Mine kvitter denne veka

  • @AmazonSecret Vi kan jo ikkje pålegge ein kommune å ilegge eigedomsskatt? Veljarane lokalt har jo valt det #valg09 in reply to AmazonSecret #
  • I dag kjem Kristin Halvorsen til Tromsø. Gler meg til mange spennande ting i dag #
  • RT @SVparti: skal stå på for lønnsløft! http://bit.ly/OZUJr #
  • Flyskolen er berga. Kristin kom med penga! http://bit.ly/WS9nx #
  • Solheim har rett, med frp som forlover blir det oljeboring, sjøl om #venstre er mot. #velg09 #
  • @jonaseilertsen der er vi usamde. Kanskje ikkje så rart? in reply to jonaseilertsen #
  • @NilsAJohnsen dessverre nytta det ikkje. Klarer vi ikkje å binde ap til masta, vil det vere oljeflertal med frp+ap. Berre sv kan hindre det in reply to NilsAJohnsen #
  • @Christoffer_J Fleirtal krevst for å få gjort noko. Betre med eit steg i rett retning enn å rope på sidelinja in reply to Christoffer_J #
  • @Venstre Fleirtal utan anten Frp eller AP er ikkje muleg på Stortinget. Berre SV kan binde AP til masta å skape fleirtal mot oljeboring. in reply to Venstre #
  • RT @tromssv: Regjeringen sitt første skritt mot likebehandling av nord-Troms kommunene http://bit.ly/uqkYG #
  • Dei raud-grønne vinn skolevala i Troms, kraftig tilbakegang for Frp. http://bit.ly/A7WOc #
  • @folkekrav men og stor tilbakegang i Troms, frå 8,2 til 5,2 in reply to folkekrav #
  • @bladetnordlys Frp er den suverent største taparen med ein tilbakegang på 6,4 in reply to bladetnordlys #
  • @frodehaugstvedt takk for stemmen in reply to frodehaugstvedt #
  • 1500 løpesedlar i 1500 postkassar. Mykje god trim i ein valkamp #
  • Høyrer Tora Aasland snakke om kunnskapsbyen tromsø. Bra! #
  • God debatt mellom Tora Aasland,sv og Ine Marie Eriksen,H om forsking og høgare utd. Tora er god, H vil ikkje snakke om innhold i forskinga. #
  • @Sujanrs Stem SV for miljø og rettferdigheit in reply to Sujanrs #
  • Har stemt #SV for å få verna den sårbare kysten mot olje og for en god skole til alle. Gjer det du og! #valg09 #
  • RT @Thor_Egil: hører Jørgen Randers på Her og nå anbefale SV pga styringsvilje på miljø #
  • Jens sitt "vente-og-se" kan umulig være noen vinner blant miljøvelgerne. Vi vet det vi trenger å vite. Krystallklar Kristin! #velg09 #valg0 #
  • RT @aasaelvik: det var appellen sin, det! LoVe, kunnskap og likelønn. Det er SV som avgjer fleirtalet. #
  • @Sujanrs gratis offentleg skole, eit land som tar klimaansvaret på alvor, gode rettar for arbeidsfolk in reply to Sujanrs #
  • God siste dag på stand, no gjeld det å bruke telefonen. http://bit.ly/wQtfT #
  • @audunlysbakken Stå på, dette skal gå bra! in reply to audunlysbakken #
  • Blåbæra er mosterstor i år. Og, då tenkjer eg ikkje politikk, men det er nok pga sv i regjering #
  • RT @bardvegar: Valservice: vurderer du å stemme SV? Send meg tweet el DM m spørsmål el be om argument. Svarer minst ca 14, 17 og etter 21 #
  • @Sujanrs ja, gratis skolebøker er vel vere ein stemme in reply to Sujanrs #
  • RT @SVKristin: Fullt hus og stormende jubel i Svolvær! 200 mobilisert søndag formiddag på 24 timer Kjempe stemning og stående applaus! #

Powered by Twitter Tools

Siste dag på stand – god måling i Troms

Magnar Åmo og Jarle Adolfsen bemanna standen på Sjøvegan i dag. Olje var det temaet flest ville diskutere. Foto: Pål Julius Skogholt

Så var denne valkampen nesten over. Det gjenstår enno å ta nokre telefonar, sende nokre SMSar, men i hovudsak er det no slutt. I dag var eg på stand på Sjøvegan. det var hyggeleg. Det vart nye medlemmar i partiet og god stemning. God stemning blir det og av gode målingar. I dagens meiningsmåling i Nordlys var SV inne i Troms med eit direktemandat. 10,7% for SV. Det gjev ein liten opptur på slutten. Vi kan likevel ikkje vere trygge, det er små marginar.

