

Det er ikkje så ofte at eg som politikar får kake frå Natur og Ungdom for eit vedtak. Det skjedde i dag og var ei fin oppleving.
Bakgrunnen er at fylkesrådet i Troms (Ap og SV) endrar busstakstane i Troms. I Tromsø vil eit månadskort for ungdom no kosta kun 200,- kroner. I tillegg har vi utvida takstsonene i Tromsø – og arbeider med å få til det same i Harstad.
Dette er eit godt steg på vegen mot å få til ein meir miljøvenleg transport i Troms. Vi er enno ikkje i hamn, men håper at dette er eit viktig bidrag for å få ned utsleppa av drivhusgassar i Troms.
Du kan lese heile saksframlegget her.
Ka skjer med busstilbudan i distriktan??:)
Tilbodet blir omtrent det same. Rabatten for ungdom ved bruk av månadskort 45% eller 350 kroner for inntil fem soner eller 1100,- kroner for heile fylket.
Vil prisane på enkeltbilettar i distrikta bli senka da?
Det siste inlegget frå Jonas er En annerledes ukas sang…
Nei, prisen på enkeltbilettar går ikkje ned. Vi har prioritert rabatten på kort. Men, takstsonenene blir større. Vi går frå 1250 soner til 250 soner. Det vil i nokre tilfelle bety at du kan reise lenger for same pris, eller at der du før måtte betale for to soner vil du no måtte betale for berre ei. Du kan lese heile saksframlegget på fylkeskommunen sine nettsider