Ei verd utan grenser dominert av Kina?

Eg hadde lyst til å dele denne videoen. Den er interessant, sjølv om eg synst analysen er litt lett av og til. Eg har mellom anna lite tru på tala hans om innvandringa av kinesarar til Sibir og Det fjerne austen. Frå tida mi i Vladivostok huskar eg godt at russarane var redde for at det fanst ein hemmeleg plan i det kinesiske kommunistpartiet om å overta Sibir og det Fjerne Austen. Det trur eg ikkje noko på, sjølv om frykta ikkje er vanskeleg å skjønne. På eine sida av grensa er det 10 millionar russarar, på den andre sida 100 millionar kinesarar.

Det er likevel verd å merke seg, som «Russia Blog» gjer her, at det er mykje meir lukrativt for ein kinesar å flytte til den kinesiske kysten enn til Sibir:

For now, official Chinese migration to Siberia and the Far East regions is small, though these figures are probably dwarfed by the number of illegal migrants crossing the completely open border. Even so, most young Chinese probably see far more opportunities in China’s booming coastal cities than in Far Eastern Russia, where business still mostly involves trading Russian raw materials for Chinese manufactured goods.

Vel, i alle fall her er videoen frå TED:

Kva trur du om det som kjem fram i videoen, kommenter her?

Originalen finn du på TED.com

One Reply to “Ei verd utan grenser dominert av Kina?”

  1. Kommentarar eg har fått på facebook:
    Jarle Strømodden: interessant foredrag. eg likte det han sa om "history doesn´t repeat itself, but it does rhyme" (slik hugsar eg det). ellers? tja, vi – eller mange av oss – lever i ein grenselaus verd, men kva med dei andre?

    Pål Julius Skogholt: Det er vel akkurat det som er poenget hans

    Sigurd Richardsen: Artige betraktninger men som Pål Julius sier litt enkle, tviler og litt på dette med kineserne som skal overta Sibir, oppfatter dette som litt krydring med trusselen om ”den gule fare”, har ikke sett tall på det men 1 barns politikken i Kina må vel snart få demografiske følger, blir vel fort litt for lite (unge)folk der.
    Men dette var vel ikke hovedpoenget med foredraget, jeg tror og at den demningen som nasjonalismen utgjør for utvikling i verden nå vil briste dette oppfatter jeg som spesielt nødvendig i Afrika som han så vidt nevnte og selvfølgelig i Latin-Amerika som ikke ble nevnt. Det som bør være utfordringen for oss sosialister er å utvikle analyser og strategier som kan handtere denne utviklinga, klarer vi ikke det så vil det vel skje på oligarki kapitalismens premisser. Med enorme menneskelige lidelser og negative miljøkonsekvenser som resultat.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.