Takk for ein god kommentar. Og, berre for å klårgjere nokre få ting, så meiner eg at sjølvsagt er oljenæringa med på å skape verdiar, og like openbart er det krysskompetansar og korkje rart eller spesielt at mange personar har interesser i begge næringane. Det må likevel vere verd å spørre om dette medfører at td. fiskarlaget får ein annan politikk og entusiasme for ei sak enn det det ellers ville hatt.

Vidare så er eg svært glad for at vi har mange «moderne» næringar som er skap på grunnlag av den kompetansen vi har bygd i fisker- og skipsfartsnæringa. Alt frå oppdrett, via supply til avansert radiokommunikasjon kjem frå dette.