Eg vil oppfordre alle til å ta telefonen fatt i ettermiddag og kveld. Fem telefonar til vennar og kjente som kan tenke seg å stemme SV kan vere det som skal til for å trygge mandatet.

Her er tre god argument du kan bruke:

1. SV sikrar ein god offentleg skole. Høgresida vil opne for private skolar. 1200 elevplassar i vidaregåande skole i Troms ønskte dei å privatisere ved forrige val. Det fekk SV stoppa den gongen, det skal vi gjere igjen. Vi såg nettopp ein konkurs i Tromsø av ein privat skole. No står elevane utan vitnemål. SV er tryggheit, høgrsida er utryggheit.

2. Ein stemme til SV er den beste oljevernberedskapen vi har. SV vil kjempe beinhardt mot oljeboring utanfor den vêrharde kysten vår. Det er berre SV som kan hindre oljeboring. Ap og Frp vil ha fleirtal på tinget. Utan at SV klarere å binde AP til maste i ei regjeringserklæring blir det fleirtal for oljeboring utanfor Loftoen, Vesterålen og Senja uavhengig av kva Venstre og Krf gjer.

3. Ein stemme til SV er ein stemme for at Noreg skal ta eit ansvar internasjonalt gjennom bistand og gjennom aktivt arbeid for ein god klimaavtale.

Dei raud-grønne vinn skolevala i Troms

Hovudtrenden frå skolevala i år er små endringar. Dei fleste som har greie på dette seier at dersom det er tydelege trendar i skolevala gjev dette ein peikepinn på retninga ved det ordentlege valet. Det betyr at vi ikkje får noko særleg hjelp til å spå valet denne gongen. Dei nasjonale tala er:

2009

2007

2005

Parti

Stemmer

%

Endring

Mandat

%

%


A

29391 23.8 +2.6 42 21.2 21.7

SV

12823 10.4 -0.4 19 10.8 16.6

Rødt

5926 4.8 9 * *

SP

7017 5.7 -1.5 10 7.2 7.2

KrF

4575 3.7 -0.1 3 3.8 3.7

V

7388 6.0 +1.0 11 5.0 3.1

H

20063 16.3 -1.2 30 17.5 11.6

FrP

29193 23.7 +2.6 45 21.1 25.2

NKP

367 0.3 0.0 0 0.3 0.5

MDG

1527 1.2 -0.1 0 1.3 1.0

Kjelde: http://www.samfunnsveven.no/skolevalg/resultat/landsoversikt

I Troms er trendane tydelegare. Alle dei tre raud-grønne partia har tydeleg framgang. Sp går mest fram, men SV er hakk i hæl. Ap har og ein tydeleg framgang. Det einaste borgarlege partiet med framgang er Venstre. Vi kan kanskje driste oss til å seie at ungdom i Troms trendar i retning av eit miljøval?

Tala i Troms er:

2009

2007

2005

Parti

Stemmer

%

Endring

Mandat

%

%

A

1228 30.2 +3.2 2 27.0 20.8

SV

531 13.1 +4.7 1 8.4 21.5

Rødt

212 5.2 0 8.2 *

SP

476 11.7 +5.0 1 6.7 6.3

KrF

49 1.2 -0.2 0 1.4 1.9

V

199 4.9 +2.2 0 2.7 2.9

H

347 8.5 -3.4 1 11.9 5.6

FrP

809 19.9 -6.4 2 26.3 28.8

NKP

21 0.5 -0.2 0 0.7 1.0

MDG

23 0.6 -0.7 0 1.3 0.7

KP

154 3.8 -1.5 0 5.3 5.8

KS

7 0.2 0 * 0.2

D

10 0.2 0.0 0 0.2 0.1

Kjelde: http://www.samfunnsveven.no/skolevalg/resultat/fylke/19

Det er interessante tal frå Troms. Det er verd å merke seg Frp sin kraftige tilbakegang i tillegg til den raud-grønne framgangen. Eg skal ikkje spå om valresultatet ut frå desse tala, men kanskje verd å håpe på at dei raud-grønne plukkar opp eit mandat i Troms?

Mine kvitter denne veka

Powered by Twitter Tools

Kjøttsuppe og dopapir

Lokale marknader er alltid hyggelege og spennande affærer. Det er mykje folk, artig å prate, og artige ting å kjøpe. Av og til blir likevel samansettinga av varer slik at ein kan ta til å tenke, som i eksemplet under. Eg må innrømme at eg tenkte at dette er god forretningssans, i alle fall om kvaliteten på kjøttsuppa ikkje er på topp.

