Categories
Feature Troms og Tromsø

Kulturskole og milde gåver

ht
Hålogaland Teater treng meir pengar for å skape gode teateropplevingar og stor kunst, men kven skal betale for det? Foto: Kongharald/Flickr.com

Det er sjølvsagt alltid fint for ein kommune når staten kjem med milde gåver. Det er likevel slik at mange av gåvene til spesielt eit departement stort sett alltid kjem med ein bismak. Det er gåver frå Kulturdepartementet.

Når kulturdepartementet gjev ei gåve eller ei løyving til ein institusjon som treng meir pengar, som Hålogaland Teater, eller Nordnorsk symfoniorkestar og mange andre institusjonar er det nesten alltid eit vilkår. Kommune og fylket må stille opp med matchingspengar, viss ikkje blir gåva trekt tilbake. Desse matchingspengane må kommunen og fylket ta frå sine eigne frie midlar. På den måten får institusjonane meir pengar, men kommunane og fylka blir fråtatt retten til å sjølv prioritere kva pengane skal brukast til. Dei er i ein tvangssituasjon.

Vi ser dette tydeleg i Tromsø, der rådmannen foreslår å auke foreldrebetalinga i kulturskolen for at kommunen skal ha råd til å stille med dei pengane som skal til for å få den milde gåva frå staten. I Troms må fylket stille med rundt fire millionar for å utløyse gåvene.

Ivar Johansen skriv på sin blogg om ein rapport om deltaking i kulturskolane. Denne viser i følgje Johansen at det er dei velbeslåtte som deltar. Han skriv:

Forklaringen på at fattigdomsutsatte barn og unge i mindre grad enn andre barn og unge ser ut til å delta i kulturskoletilbudet, er flerdelt. Prisnivået ser ut til å være en sentral forklaring. Moderasjonsordninger og friplassordninger fører til øket deltagelse. Bredde i tilbudet ser ut til å virke svært positivt på deltagelse fra ulike grupper i samfunnet.

Eg synst dette er ein fullstendig urimeleg praksis av staten. Staten må prioritere pengane slik staten meiner er fornuftig, og dte er fornuftig å auke løyvingane til HT og andre. Men staten bør ikkje stille kommunane og fylka i ein slik tvangssituasjon. Dersom staten og departementa faktisk meiner ta dei kommunale pengane skal brukast på denne måten får dei stå for det og heller redusere dei statlege løyvingane til kommunane og fylka tilsvarande heller enn å tvinge kommunane på denne måten.

Eg vil på det sterkaste oppfordre kommunen, dersom valet står mellom kulturskole og institusjonar for vaksne å seie nei til kulturdepartementet sine milde gåver. Så får staten ta valet. Skal vi stryke løyvingane eller ikkje?

Eg synst dette er spesielt ille fordi mange av dei institusjonane som ligg i Oslo ikkje er behefta med slik samfinansiering. Kanskje fordi Oslo er så fattig?

Categories
Twitter Uncategorized

Mine kvitter denne veka

  • Fylkestinget diskuterer KOSTRA, vi bruker mykje pengar på utdanning. Det er bra. #
  • Gratulerer @SVparti @audunlysbakken @SVKristin med ny jobb og ønsker lykke til. Det trengst i tillegg til tæl og kunnskap. Det skal gå bra! #
  • @EllenOseth held eit godt innlegg om vatn generelt og Målselvvassdraget spesielt, les saksframlegget http://bit.ly/1uQpKJ #tromsfylkesting #
  • Der har fylkestinget samrøystes vedtatt å halde fram med samarbeidet i #NDLA og godkjent vedtektane for samarbeidet #tromsfylkesting #
  • RT @Thor_Egil: ser at Stoltenberg sammenlikner Audun Lysbakken med Einar Gerhardsen. Det er sannelig nye tider. #
  • Diskuterer Landsdelsutvalet, Frp vil legge ned det nordnorske samarbeidet! #tromsfylkesting #
  • @edvardsen Jau, i relaiteten er Frp mot nord-Noreg. Rart dei får så mykje stemmer her in reply to edvardsen #
  • RT @ktorbergsen: Fiskerinæringa fortjener sterkere tiltak! Håper den nye fiskeriministeren tar seg turen til Nord Troms 🙂 velkommen! #
  • Ein interessant kommentar til alle som synst skatten blir for høg http://bit.ly/2Dt8Zp – Begynte å grine da jeg ikke kunne bidra #
  • I dag var eg på Høgtun. Elevane arrangerte produksjonsvake i protest mot forslaget (mitt) om å flytte til B.foss. Eg vart imponert #
  • Har blogga om skattelister og likelønn her http://bit.ly/8QKa2 basert på ein artikkel i Bladet Tromso @nettdesk #
  • @audunlysbakken Du har ein stor jobb å gjere på likelønn framover, skattelistene seier sitt: http://bit.ly/8QKa2 #
  • @anders_horn Finn du eit der Erna bit Siv forsiktig i nakken hadde det vore enno betre in reply to anders_horn #
  • @anders_horn Det hadde vore interessant, om Erna var vampyr. Då skjønner eg korfor det var vanskeleg å få til samarbeid på borgarleg side in reply to anders_horn #

Powered by Twitter Tools

Categories
Video

Ei fortelling med smileys

Eg måtte berre dele denne, som eg fann hos IKT i læring. Ei helsing til alle som er redd for språkleg forfall.

Categories
Feature Troms og Tromsø

Skattelistene seier litt om likelønn i landet

Likelonn
Enno er det verd å gå i tog for likelønn i Noreg. Her er det sjukepleiarforbundet som demonstrerer. Foto: Tore Netland

Bladet Tromsø hadde ei svært interessant liste i går over inntekta til folk i Tromsø, sortert etter fornamn. Eg har dessverre ikkje funne lista på nett.

I Tromsø er Dag det mest lukrative fornamnet. Dagane i Tromsø tener i snitt 478612 kroner. På andreplass kjem Dagfinn også Stein. Det interessante er at det første kvinnenamnet ikkje dukkar opp før på 35. plass. Inger Lisene i Tromsø tener 322617 kroner, altså 150 000 kroner mindre enn Dagane. Gunvorene klokkar inn på 37. plass med 321409. Deretter må vi ned på 59. plass før neste kvinnenamn i form av Bjørg dukkar opp.

Blant dei 81 best betalte fornamna i Tromsø er det ni kvinnenamn.

Det er enno eit stykkje å gå før det er likeløn i landet.

Categories
Twitter Uncategorized

Mine kvitter denne veka

Powered by Twitter Tools