Motoren og bateriet er ikkje så veldig dominerande på sykkelen. I nedoverbakkane ladar systemet opp bateriet

Sykkelmotor

Motoren og bateriet er ikkje så veldig dominerande på sykkelen. I nedoverbakkane ladar systemet opp bateriet

På laurdag, dagen før nasjonaldagen var det feststemning hos meg. Då kom den elektriske hjelpemotoren til sykkelen min frå USA. No er eg den lykkelege innehavaren av ein menneske-elektrisk hybridsykkel.

I dag var første testen, hjelp det opp bakken til barnehagen? Sveitta eg mindre og går det fortare?

Både ja og nei. Farta auka betydeleg, men kanskje var eg like sveitt og sliten. Motoren jobbar berre om eg trør, og jo hardare eg trør jo meir hjelp får eg. Eg kan altså ikkje berre lene meg attover å gjere ingenting. Men hjelpemotoren er kjærkomen. Til hausten skal eg sykle med tre ungar til barnehagen, to i vogna og ein bakpå. Det blir tungt, alternativet til hjelpemotor er nok helst bil. Så får vi sjå korleis dette kjennes etter at eg har prøvd det i nokre dagar.

Motoren er av typen Bion X produsert i Canada. Sjøve motoren ligg inni navet på bakhjulet. Eg bestilte heile stasen frå NYCWheels i New York.

Dette innlegget har ommentarar.

  1. andreas stokka jr

    er dette lovlig på offentlig eller privat vei?

  2. Ja, det er lovleg så lenge motoren ikkje yter meir enn 250 watt, berre går når du trør og kuttar ut når farta når 25 km/t

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.

Pål Julius Skogholt

Eg heiter Pål Julius Skogholt. Eg er 42år gamal og bur i Tromsø. Eg er leiar i Tromsø SV.