Forbudt å bli gravid?

Ho bør ikkje bli gravid i framtida, då kan det vere kakebua neste. Foto: MATEUS_27:24&25 /Flickr.com

Av og til kjem ein over ei historie som er for god til å sjekkast grundig. Eg las ei av dei i «Frankfurter Algemeine» her om dagen. I følgje artikkelen vurderer ein av dei amerikanske komandantane i Afghanistan å forby kvinnelege soldatar å bli gravide.

Bakgrunnen er at han meiner at ein del kvinnelege soldatar bevist blir gravidse for å bli sendt heim frå Afghanistan. Dette fortel oss i alle fall to ting. Det eine er at generalmajor Anthony Cucolo er  bekymra for moralen til troppane sine, og det er jo interessant. Det andre dette fortel oss er at amerikanarane slit med å finne nok soldatar. Cucolo seier:

„Ich brauche jeden Soldaten, den ich habe“, teilte Cucolo, der 22.000 Mann im Nordirak befehligt, dem Sender mit. „Jeder, der den Kampf vor der erwarteten Stationierungsdauer von zwölf Monaten verlässt, belastet seine Kameraden.“

Eg trur kanskje kan det vere viktig å kjenne si begrensing når ein skal lage reglar. Å forby graviditet trur eg er utafor det som står i menneskeleg makt. Det tar seg heller ikkje godt ut å slenge gravide kvinner i kakebua.

3 Replies to “Forbudt å bli gravid?”

  1. Johnny sa:

    Du klarte ikke engang å få navnet på avisa rett. Jeg tviler dessuten sterkt på at du leser verdens beste avis regelmessig. Det var virkelig bra du forsvant fra skolepolitikken, forresten. Hilsen vgs-lærer.

    1. Nei, du har heilt rett eg har glømt ein l i allgeimeine. Eg trur aldri eg har sagt at eg les avisa regelmessig, men eg les ho på nett innimellom.

      Det kan sikkert vere ulike meiningar om kor vidt det var bra at eg forsvann frå skolepolitikken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version