Ungdommens fylkesråd

Det nye Ungdomens fylkesråd i Troms.
Det nye Ungdomens fylkesråd i Troms. Frå høgre: Simon Sæbø, Christina Skarheim, Viljar Hanssen, Christer Odden, Silja Kristine Uteng, Johann Haugland, bak ungdomskoordinatorLene Hansen. Foto: Pål Julius Skogholt

Midt oppi kommuneproposisjon, revidert statsbudsjett og nye fylkesvegar brukte eg i dag litt tid saman med det nye Ungdomens fylkesråd i Troms. Dei hadde sitt første møte i dag for å diskutere korleis dei skal sørge for at røysta til ungdom i Troms blir høyrt – høgt og tydeleg.

Eg er svært glad for å ha fått vere med på å opprette både dette ungdomsrådet og ungdommens fylkesting i Troms. Eg har store forventningar til at ungdomane kjem med gode innspel, stiller krav, roser og kritiserer oss for det vi som fylkespolitikarar gjer.

Eg håper og trur at ungdomsrådet vil bruke mykje tid på vidaregåande opplæring. Det første møtet tyder på det. Eg er glad for alle som er opptatt av skole, og alle som kan vere ein alliert i å gje skolane våre den plassen i offentlegheita og budsjetta som dei fortener.

Eit av spørsmåla eg fekk var om dei kom til å få makt. Det er ikkje enkelt å svare på, men eg trur dei vil bli lytta til, men at vi som politikarar og må lære oss at ungdommen si røyst skal med.

Kom gjerne med innspel i kommentarfeltet om ungdomssaker det er viktig at vi tar opp i Troms.

Mine kvitter for veka

  • Er glad for at landsstyret klargjorde SVs privatskolepolitikk http://bit.ly/Me0Ov #
  • Nytt blogginnlegg: Privatskolar og SV http://bit.ly/5RCFS #
  • @rustav Det betyr at SV ikkje ønsker at elevar skal skillast på religiøst grunnlag, men at menneskerettane gjer at vi ikkje kan forby det. in reply to rustav #
  • Har blogga om den grønne leiartrøya http://bit.ly/eXlJg #
  • RT @bardvegar: skal gjere eksperiment onsdag kl 14-15 http://tinyurl.com/ce6w2d. Digital spørretime #spørSolhjell. Spre ordet! #
  • Trur du sanneleg ikkje at det vart feil lenke til det nye blogginlegget mitt «Den grønne leirartrøya» Rett er http://bit.ly/ttvUZ #
  • @bardvegar det heiter vel anten utføre eit eksperiment eller eksperimentere med ikkje gjere eit eksperiment? #

Powered by Twitter Tools.

Finnfjord smelteverk – velfortent støtte

Eldsmørja storknar ved Finnfjord smelteverk
Eldsmørja storknar ved Finnfjord smelteverk. Foto: Pål Julius Skogholt

Eg vil gjerne berømme Finnfjord smelteverk for den jobben dei gjer med å ta vare på energi og miljø. Smelteverket har no fått støtte av Enova for å gjenvinne 224 Gwh med energi. (Eg har tidlegare skrive om det her) Det er berre første steg på vegen mot eit klimanøytralt smelteverk. Vi er stolte over at den raud-grønne regjeringa si satsing på Enova no får denne typen utslag. I statsbudsjettet for 2009 auka løyvingane med 1,5 milliardar kroner.

Vi kjem til å trenge ferrosilisium i framtida – mykje av det. Då er noko av det viktigaste vi kan gjere å finne måtar å produsere dette på som gjev så små negative miljøkonsekvensar som muleg. Her går Finnfjord smelteverk først og brøytar veg. Ein veg som eg trur vil gje tryggare arbeidsplassar og betre økonomi.

All honnør, denne typen utvikling ønsker vi i SV å sjå meir av framover.

Den grønne leiartrøya

steinar_bysveen_7
- Vi når ikkje målet om 2 tonn CO2/innbyggar utan ein bevisst energi- og klimapolitikk. Vi må starte no, for beslutningar som blir tatt kvar dag påvirkar energisystemet i 2050, seier Steinar Bysveen, adm. direktør i EBL på nettidene til foreninga. Foto: Gro Maren Mogstad Karlsen/EBL

Det vil koste oss rundt 20 milliardar i året fram til 2050 å redusere utsleppet av CO2 frå 11 tonn per innbyggar til to tonn per inbyggar. Det hevdar EBL i ein ny rapport. To tonn per innbyggar er det utsleppet IPCC seier er det vi kan tillate oss om vi skal halde klimaendringane på eit forsvarleg nivå. 20 milliardar kan høyrast ut som mykje, men det er mindre enn vi investerer i oljesektoren, og omentrent det nivået vi låg på i investeringar i kraftsektoren rundt 1970. Målet bør derfor vere godt innafor rekkevidde.

