Kven tener dårlegast i landet her, lille spegel på veggen der?

13082009793
BLoggaren og oksen Fernando (oksen til venstre) Fernando er blanding av NRF og Nordlandsfe. Nordlandsfeet er godt til å utnytte utmarksbeite - og det blir bra kjøtt, men litt mindre mjølk

Nei, det var ikkje meg sjølv eg såg i spegelen. Derimot møtte eg i dag ei driftig dame som hadde ei timeløn på 3,21 kroner. Kanskje var det ho som fekk det svaret om ho spurte spegelen.  Klarer du å gjette kva ho dreiv med? Jo, mjølkebonde i distriktstromsø.

Ho heiter Margrethe Wikran og driv eit bruk på 125 dekar med 10 mjølkekyr og litt kjøttproduksjon. Ho har ei mjølkekvote på 70 000 liter og leverte 1600 kilo slakt. Dette er 1,5 årsverk og jobba ca 3300 timar i 2008. På gardsdrifta satt ho att med 10543 kroner, og har nesten ikkje fritid.

Det store spørsmålet er sjølvsagt korfor gjer ho og andre bønder dette? Noko av svaret er nok at det er ein livsstil, og eit arbeid som folk trivst med. Det er gjevande å produsere mat i ein verden der folketalet aukar og mange svelt.

Men, kor lenge kan vi satse på at bøndene skal produsere maten vår av idealisme og på dugnad?

Det er ikkje utan grunn at vi i Noreg har mista 20 000 gardsbruk på dei siste 10 åra, og at vi i Troms har gått frå 2071 bruk i 1998 til 1195 bruk i 2008. Dersom dette held fram vil det ikkje vere lenge til jordbruket i Nord-Noreg er borte og sentralisert til Trøndelag, Rogaland og Austlandet. Og også der vil det vere berre få og store bruk. Produksjonen basert på dei store utmarksressursane i landet vil bli borte – og sjølvforsyninga vil gå kraftig ned. Det stiller oss i ein sårbar situasjon.

Kva skal vi så gjere?

I programmet til SV skriv vi:

Matproduksjonen skal baserast på prinsippet om matsuverenitet. Det vil seie at alle land skal ha rett til å velje korleis dei skal produsere mat til eige folk. For å medverke til at det blir produsert nok mat til eit veksande verdsfolk må Noreg halde på evna til å produsere mat. Dette inneber at dyrka jord må ha eit sterkare vern enn i dag. […] Matvaretryggleik og distriktsbusetnad krev utvikling av gardsbruk med ulikt ressursgrunnlag og ulike produksjonsformer. Utøvarane i jordbruket må sikrast ei inntekt og sosiale vilkår på line med andre yrkesgrupper.

SV vil arbeide for at landbruket skal få rammevilkår som gjer at det kan bli meir miljøvenleg, ikkje minst gjennom kortreist mat. For å kome nye krav til dyrehelse og dyrevelferd i møte må støtteordningane til modernisering av driftsapparatet styrkjast. SV vil arbeide for at 15 prosent av all landbruksproduksjon og av alt forbruk av landbruksvarar er økologisk i 2015.

Ja, det står sjølvsagt meir enn dette, men dette er vel dei viktigaste prinsippa. I tillegg til det som står i programmet er det nokre viktige ting som vi må få til. Kommunane og fylka må i mykje større grad inkludere jordbruket i tenkinga og planlegginga si i næringspolitikken. Det vil legge rammer for Innovasjon Noreg, slik at brukarane kan få tilskott til viktige investeringar.

Den andre viktige saka er at også bøndene kan få litt fritid. Ordninga med avløysarar må styrkast, slik at ferie blir meir enn ein våt draum.

Også må vi ikkje glømme kampen for å halde oppe importvernet.

Dette er sjølvsagt ikkje nok til å løyse alle problem, men det er ein god start.

Kom gjerne med gode idear og innspel i kommentarfeltet.

Tromp har forøvrig skrive bra om temaet her.

2 Replies to “Kven tener dårlegast i landet her, lille spegel på veggen der?”

  1. Jeg savner fortsatt kyrne, men holder fast på håpet om brukbare tilstander for norsk og nordnorsk landbruk.  Det er for lite mat i verden, og vi kan ikke basere oss på import «til evig tid».  Det er vårt ansvar å produsere mest mulig av den maten vi sjøl spiser, og det er stortingspolitikerne sitt ansvar å legge til rette for norsk landbruk gjennom levelige økonomiske forhold for bøndene.
    Både for vår egen del, og i solidaritet med resten av verden, skal vi ha norsk mat  –  produsert på norske ressurser  –  over hele landet!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.