Men god var ho.

Helse, tannhelse og sjukdom

Av og til er det ikkje nok med børste og tanntråd. Då må vi til tannlegen. Kor mykje skal det koste. Foto: pattyanne:made

Eg antyda i forgårs at eg skulle prøve å meine noko om tannhelse. No kjem det, så då er du advart. I går var eg med på ein internasjonal tannhelsekonferanse her i Tromsø. Det var ei vitskapleg av offentlege tannlegar og tannhelseforskarar frå heile Europa. Mykje av innhaldet gjekk lang over mitt hovud – naturleg nok – Tannhelse er vitskap og medisin, men og politikk.

Eg var så heldig at eg fekk love til å delta i opninga av konferansen. Eit slikt opningsinnlegg er sjølvsagt mykje pjatt og kor flott det er i Troms og Tromsø. Håpa alle trives osb. No er det sjølvsagt triveleg og vakekrt her, men det var ikkje det dette innlegget skulle handle om.

Eg fann det naturleg å ta opp ein situasjon som dei aller fleste med ørlite kunnskap om anatomi finn smått underleg. I Noreg har vi den situasjonen at tennene ikkje er ein del av kroppen, i alle fall ikkje i økonomisk og politisk forstand. Eg trur dette i alle fall delvis kjem av at tannhelse blir oppfatta meir som kosmetikk enn medisin. Det er ingen tvil om at eit Hollywoodsmil handlar meir om kosmetikk enn helse. På sett å vis er det meir i slekt med plastisk kirurgi enn noko anna. Men god tannhelse, handlar ikkje mest om kosmetikk. Det handlar om helse. Dårlege tenner er tidvis farleg, og i alle fall emd på å redusere livskvaliteten til folk.

OK, her kjem meininga mi om denne saka, og eg innrøm at dette i stor grad er klipt  frå arbeidsprogrammet til SV, men hald ut. Det kjem meir originale tankar etterpå.

SV vil foreslå ei tannhelsereform som inneber at tannlegebehandling som er medisinsk nødvendig i størst muleg grad er underlagt dei same vilkåra som sjukehus– og legebehandling. SV vil avgrense eigendelen til 2.500 kroner per år for nødvendig tannlegebehandling. Det tilsvar eigenandelstak 2.

Dei som går jamleg til tannlegen og har normalt god tannhelse vil med ei reform betale omtrent det same som i dag, mens dei som i dag ikkje kontaktar tannlege, kanskje fordi det er for dyrt, vil få redusert kostnadene sine til 2500 kroner for nødvendig tannbehandling med ei slik ordning. For ein del grupper er det nødvendig at tannhelsetenesta er heilt gratis. SV vil foreslå at ungdom opp til 23 år får gratis tannhelseteneste.

For å hindre for høge kostnader ved ordninga vil SV innføre prisregulering på tannhelsetenester gjennom nasjonale takstar, i kombinasjon med refusjonsavtale for tannlegar som inngår i ordninga. Det er store geografiske forskjellar i det offentlege tannhelsetilbodet. SV vil foreslå at den offentlege tannlegetenesta blir bygd ut, og at det blir innført driftsavtalar med privatpraktiserande tannlegar etter modell av privatpraktiserande legar med driftstilskot.

OK, då har eg meint noko – og ja eg meiner dette verkeleg.

Det mest interessante eg fekk med meg på konferansen var likevel foredraget til Professor emeritus Rolf Seljelid (eit foredrag med same tema kan du finne her). Han snakka om kva helse er for noko. Hovudpoenget hans er at helse ikkje er fråver av sjukdom og at helse er eit svært vidt begrep. Med utgangspunkt i at få ting har endra liva våre meir dei siste 100 åra enn innføringa av moderne medisin set Seljelid opp eit skille mellom sjukdom og helse som er viktig å ta med seg i ein kvar diskusjon om dette viktige temaet. Han seier:

Sjukdom er medisin, men helse er antropologi

Poenget hans er at helse er både meir og mindre enn fråver av sjukdom. Vi må lære oss å leve med den helsa vi har, og korleis vi lev med helsa vår har vel så stor betydning for oss som dei medisinane og diagnosane vi får. Han siterte frå eit brev han hadde fått frå ein ven som hadde vore alvorleg sjuk. I brevet fortalte han om alle sjukdomane og plagene sine, men så konkluderte han:

Mannen er like heil

Og kanskje er det heile poenget, at det viktigaste er om mannen er heil?

Exit mobile version