Skolestruktur i Troms

Under denne ganske kjedelege overskrifta skjuler det seg enormt med politikk. I Troms var utdanningssektoren underbudsjetter med 30 millionar kroner i 2009. Noko av dette har vi klart å dekke inn i løpet av året, og noko er tilført sektoren undervegs. Det er ingen tvil om dette ikkje kan halde fram. Vi kan ikkje bruke meir pengar enn det vi har. Til no har vi berga oss ved hjelp av eingongsmidlar, dvs seie ekstraordinære aksjeutbytte og liknande. Det kan vi ikkje basere oss på.

Då står vi tilbake med tre alternativ. Vi kan anten (a) overføre frå andre sektorar i fylket. Det vil i hovudsak seie veginvesteringar og kollektivtrafikk, (b) legge ned skolar og kutte i tilbodet eller (c) ein kombinasjon av dei to føregåande alternativa.

I dag la eg fram eit bakgrunnsdokument for diskusjon fram til fylkestinget i desember skal handsame budsjett og skolestruktur (Dokumentet finn du her). I dette dokumentet går vi gjennom trendane for folketalsutviklinga, og andre relevante faktorar for kostnader i vidaregåande opplæring i Troms. Troms har den nest dyraste vidaregåande opplæringa Noreg målt etter kostnad per elev. Det er bra, det som ikkje er like bra er at svært mykje av desse pengane er bunden opp i skolebygg og forvaltning. Innsatsen retta mot undervisning er vi ganske nøyaktig på landssnittet. Dersom vi skal kunne drive skolane i Troms på ein god måte med rom for utvikling av kvalitet og rom for å satse kraftfullt mot fråfallet må vi ha tilgang til ein god del meir pengar enn det vi no har. Vidaregåande skole i Troms har i ein periode med auke i elevtalet som burde medført ein kraftig auke i budsjetta reelt spart inn 20 millionar. Det går på kvaliteten laus og kan ikkje halde fram.

Alternativet til å gjere noko med skolestrukturen er å tilføre utdanningssektoren pengar frå andre sektorar. Det vil i hovudsak seie samferdsel. Utfordringa der er at og samferdsel har store utfordringar for 2010. Dersom samferdsel skal løyse både sine eigne utfordringar og frigje pengar til utdanning vil det bety rutekutt, mindre veginvesteringar og kraftig auke i billettprisen. Kutt i bussruter og auka billettpris er ikkje hyggeleg i tider då vi ønsker at fleire skal benytte kollektivtransport for å få gjort noko med klimagassutsleppa,

Dette er ikkje noko lett val, for å seie det forsiktig.

I bakgrunnsdokumentet om skolestruktur og tilbod. Viser vi fire konkrete måter vi kan spare pengar innafor utdanningssektoren i Troms.

  • Skolested Høgtun samlokaliseres med ”nye” Bardufoss.
  • Innsparing: 5 mill kroner per år
  • Skolested Skånland samlokaliseres med skolested Heggen
  • Innsparing: 6 mill kroner per år
  • Flytte en del av tilbudet fra Skjervøy til Nordreisa
  • Innsparing: 1-1,2 mill kroner per år
  • Legge ned restaurant- og matfag i Sørreisa.
  • Innsparing: 1,9 mill

Desse tiltaka gjer svært vondt. Eg har tidlegare kjempa med nebb og klør for å klare å halde oppe desse tilboda. Det forrige fylkesrådet fall på grunn av liknande forslag, og eg spelte ei viktig rolle i den diskusjonen. No ser eg at desse kutta kan bli vanskeleg å unngå. Vi jobbar framleis med andre og forhåpentlegvis mindre drastiske framlegg til innsparingar, men eg må innrømme at eg ikkje held pusten.

Det er likevel slik at debatten no må gå, både i SV og i dei andre partia om korleis vi kan løyse dei økonomiske utfordringane vi står framfor. I SV er nok grunnhaldninga at vi ønsker å tilføre skolesektoren meir pengar. Vi får sjå korleis den kampen går.

Eg tør ikkje forskottere kvar fylkestinget eller mitt eiga parti til slutt kjem til å ende opp. Men eg tør forskottere at det kjem til å gjere vondt uansett kva finger ein skjer i.

Eg vil gjerne høyre dine forslag til korleis vi bør gripe fatt i denne saka. Skriv i kommentarfeltet under.

Andre som bloggar om saka:

Leiaren i Troms SU – «Nedleggelse må være aller siste utvei»

Mine kvitter denne veka

Powered by Twitter Tools

Politi på tredemølle

Eg veit ikkje om det er berre eg som synst det er artig, men når regjeringa i Soria Moria går inn for meir politikraft ser eg for meg politifolk på tredemøller knytta til dynamoar. Kanskje er det ein del av satsinga på fornybar energi?

