Vi berga fleire opplæringstilbod

Den vidaregåande opplæringa i Troms treng 30 000 slike pengesetlar ekstra for å kunne drivast bra.

I dag er eg ein svært glad mann. Vi har i fylkesrådet i dag funne ei løysning som gjer at vi slepp å legge ned service og samferdsel og reiseliv på Sjøvegan og Design og Handverk på Nordreisa vgs. Det var ein lettelse.

Eg vil nytte sjansen til å takke alle som har vist eit stort engasjement for tilbodet i den vidaregåande skolen i Troms. Det engasjementet treng vi framover. Det kjem til å bli tøffe tak om vidaregåande opplæring i Troms framover. Skolane er i dag underfinansiert med rundt 30 millionar. Det betyr at fylkestinget må velge mellom å smale inn tilbodet og legge ned skolar på den eine sida, eller å flytte pengar frå samferdsel til skole.

Eg håper mange vil vere med på å kjempe for meir pengar til vidaregåande skole i Troms. Eg er trygg på at Troms SV vil ende opp med at utdanning trass alt er viktigare enn asfalt.

Vi må nok likevel ha eit fokus på kva tilbod vi skal ha i fylket framover. Det vil bli vanskeleg å ha mange like tilbod i skoleregionane.

Folkebladet skriv om saka her.

NRK Troms her.

Mine kvitter denne veka

Powered by Twitter Tools.

Opplæringstilbodet i Troms til hausten

På tysdag skal fylkesrådet fastsette opplæringstilbodet i den vidaregåande skolen i Troms for skoleåret 2009/10. Det er ikkje noko lystig affære. Dei vidaregåande skolane i Troms ser ut til å få eit underskott i 2009 på 28 millionar i år. Då må vi dessverre redusere på marginale og små tilbod for å prøve å komme i balanse. Det opplæringstilbodet vi foreslår vil føre til innsparingar på 8,9 millionar (heilårsverknad). I tillegg tilfører vi 13 friske millionar til utdanning i 2009. Det gjev oss eit håp om å komme i balanse i 2009. Samstundes er det ikkje noko tvil om at vi i budsjettet for 2010 må vurdere grundig om vi må flytte pengar frå samferdsel til utdanning for å ha råd til å gje eit godt vidaregåande opplæringstilbod til ungdomen i Troms.

Dessverre er det og slik at når økonomien er det viktigaste styringsverktyet (slik det er i Tromsskolane akkurat no) så er det ofte distrikta som blir hardast ramma. Det er der det er færrast elevar og dermed flest tilbod med få elevar. Det fører til at Nordreisa vgs mister mange fag, spesielt innafor formgjeving og design. Det er trist. Også ved Skjervøy vgs blir to fagtilbod kutta. Vg2 Maritime fag og vg2 Produksjonsteknikk, desse tilboda hadde ein og to søkjarar. Samtidig er det slik at dersom vi hadde latt økonomien vere det einaste styrande burde vi kutta fleire tilbod ved Skjervøy. Det gjorde vi ikkje. Vi kan aldri la økonomien bli det einaste styrande. Hadde vi kutta meir hadde vi fjerna sjølve livsgrunnlaget for skolen. Det ville hatt store konsekvensar for eit Skjervøysamfunn som allereie slit. Lærarane på vidaregåande skole bidrar med stor kompetanse og OK løn inn i sine lokalsamfunn. Det må vi prøve å ta vare på. I trange økonomiske tider forsøker vi etter beste evne å ta vare på distriktsskolane.

Også ved Indre Troms vgs. – skolestad Sjøvegan har dei grunn til å vere misnøgde. Der foreslår vi å legge ned tilboda innafor Service og samferdsel. Desse faga har dårleg søknad over heile fylket, og vi har ikkje råd til to tilbod i Midt-Troms. Vi måtte derfor velge om vi skulle ha det tilbodet ved Sjøvegan eller ved Finnfjordbotn. Eg synst det var vanskeleg, men valet fall på Finnfjordbotn. Det er fleire grunnar til det, men viktige momentar var at Finnsnes har eit større miljø innfor servicenæringane og at vi konkurrerer med ein privat kristen skole i området og eg ikkje ønska å gje dei heile marknaden for Service og Samferdsel i Lenvik og omegn.

