikn, dvs. som eit argument for å slå saman Bardufoss Lufthavn med den nye i Tromsø som vil vera kort tid unna for folk i Målselv og på Finnsnes gitt ein stasjon på Buktamoen. (Sjå elles her http://www.nordlys.no/debatt/ytring/article3070619.ece)

    Det er uansett all grunn til å gå i gang med planleggjinga. Både ny flyplass for Tromsø og Tromsbana må det jobbast for no skal ein ha håp om realisering innan 20 år er gått!

    1. Det må være rimelig vannvittig om en skal bruke et stort antall milliarder på å bygge en helt ny flyplass utenfor Tromsø, når en god og etablert flyplass som Bardufoss ligger så nær. Å flytte til Bardufoss trenger ikke å være så svært langt fram i tid. En trenger ikke hele jernbanen Tromsø – Narvik for det. En kan starte med strekningen Tromsø – Bardufoss. Det er mange gode argumenter for det.
      -Det blir stadig dyrere og stilles strengere krav til flyplassdrift.
      -Når jernbanen bygges videre til Narvik vil det være naturlig at også Evenes innlemmes i Troms hovedflyplass Bardufoss, da vil en virkelig få en stor og slagkreftig flyplass som kan gi fylket et stort skritt framover.
      Kunne en slå sammen de tre flyplassene ville en ha et mye kraftigere argument for å få fortgang i togplaner.

  2. Eg synest forslaget til På Julius er svært dårleg og politisk uheldig. Grunnane til at det er svært dårleg går klart fram av Pål Julius si eiga liste over motargument. Det politisk uheldige ligg i to forhold: For det første at det undergrev trykket på Avinor for å rusta opp den eksisterande flyplassen på Tromsøya, og for det andre at det blir tolka som eit nytt antitromsø-forslag frå SV, eit forslag som serbort frå dei viktige regionale funksjonane til byen. Ideen til Vangsnes er betre, men eg vil også gå mot den, blant anna av jordvernomsyn. Det vil garantert dessutan også auka bilbruken, og det svekkar den fordelen byen i dag har av kort avstand til flyplassen. Lydforureiningsproblemet er dessutan blitt mindre med åra, på grunn av teknologutviklinga.

    1. Hallvard, som du seier det er mange argument mot ei slik løysning, men om du ser på føresetnadene er eg usamd i poenget ditt om Tromsø sin regionale funksjon. Forslaget legg til grunn at jernbanen blir bygd, det andre er at det vil styrke Midt-Troms. Begge delar vil styrke Tromsø og Tromsø sin regionale funksjon. Samstundes er det heilt klart at det er store fordelar med ein sentrumsnær flyplass. Eg er og tydeleg på (trur eg) at dette er eit innspel i debatten og treng ikkje vere den beste løysninga.

  3. Tromsø vokser. Man vil helt klart tjene milliarder, ved salg av Langnes til private aktører. Hvilket tidsvindu man skal jobbe med, er mer usikkert. Men lokale politikere, fylkespolitikere og Avinor burde sette ned en arbeidgruppe, for å se på løsninger for fremtiden. Men en ny stor-flyplass i nærheten av Tromsø har sine fordeler. Men samtidig trenger forsvaret flyplassen på Bardufoss. Så hvorvidt man skal ha EN stor-flyplass på Bardufoss, eller to flyplasser, ny stor-flyplass ved Tromsø, pluss Bardufoss er et taktisk og økonomisk spørsmål.

  4. Mange store ideer fra Skogholt, det skal han ha. Jeg bekymrer meg også mye over den store avhengigheten i nord for fossilt drivstoff. Både persontransport og eksport kan rammes hardt hvis drivstoffprisene i markedet økes, eller avgifter økes, av myndigheter i Norge eller av internasjonale aktører. Følgelig er jeg en varm tilhenger av jernbane i nord. Men å fremme passasjertransport som et viktig argument er feil, grunnlaget ligger i gods. Argumentet for en sentral flyplass på Bardufoss forutsetter raske flytog. Med en hastighet på 240 km/t (som man fremdeles bare drømmer om i Sør-Norge) kan turen gjøres på 30 minutter fra Tromsø, men toget må gå hver time, minst. Lokaltog vil ta 57 minutter fra Tromsø og 2,5 timer (http://tog.seip.no/) fra Narvik, der Ofotbanen ikke egner seg til høye hastigheter. Da hjelper det ikke at toget kan gå hver time. Dette vil være en betydelig forverring av reisetilbudet i forhold til dagens situasjon. Tromsø Lufthavns fordel med nærhet til byen blir borte (den korte avstanden er jo gunstig mtp utslipp), mens Bardufoss fremdeles vil nås raskere fra Narvik med bil over den nye Hålogalandsbrua. En slik Tromsbane gjør heller ikke Evenes Lufthavn overflødig, og argumentet om besparelser i flyplass-struktur faller derfor bort. Dermed er også passasjergrunnlaget for lite for Skogholts store ideer, dessverre. Bruk de gode gods-argumentene for alt de er verdt, ikke kjør debatten om Tromsbanen på et sidespor!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version