Klimaendringane blir tydelegare og tydelegare

I dag legg Bjerknessenteret fram ein ny rapport om klimaendringane i Noreg. I følge Dagbladet seier rapporten at vi kan forvente oss 5-7 gradar høgare vintertemperaturar i Finnmark. Rundt fire grader i resten av landet. No er det kanskje ikkje noko katastrofe at vi går frå minus 40 til minus 33 i Finnmark om vinteren er det lett å tenke. Men, også det får konsekvensar. Dei siste åra har det vore mykje lauvmakk i nord, ein av grunnane er at vi ikkje har hatt periodar på over ei veke med minus 35, det drep makken, har eg lest ein plass.

I framtida kan det bli mindre lauv og meir makk. Noreg endrar seg.

Dette innlegget har ommentarar.

  1. BullshitRadar

    Ja-ha, og hva har du tenkt til å gjøre med dette, da?

    Bekymre deg videre?

    1. Blant anna har eg tenkt å stemme SV ved valet til hausten, det bør du og gjere 🙂

  2. BullshitRadar

    Javel, hvordan kan det hjelpe mot klimaendrinngene, da?

  3. Liberaler

    Det er bare å gi opp disse politikerne. Jeg utfordrer deg Julius, siden du sitter i posisjon, -fjern samtlige parkeringsplasser rundt fylkesbygget.

    Kommer du til å klare det ? Nei. Hvorfor ikke ? Fordi det er upopulært, og politikere tar ikke upopulære avgjørelser, i hvertfall ikke når det gjelder seg selv.

    «Men noen av oss trenger å kjøre til jobben» … «hva skal jeg gjøre når jeg ikke får barna til barnehagen i vinterslapset» … «men vi har en viktig jobb å gjøre» … «jeg kjører jo en lavutslippsbil» …

    Har aldri sett en politiker endre livsstil på bakgrunn av egen politikk.

    1. Å få fjerna alle parkeringsplassane får eg ikkje til med det første, men eg håper å få auka prisen på parkeringa i det minste

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.

Pål Julius Skogholt

Eg heiter Pål Julius Skogholt. Eg er 42år gamal og bur i Tromsø. Eg er leiar i Tromsø SV.