Eg har nettopp lest raporten «Den grønne ledertrøya» frå EBL. Rapporten frå EBL er spennande lesing. Han er konkret på kva som må til for at vi skal kunne nå dette målet i 2050. Raporten peikar på at energibruk i bygnader er eit viktig og vanskeleg tema, fordi det er så mange uavhengige aktørar. Det er ingen tvil om at det offentlege som ein stor byggherre må ta eit stort ansvar her. I Troms er eg svært stolt av at vi har fått eit vedtak om at alle bygnader skal sertifiserast som Miljøfyrtårn. Det er eit lite steg på vegen. Det store steget må komme kvar gong vi skal bygge nytt eller skal gjennom store ombyggingar eller rehabiliteringar. Då må energieffektivitet stå i høgsetet.

Reporten tar opp ei interessant problemstilling. Kan vi tillate oss å bruke bioenergi til oppvarming av hus. Raporten svarer i stor grad nei. Vi er avhengige av å nytte bioenergien til å lage drivstoff til fly og til tungtransporten om vi skal kunne komme i mål. Det er ei problemsstilling eg i alle fall ikkje har tenkt over før.

Eit av dei viktigaste tiltaka i reporten er elektrifisering av oljeutvinninga. Det er derfor litt skuffande at AP og Sp i følgje Teknisk Ukeblad er lunkne til dette. Forøvrig er kanskje den største veikskapen med denne raporten som så mange andre at olje vi eksporterer ikkje blir rekna inn i den norske klimarekneskapen.

20 milliardar i året – det er berre å sette i gang då!

Her presenterer adm. dir Steinar Bysveen raporten for EBL:

Privatskolar og SV

bvs
- Det viktige er at SV ønsker minst mulig privatskoler mens høyresiden ønsker flest mulig. Jeg tror folk flest er enig i at vi skal satse på en sterk fellesskole og at ingen skal tjene penger på norske barns skolegang, seier kunnskapsminister Bård-Vegar Solhjell. Foto: Stig Weston/SV

I helga har landsstyret i SV mellom anna brukt tida på å klargjere kva som skal vere SVs politikk i forhald til privatskolar. Eg skreiv litt om det vedtaket landsmøtet gjorde her. Grunnen til at det var naudsynt av landfstyret å presisere kva SV sin politikk er, var at landsmøtet vedtok både å støtte dagens privatskolelov og at alle private skolar skulle fjernast. Den motsetnaden måtte det klarast opp i. Landsstyret vedtok:

SV går til valg på å forsvare dagens privatskolelov som sikrer drift av privatskoler med alternativ pedagogikk. Statusen til de private skolene med alternativ pedagogikk vil ikke bli vurdert så lenge alternativ pedagogikk ikke blir godt nok ivaretatt innen for det offentlige. Innenfor rammene av menneskerettighetene ønsker SV å begrense omfanget av religiøse skoler.

Eg er glad for dette vedtaket av fleire grunnar. Det første og viktigaste er at fleire tolka SV sitt landsmøtevedtak som at det var i strid med menneskerettane. Ein slik politikk kan ikkje SV ha. Det andre er at dessverre fører skolenedleggingar rundt om kring til at lokalsamfunn finn det naudsynt å opprette montesorriskolar for å ha ein skole i nabolaget. Eg ville vore fortvilt om SVs program hadde gjort det umuleg for oss å støtte opprettinga av ein montesorriskole (for eksempel på Skaland) dersom lokalsamfunnet vil det. No er det ingen slike hindringar.

Samstundes er det viktig å slå fast at det aller viktigaste for SV er å støtte opp om den offentlege fellesskolen. Det er der vi møtes frå alle samfunnslag, etnisitetar og religionar. Det møtet er utruleg verdfult for samfunnet.

Les meir om vedtaka hos Dagbladet,  Aftenposten og sjølvsagt hos SV.