Alle kan søke generell studiekompetanse

Det har blitt ein del styr etter at Utdanningsforbundet i Harstad hadde eit utspel i Harstad Tidende den 11. juni, der dei påstår at vi nektar dei siste Reform 94-elevane å ta påbygging til generell studiekompetanse.

Dette er ikkje korrekt.

Det som er riktig er at vi legg ned det gamle 20-timerskurset for reform 94-elevane som vi hadde i Tromsø og Harstad. Det betyr ikkje at desse elevane står utan eit tilbod. Det betyr at vi vil gjere det same i Harstad og Tromsø som vi har gjort i resten av fylket i lengre tid. Vi vil køyre desse elevane saman, med tilpassingar for reform 94-elevane.

For å få studiekompetanse skal desse elevane ha faga norsk, historie, naturfag, engelsk og matematikk.  Men det må gjerast tilpasningar i matematikk, anten ved å lage eit tilpassa totimarskurs, eller at dei følgjer det vanlege 5-timarskurset. Det siste ville vere best, fordi dette er faget dei fleste av desse elevane slit med (ikkje hatt matte sidan 1.år i vidaregåande, dvs for tre år sidan). Vil derfor rå desse elevane til å følgje heile kurset i matematikk. I denne modellen får vi med andre ord eit betre tilbod for elevane i dette faget!

Reform 94-elevane som har fullført fagbrevet må då konkurrere om dei plassane vi har på lik linje som før. Vi vil og som før prioritere elevane med rett. Til hausten har vi ein kapasitet på 400 plassar påbygging i fylket. Tidlegare års erfaring med at mange ikkje tar plassen eller ikkje møter opp ved skolestart tilseier at vi vil få plass til dei aller fleste med denne kapasiteten, også dei som blir ståande på venteliste etter første inntak.

Det er rimeleg å tru. Men samstundes usikkert om til dømes finanskrisa kan ha verka inn på elevane sine valg mellom utdanning og jobb. Ingen som ikkje har rett er garantert inntak, men slik har det alltid vore. Dette er ikkje ein skolepolitisk skandale, men ei av dei minst smertefulle tilpassingane vi må gjere til ein for tran økonomi i dei vidaregåande skolane i Troms.

Mine kvitter denne veka

  • Skal møte kunnskapsministeren på utdanning.no Det blir spennande å sjå kva han har å melde i dag #
  • @NilsAJohnsen Det har du heilt rett i, men det er nokre plasser under taket i parkeringshuset ved heisen in reply to NilsAJohnsen #
  • RT @RogerSandum: Kristin oppsummerte og så framover på pressekonferanse i dag. SVs mål er 10 posent ved valget: http://tinyurl.com/lcf7x3 #
  • RT @Jarle_H: Tromsø får nasjonalt senter for IKT i skolen. Hurra! http://bit.ly/THdVp #
  • Nytt blogginnlegg: IKT-senter og betre SFO http://bit.ly/du195 #
  • @aherning VIF slå Enga? Noko eg har misforstått? in reply to aherning #
  • RT @SteinarJOlsen: #Klima. Skremmende hovedsak fra Dagbladet. http://bit.ly/19j4Xu #
  • RT @fmellem: Se Stoltenberg, Kristin og Liv Signe presenterer status etter fire års samarbeid kl 10.00 på Soria Moria http://bit.ly/Ghfgn #
  • Ny bloggpost: Klimaendringane blir tydelegare og tydelegare http://bit.ly/150SCa #
  • RT @Jarle_H: FrP krever innvandringsministeren! http://tr.im/pHcc Hvorfor det – er jo ingen igjen å administrere når man stenger grensene.. #
  • RT @frodehaugstvedt: Robert Dyrnes på radio om TIL: "Pølsa som serveres i pausen, den suger, men den er jævlig mye bedre enn fotballaget." #
  • Leser om at Alkekongen må fly i to døgn for å finne mat og at ein viktig art er i ferd med å bli borte. Klimaendringer – anyone? http:// … #
  • Og der vart vist kviringa for lang, her er lenka: http://bit.ly/3pzZF #

Powered by Twitter Tools.

