Her har partidemokratiet talt på landsmøtet. Og her prøver landsstyret å overprøve dette. Eg trudde SV blei stifta i opposisjon til denne typen ovanifrå-og-ned styring i DNA og NKP. At partiet i større grad stod i ein tradisjon med «sosialisme nedanifrå». Til og med i Arbeidarpartiet rettar jo partileiinga seg etter partiet når dei går på eit nederlag på landsmøtet.

Forresten: Eg vil seie at Steinerskulen er ein religiøs skule. Dei er bygde på antroposofien, eit religiøst livsyn. Det er ikkje nokon større grunn til å stø skular bygde på denne religiøse retninga enn dei som byggjer andre religiøse retningar. Ein må iallfall ikkje gløyme at ikkje berre religiøse, men òg såkalla «pedagogiske» privatskular kontrollerast.

Ser eigentleg ikkje nokon serleg grunn for eit folkeleg, sosialistisk parti til å forsvare slike «alternativpedagogiske» privatskular for den urbane middelklassa og kultureliten. Tviler i grunnen på at arbeidarklassa og «folk flest» er serleg godt representerte der akkurat.