I helga har landsstyret i SV mellom anna brukt tida på å klargjere kva som skal vere SVs politikk i forhald til privatskolar. Eg skreiv litt om det vedtaket landsmøtet gjorde her. Grunnen til at det var naudsynt av landfstyret å presisere kva SV sin politikk er, var at landsmøtet vedtok både å støtte dagens privatskolelov og at alle private skolar skulle fjernast. Den motsetnaden måtte det klarast opp i. Landsstyret vedtok:
SV går til valg på å forsvare dagens privatskolelov som sikrer drift av privatskoler med alternativ pedagogikk. Statusen til de private skolene med alternativ pedagogikk vil ikke bli vurdert så lenge alternativ pedagogikk ikke blir godt nok ivaretatt innen for det offentlige. Innenfor rammene av menneskerettighetene ønsker SV å begrense omfanget av religiøse skoler.
Eg er glad for dette vedtaket av fleire grunnar. Det første og viktigaste er at fleire tolka SV sitt landsmøtevedtak som at det var i strid med menneskerettane. Ein slik politikk kan ikkje SV ha. Det andre er at dessverre fører skolenedleggingar rundt om kring til at lokalsamfunn finn det naudsynt å opprette montesorriskolar for å ha ein skole i nabolaget. Eg ville vore fortvilt om SVs program hadde gjort det umuleg for oss å støtte opprettinga av ein montesorriskole (for eksempel på Skaland) dersom lokalsamfunnet vil det. No er det ingen slike hindringar.
Samstundes er det viktig å slå fast at det aller viktigaste for SV er å støtte opp om den offentlege fellesskolen. Det er der vi møtes frå alle samfunnslag, etnisitetar og religionar. Det møtet er utruleg verdfult for samfunnet.
Les meir om vedtaka hos Dagbladet, Aftenposten og sjølvsagt hos SV.
«Innenfor rammene av menneskerettighetene ønsker SV å begrense omfanget av religiøse skoler.»
Vil det si at dere ikke ønsker at noen skal legges ned, eller er det skoler i Norge idag som kan fjernes uten at man krenker menneskerettighetene?
Det siste inlegget frå Sondre Olsen er Vedtaket er fortsatt like uklart
Det betyr at SV meiner at religiøse skolar ikkje er ein rikdom for landet. Det å splitte barn og unge etter religion fremmer ikkje toleranse, kunnskap og forståelse. Det betyr og at vi innser at menneskerettane gjer at vi ikkje kan avskaffe ordninga med private religiøse skolar. Slik les eg i alle fall vedtaket. Eg var ikkje på møtet.
Eg vil og håpe at det betyr at det vil bli ein enno betre kontroll med at religiøse skolar faktisk held seg til læreplanen og ikkje driv opplæring i antikvariske haldningar utan vitskapleg belegg.
Her har partidemokratiet talt på landsmøtet. Og her prøver landsstyret å overprøve dette. Eg trudde SV blei stifta i opposisjon til denne typen ovanifrå-og-ned styring i DNA og NKP. At partiet i større grad stod i ein tradisjon med «sosialisme nedanifrå». Til og med i Arbeidarpartiet rettar jo partileiinga seg etter partiet når dei går på eit nederlag på landsmøtet.
Forresten: Eg vil seie at Steinerskulen er ein religiøs skule. Dei er bygde på antroposofien, eit religiøst livsyn. Det er ikkje nokon større grunn til å stø skular bygde på denne religiøse retninga enn dei som byggjer andre religiøse retningar. Ein må iallfall ikkje gløyme at ikkje berre religiøse, men òg såkalla «pedagogiske» privatskular kontrollerast.
Ser eigentleg ikkje nokon serleg grunn for eit folkeleg, sosialistisk parti til å forsvare slike «alternativpedagogiske» privatskular for den urbane middelklassa og kultureliten. Tviler i grunnen på at arbeidarklassa og «folk flest» er serleg godt representerte der akkurat.
Her er det ikkje snakk om overprøving. Landsmøtet vedtok to ting som er i strid med kvarandre, og då må landsstyret tolke mellom desse alternativa.
Ein god grunn er menneskerettane, anten vi liker det eller ei.