SV fokuserer på læring – Høgre på sortering

Kent Gudmundsen og Høgre kan ikkje ha likt at eg påpeika at Høgre vil privatisere skolen. Han svarer i alle fall ikkje på den utfordringa. Vedstår ikkje Høgre seg sin eigen politikk? Her svarer eg på Kent Gudmundsens innlegg; «SV uten fokus på innholdet i skolen» som du finn her.

Det eg har sett frå Høgre i det siste er at Høgre ikkje vil ha mat i skolen. Hender det ikkje at det finst mat på eit høgremøte, litt frukt kanskje? Eg trur det, for høgrefolk akkurat som ungar jobbar betre om blodsukkeret ikkje er langt nede. Utan mat, Gudmundsen blir det heller ikkje matte.

I denne perioden har vi auka timetalet i 1-4 fjerde klasse for å satse på lesing, skriving og rekning. Det kan ikkje Gudmundsen ha fått med seg når han skriv; «Høyre har kjempet en politisk kamp om å øke timetallet i norsk, matte og engelsk for grunnskolen». Høgre har snakka, SV har gjennomført.

Noko av det viktigaste i dei komande fire åra blir å auke kvaliteten i SFO. Ei gratis kjernetid midt på dagen vil gje ungane eit pusterom, som vil føre til betre læring i timane. Prisen på SFO må få eit tak slik at den ikkje veks gjennom taket – og ja – ungane må få mat.

SV var mot Høgre sine nasjonale prøver. Desse hadde berre eit formål, å rangere og henge ut skolar. SV har sett i verk prøvar for å kunne gje skolane tilbakemelding for å kunne utvikle skolane, heller enn å henge dei ut. Dei fleste blir flinkare av konstruktiv kritikk ikkje uthenging, men det er kanskje annleis i Høgre. I SV trur vi på gode tilbakemeldingar til skolar og elevar slik at dei kan bli betre. Derfor har innført prøver som er eit verkty for lærarane for skoleutvikling – ikkje for uthenging.

Gudmundsen påstår at SV er mot karakterar og eksamen. Det er rett at SV ikkje vil innføre karakterar i småskolen. Vi trur ikkje seks, sju og åtteåringar blir motivert til skole gjennom karakterar, men vi vil ikkje fjerne karakterane frå skolen. I programmet til SV står det:

«SV ynskjer difor å greie ut endringar i systemet for vurdering i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring med tanke på å forbetre vurderingssystemet vi har i dag. Målet med ei slik utgreiing må vere å finne vurderingsformer som gjev ei meir presis og heilskapleg tilbakemelding til eleven, og som seier frå om eleven er klar for å gå vidare i utdanninga eller ikkje. Eit godt system for vurdering må innehalde krav til ei meir kontinuerleg vurdering av kor godt eleven ligg an i høve til kompetansemåla på gjeldande steg, ha større fokus på kva elevane må arbeide med for å forbetre seg og medverke til motivasjon framfor sortering.»

Eg trur ikkje ein gong Høgre kan vere mot dette om dei set seg ned å tenkjer i staden for å berre reagere.

Tidlegare innlegg i debatten her

One Reply to “SV fokuserer på læring – Høgre på sortering”

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.