Det er fleire andre store endringar rundt i fylket. Kvaløya vgs har fått meir enn ei halvering av søkarar til bygg og anleggsteknikk. Det er ikkje smertefritt å gå frå 90 til 39 elevar. Ein søkar til blomedekoratør på Rå er og for lite til at vi kan alde oppe det tilbodet. Vi må og legge ned ei rad idrettsfagtilbod ved Tromsdalen vgs på grunn av lite søkarar. Vil ikkje ungdomen drive med anna enn fotball?

Av og til kan ein jo lure på om den venstre handa veit kva den høgre driv med. Eg har ansvaret for tannhelse og utdanning i Troms fylkeskommune. Innafor tannhelse ser vi at det er eit stort behov for tannhelsesekretærar i åra framover, men eg må likevel legge ned det einaste tilbodet i fylket fordi det berre var ein søkjar. Her skal skal vi likevel prøve å få til eit desentralisert tilbod for vaksne.

Dette er blitt langt nok, meir av bakgrunnen og søkjartala kan du finne i saksdokumentet som ligg her.

Eg har og lyst til å nytte høvet til å be fleire lese ein veldig god kommentar som eg fekk på ein annan post her på bloggen. Den skal eg skrive litt om etter kvart.

Renovering av Bardufoss videregående skole

Det er ingen tvil om at det er behov for ei stor renovering av Bardufoss vgs. Det er heller ingen tvil om at denne renoveringa hastar. Tilstandsraporten fylkesrådet no legg fram for fylkestinget viser eit behov på 294 millionar. Eg må likevel ærleg innrømme at eg ikkje forstår kva Roar Sollied kavar seg opp over. Ingen kan vedta å bruke 300 millionar kroner utan at det ligg ei grundig utgreiing i botn om behov i framtida. Hadde fylkeskommunen brukt 300 millionar utan å først gjort grunnarbeidet, då hadde det verkeleg vore ein skandale.

Vi kjem til å legge fram ei sak til fylkestinget i desember. Der skal vi og diskutere budsjettet for 2010 og økonomiplanen for dei neste fire åra. Det er det riktige tidspunktet for å ta ei beslutning. Ingen kan ta ei beslutning før dette tidspunktet. Då vil vi og ha ei sak om behov for framtida. Hadde det ikkje vore galskap å renovert og bygt nytt for mange hundre millionar utan å vite kva tilbod vi skal ha på skolen i framtida og utan å tenke gjennom mulege gevinstar ved ei samlokalisering av Bardufoss og Høgtun? Korleis hadde situasjonen vore om vi først renoverte for mange millionar, for så å måtte bygge om for mange millionar kort tid etterpå?

Så god råd med innbyggarane sine pengar har ikkje eg, har du Sollied?

Troms folkeblad har skrive om saka her.

Saksframlegget til møtet finn du her.

Hurra for barnehagane

Frå og med neste veke har eg tre barn i Templarheimen barnehage i Tromsø. Ein av dei mange nye barnehagane i Tromsø – som eit dirkete resultat av at SV og Kristin Halvorsen var tøffe i trynet og lova barnehageplass til alle barn. Det har vi så godt som klart, og vi ville ikkje klart det utan at SV verkeleg la breidsida til.

Det er utruleg kor fort vi glømmer den revolusjonen dette er for barn og barnefamiliar i Noreg. Eldste guten min er fem år. Då han var klar til å starte i barnehagen var det ikkje plassar å få tak, og om vi hadde fått tak i dei ville ein plass kosta det same som to plassar kostar no. Vi hadde ei god dagmamma, men det er ingen tvil om at tryggheita med barnehage er utruleg stor. Vi må heller ikkje glømme at prisnedgangen på barnehagane er mykje større enn den auken vi har fått i eigedomsskatt i Tromsø. SV leverer velferd og kunnskap.

Eg er som du kanskje forstår veldig godt fornøgd med kvaliteten i barnehagen der ungane mine går. Det er berre å innsjå det, eg kune aldri klart å gjeve ungane mine det same gode tilbodet om dei var heime. Den sosiale treninga dei får, alt det dei lærer – eg kunne ikkje klart det. Eg og ungane mine ville vore fattigare utan barnehagen.

Men, vi skal ikkje slå oss til ro. Kvaliteten kan alltid bli betre. Eg er derfor veldig glad for at kunnskapsministeren no har lagt fram ei stortingsmelding om kvalitet i barnehagen, og stolt av at han tilhøyrer mitt parti.

Her er ein liten videosnutt der han seier nokre ord om satsingane:

__

Exit mobile version