Politikraft er no likevel ikkje det viktigaste i den nye «Politiske plattform for flertallsregjeringen». Dokumentet inneheld mange spennande vegar for landet vårt å gå. Dei fleste fører framover, men nokre plassar går det og i feil retning. Eg vil likevel slå fast, at med utgangspunkt i valresultatet til SV så har partiet fått god uttelling.

Det er likevel klart at mange av dei positive formuleringane er upresise og ikkje så tydelege som eg kunne ønska meg. Det betyr at den politiske kampen ikkje er over, men at det blir daglege kampar for SV sine folk i regjering og på Storting for å fylle formuleringane med eit godt innhald. Eg håper dei vil få mykje hjelp både frå venstresida i AP, fagrørsla og andre organisasjonar. Det vil landet vårt trenge om resultatet om fire år skal bli bra. Magnus Marsdal har skrive interessant om denne problemstillinga her.

Det første eg merka meg med ståstad i nord er at regjeringa utvetydig slår fast at nordområda forblir den strategisk viktigaste utanrikspolitiske satsinga for landet, men og at dei seier om nordområdestrategien; «skal også legge vekt på næringsutvikling på land». Det er eit viktig punkt å ta med seg vidare. Skal vi vinne kampen mot oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja må vi ha betre alternativ å komme med enn satsing på reiseliv, sjølv om det og er viktig. Vi må kunne vise til alternative arbeidsplassar og ein visjon om næringsutvikling som vi i nord kan tru på. Eg trur ein stor del av dette må komme innafor ei indstrialisering av fornybar energi. Det vil seie energien i seg sjølv og produksjon basert på denne, men ikkje minst leverandørindustrien til tidevasskraft, solenergi (sjå på Glomfjord) og vindkraft. Her er det store mulegheiter som SV må utnytte. Det er heldigvis ei god opning for å satse på dette i regjeringserklæringa, også i kapittel fire om næringspolitikk. Det som er heilt sikkert at SV ikkje aleine kan få til denne industrialiseringa, eller aleine ta ansvaret for å kjempe mot innstramminga i asylpolitikken, eller aleine sørge for at den store miljøsatsinga. Vi kjem til å trenge hjelp frå mange rundt oss, og presset må settast inn mot Arbeidarpartiet.

Bård Vegar har skrive om Soria Moria 2, det har og  Audun og Hjorthen har eit artig bilete her.

Mine kvitter denne veka

Powered by Twitter Tools

Stormen Onday på Filipinene

Du kan lese bloggreaksjonar på Global Voices Online:

The latest disaster update from the government:

As of October 1, 2009, a total of 512,092 families or 2.5 million persons have been affected by Typhoon Ondoy. About 135,471 families or 686,000 persons are now staying in 726 evacuation centers. The total number of casualties is 324: 277 dead, 5 injured, 42 missing.

4,644 houses were damaged. There are 266 school buildings used as evacuation centers.

Er dette kontroversielt

Saera Khan kjem med gode, men ukontroversielle forslag i integreringspolitikken i dag. Foto: Harry Wad/Wikipedia

Dagbladet har i dag store oppslag om eit utspel frå Saera Khan om integreringspolitikken. Utspela blir av Khan framstilt som dramatiske og utfordrande. Det har eg problem med å skjønne.

Khan foreslår:

• Kontantstøtten må avvikles umiddelbart.

Godt forslag, som Frp er mot

• Gratis kjernetid i barnehage også for treåringer. Obligatoriske foreldremøter i skolen, og leksehjelp på dagtid.

Igjen eit godt forslag som Frp er delvis imot

• Full gjennomgang av familiegjenforenings- politikken for å bekjempe tvangsekteskap.

Nokon som er mot å bekjempe tvangsekteskap – anyone? Alderskrav er ein spennande diskusjon som vi må ta på nytt

• Hente erfaringer fra Canada, Nederland, USA, Belgia og Danmark.

Nokon som er mot å hente erfaringar frå andre land – anyone? Om vi skal gjere alt dei gjer det er ei anna sak.

• Bedre kvalitet på norskopplæringen.

Vis meg den som er mot dette

Og så kjem det raraste, Frp seier desse forslaga vil splitte SV og Ap. Det har eg vanskar med å forstå. Tvert i mot er det jo Frp som har problem med fleire av desse forslaga.

Oppdatert: Akhtar Chaudry svarer på innspela her

Exit mobile version