Kven står igjen?

I Aftenposten i dag hadde Høgrefolka Ine Marie Eriksen og Torbjørn Røe Isaksen eit utspel der dei seier:

–Slike konkurranser gir mål å strekke seg etter. Det blir ikke noe vanskeligere å lære for de dårligste selv de beste blir belønnet.

I denne videobloggen kommenterer eg utspelet.

Ivar Johansen har og eit godt poeng om saka på sin blogg

One Reply to “Kven står igjen?”

  1. Eg likar samanlikninga di med fotballen.

    I Noreg har vi delt fotballen opp i Toppfotball, og Breddefotball.

    Slik som i skulen, startar alle på eit likt nivå, nemlig i breddefotballen. Her spelar både den beste og den dårligaste og umotiverte på same lag og dei spelar saman mot eit felles mål, nemlig seier.

    Som elev vil du alltid få belønning når du treng den, nemleg den dagen du har fådd eit vitnemål med karakterar du har gjort det fortent til. Er du ein god fotballspelar, så får du etter kvart spele med folk som er like gode som deg i toppfotballen. Motivasjonen på skulen burde vere alt anna enn konkurranse, da vi har nok konkurranse ellers i samfunnet.

    Det Høgre ikkje forstår, er at skulen lagar morgondagens samfunnsborgere, mens idretten skapar heltar som ikkje tilførar samfunne noko meir enn kortvarig glede under sportssendinga kl. 2125 på Tv2.

    Dersom vi skal ha vinnarar og taperar i samfunnet i enda større grad enn i dag, så lurar eg svært på kva det blir av oss til slutt. Vi kjem til å være som ein salatbolle der alle er på same plass, men nokre av oss er veldig gode og blir "spist opp" først, mens andre ikkje blir "spist" fordi dei ikkje er gode nok.

    Dei gode får motivasjon til å holde "smaken" sin god til neste gang det skal etast salat i samfunnet, mens dei som ikkje blei eten gjer opp og forbedrar seg aldri nevneverdig.

    Framfor å heve nivået på dei flinkaste, slik at dei skillar seg enda meir ut ifra resten av oss, burde vi heller høyne nivået på dei dårlegaste, for eit lag og ett samfunn er aldri betre enn sitt svakaste ledd.

    La oss håpe at Høgre ikkje vinn fram!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version