Eg trur ikkje vi er så veldig usamde Vedad, sjølv om eg nok har ei litt anna oppfatning av SV enn det du har på nokre sentrale punkt. Om SV er eit utgiftsparti? Tja, vi har vel i periodar vore det, kanskje fordi det har vore eit stort behov for å fordele verdiane i samfunnet betre. Men, SV har heile tida vore opptatt av å balansere budsjetta ( i alle fall dei siste 15 åra) og å få inntekter og utgifter til å gå i hop. I tillegg har partiet alltid hatt ein industripolitikk, sjølv om vi i periodar har vore dårlege til å kommunisere denne. Ei godt døme kan vere den satsinga vi ønsker på industrialisering av alternativ energi. Det er openbart at skal vi få til ein alternativ energiproduksjon som monnar, til ein pris som er akseptabel så må det satsast stort på å få produksjonen opp i eit høgt nok volum slik at einingsprisen går ned. Eit døme på at det kan gå rette vegen er solcellar. Der har prisen per installert kWh falt monaleg etter at Tyskland satsa stort og produksjonen auka. No er prisen framleis alt for høg, samanlikna med anna kraftproduksjon, slik det er i dei fleste samanhengane der vi snakkar alternativ energi. Samstundes ser vi no at kWh prisen fell kraftig for vindkraft og eg trur tidevasskraft er den neste storhendinga. Eg vil bli svært forundra om ikkje prisen der fell langt under vindkraft per installert kWh ganske snart. Mest fordi produksjonen vil vere kontinuerleg. Det trengst framleis ei storsatsing innafor alternativ energi. Spesielt varmekraftproduksjon basert på sol kan bli spennande. Men basisteknologien er til stades og må no inn på samlebanda om det skal bli noko effekt.

Og der kom ungane inn, skolekommentaren kjem vi tilbake til.