Klimaendringane blir tydelegare og tydelegare

I dag legg Bjerknessenteret fram ein ny rapport om klimaendringane i Noreg. I følge Dagbladet seier rapporten at vi kan forvente oss 5-7 gradar høgare vintertemperaturar i Finnmark. Rundt fire grader i resten av landet. No er det kanskje ikkje noko katastrofe at vi går frå minus 40 til minus 33 i Finnmark om vinteren er det lett å tenke. Men, også det får konsekvensar. Dei siste åra har det vore mykje lauvmakk i nord, ein av grunnane er at vi ikkje har hatt periodar på over ei veke med minus 35, det drep makken, har eg lest ein plass.

I framtida kan det bli mindre lauv og meir makk. Noreg endrar seg.

IKT-senter og betre SFO

I dag har vi hatt besøk av kunnskapsministeren (Bård Vegar Solhjell frå SV) i Tromsø. Det har vore ein god dag for byen og for utdanning i Tromsø. Den første hendinga var at han har bestemt at hovudkontoret for det nye IKT-senteret skal ligge i Tromsø. Den andre hendinga var at han lova at Tromsdalen skole skal få pengar til å halde fram satsinga på kvalitet i SFO. Kan det bli betre?

Solhjell blir mottatt på Tromsdalen skole av SFO-ungane. Foto Pål Julius Skogholt

I Troms har vi brukt mykje pengar og energi på å utstyre alle elevane i vidaregåande skole med eigne Pcar. Det trur eg; skjønt under litt tvil; er ei rett satsing. Det er likevel ikkje nokon tvil om at vi har eit stykkje igjen å gå før vi får eit læringsutbytte av desse PCane som står i forhold til kostandene. Her kan eit slikt IKT-senter bli ein svært viktig medspelar. Ministeren seier det slik i pressemeldinga frå departementet:

Senteret er eit uttrykk for at vi meiner IKT er ein viktig del av utdanningspolitikken. Vi ønskjer at skulane og barnehagane meir effektivt skal nytte IKT for å få til betre læring. Å plassere hovudkontoret i Tromsø inneber at vi ser på nordområda som ein kunnskapsregion. Tromsø har mange, gode kunnskapsmiljø som vil spele ei viktig rolle for senteret.

Eg trur han har rett. Her kan du sjå Solhjell sin eigen presentasjon av det nye senteret. Nordlys skriv om det her, og NRK her. IKT i læring har ei kort melding her.

Etter at denne nyhenda vart slept reiste vi vidare til Tromsdalen skole (Ja, eg fekk lov til å vere med heile dagen, det er alltid hyggeleg). Sjølv om eg ikkje har noko formelt ansvar for det som skjer i grunnskolen er det viktig for vidaregåande skole og. Den kunnskapen elevane har med seg frå grunnskolen avgjer korleis den vidaregåande skolen blir. Tromsdalen skole har eit spennande prosjekt med fysisk aktivitet i SFO, der elevane frå ungdomsskolen er leiarar. Det fungerer fint. Og prosjektet får no i underkant av ein million frå ministeren.

Det som skjer i SFO er det mest undervurderte temaet i norsk skole. Nesten alle første og andreklassingane er i SFO, derfor blir det som skjer i SFO viktig for samfunnet. I dag har SFO for varierande kvalitet og er for dyrt. EG er glad for at Solhjell og SV har sett fokus på dette området. Fysisk aktivitet, leksehjelp, og mat i SFO (pluss ein masse leik) vil gje betre skoleresultat over tid, og i neste instans mindre fråfall i vidaregåande skole.

Mine kvitter denne veka

Powered by Twitter Tools.

Exit mobile version