Kjøttsuppe og dopapir

Lokale marknader er alltid hyggelege og spennande affærer. Det er mykje folk, artig å prate, og artige ting å kjøpe. Av og til blir likevel samansettinga av varer slik at ein kan ta til å tenke, som i eksemplet under. Eg må innrømme at eg tenkte at dette er god forretningssans, i alle fall om kvaliteten på kjøttsuppa ikkje er på topp.

Men god var ho.

Litt usikker på kor tydeleg biletet vart, men her kan du altså kjøpe kjøttsuppe til 50 kroner og dopapir til 300. Er det ein samanheng?

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.

To respond on your own website, enter the URL of your response which should contain a link to this post's permalink URL. Your response will then appear (possibly after moderation) on this page. Want to update or remove your response? Update or delete your post and re-enter your post's URL again. (Find out more about Webmentions.)