Eg har lese boka «Veslebror ser deg» av Cory Doctorow. Dette er ei spennande bok av fleire grunnar. Den eine grunnen er sjølve boka, som er god om ikkje epokegjerande. Det andre grunnen er at boka er fritt tilgjengeleg på nettet. Du kan laste ho ned gratis, og det kan du gjere med forfattaren si velsigning.
Eg er ikkje nokon stor bokmeldar, og skal ikkje prøve meg som det. Nokre få ord tillet eg meg likevel. Eg likte boka. Ho ter opp viktige spørsmål i samtida vår. Kor går grensa for kva vi kan tåle av innskrenkingar i fridomen vår for å kjempe mot terrorisme og anna? Boka er svært tydeleg gjennom hovudpersonen som er ein 17 år gammal gutt som nyttar nettet for å prøve å vinne ein kamp mot Department of Homeland Security i etterkant av eit terroråtak mot San Fransisco. Boka er velskriven, men eg synst kanskje slutten blir for enkel. Skal det ikkje meir enn eitt avisoppslag til for å snu situasjonen? Eg saknar og eit breiare syn på utfordringane knytt til personvern og fridom. Eg trur at komersielle aktørar sin kunnskap om oss, eg tenkjer på Google og mange andre, er ei vel så stor utfordring som staten sine overgrep.
Doctorow skriv i forordet til boka:
What’s more, kids were clearly being used as guinea-pigs for a new kind of technological state that all of us were on our way to, a world where taking a picture was either piracy (in a movie theater or museum or even a Starbucks), or terrorism (in a public place), but where we could be photographed, tracked and logged hundreds of times a day by every tin-pot dictator, cop, bureaucrat and shop-keeper. A world where any measure, including torture, could be justified just by waving your hands and shouting «Terrorism! 9/11! Terrorism!» until all dissent fell silent.
Eg saknar meir i boka om det Doctorow tar opp i første del av dette sitatet. Vidare skriv han:
This book is meant to be part of the conversation about what an information society means: does it mean total control, or unheard-of liberty? It’s not just a noun, it’s a verb, it’s something you do.
Dette er første gongen eg har lese ein roman på skjerm. Det gjorde eg fordi boka er tilgjengeleg for nedlasting på nettet. Forfattaren gjer alle bøkene sine tilgjengelege på denne måten. Det er Samlaget som gjev ut «Veslebror ser deg» på norsk. Samlaget har valt å berre gjere halve boka tilgjengeleg på nett i første omgang. Du kan få andre halvdelen tilsendt om du kommenterer boka i ein e-post til Samlaget. Eg valte derfor å lese andre halvdelen på engelsk. (Eg har forøvrig gjort ei av pappa sine bøker tilgjengeleg på nett, du kan lese Grågud og kvitekrist her.)
Eg er litt undrande til denne haldninga frå Samlaget. Det kan vere fleire grunnar til at Samlaget gjer det på denne måten. Den eine er at dei er redde for at ingen vil kjøpe boka dersom heile er tilgjengeleg for nedlasting, det andre er at dei trur dei kan skape meir debatt på denne måten.
Eg trur dei tar feil på begge områda. Eg har tenkt å kjøpe boka etter å ha lest ho. Det er ei bok eg gjerne vil ha, men eg kjem til å kjøpe ho på engelsk fordi eg blir litt sur på Samlaget. Eg trur få eller ingen bloggar om boka på bakgrunn av måten Samlaget gjer dette på. Kanskje blir det fleire kommentarar, men då om Samlaget sin framgangsmåte heller om dei viktige tema boka tar opp. Som i dette innlegget på NRK Beta.
Oppdatert: Heile boka er no tilgjengeleg hos Samlaget, takk til @abrenna for informasjonen.
One Reply to “Veslebror ser deg”