Ei storstilt forsking må til, spesielt på energibærarar som kan erstatte olje i mobile samanhengar. Brennselceller slit med at gass har lite energi relativt til volum og batteri er enno ikkje gode nok. Når det gjeld sjølve produsksjonen av energi har vi om ikkje all den teknologien vi treng – så er vi i stanf til å erstatte det meste av den fossile energien per i dag (I verste fall med atomkraft, men vind og sol er og der – men det vil kreve enorme investeringar og vil føre til ein annan geopolitisk reøyndom). No er dte vel ingen (?) som meiner ta vi skal fjerne all fossil energi, men at vi må ned til eit akseptabelt nivå. Dersom eg ikkje minnest feil var det vel og i World Energy Outlook 2008 at IEA for første gong nærmar seg ein tanke om «peak oil». Dei nyttar ikkje orda, men er mykje mindre optimistiske med tanke på auke i utvinninga framover enn det dei har vore før. Det tyder på to ting. Det vil vere usannsynleg meir lønsamt å spare olja på botn av havet enn på internasjonale børsar, og at alternative energikjelder vil bli forska på framover.