Iran – eit spørsmål om religion

Eit erobra politiskjold i Iran. Biletet er stole frå bloggen "Nakhana" http://nakhana.wordpress.com/2009/12/27/
Eit erobra politiskjold i Iran. Biletet er stole frå bloggen "Nakhana" http://nakhana.wordpress.com/2009/12/27/

Er alt det som skjer i eit muslimsk land eit spørsmål om religion? Spørsmålet tvinger seg fram etter at Dagsrevyen i går ba ein religionhistorikar om å kommentere det som skjer i Iran no om dagane. Korfor gjorde Dagsrevyen det? 

Iran er sjølvsagt eit teokrati – eit prestestyrt diktatur – men det som skjer der no, er så vidt eg kan klare å skjønne ikkje eit spørsmål om religion først og fremst. Dette handlar om noko heilt anna. Dette handlar om at folket er svært ungt. Dette handlar om at folk ikkje har arbeid. Dette handlar om at dei som har arbeid ikkje klarer å sjå noko utvikling og framtid. Dette handlar om basis og overbygning. 

Det regimet finst ikkje, og kanskje har det ikkje funnest  som over lang tid kan overleve ein situasjon slik UD beskriver på sine landsider for Iran

Arbeidsledigheten ligger i følge offisiell statistikk på om lag 11 %, men private økonomer og utenlandske observatører antyder at det nok dreier seg om 20 %. Hvert år kommer 800 000 unge og nyutdannede til i arbeidsmarkedet og i følge noen rapporter får bare halvparten av disse jobb. Ikke overraskende velger mange å forlate Iran, og det anslås at om lag 150 000 universitetsutdannede emigrerer fra Iran hvert år. 

I eit land som har store oljeinntekter er det ingen tvil om at dette ikkje kan vare. Folket har rett til å tru på arbeid og velferd, men blir nekta dette. Eit regime kan ikkje overleve med meir enn halvparten av ungdom og unge vaksne utanfor arbeidslivet. Dette skaper sinne som vil eksplodere om det ikkje lenger finst tru på at det blir ei positiv endring. Det er verd å merke seg at halvparten av folket i Iran er under 27 år (medianalderen i følgje CIA World factbook). Desse har aldri opplevd sjahen sitt styre eller revolusjonen i 1979. Når dei blir nekta innverknad gjennom røysteurna, vil dei få innverknad på anna vis. 

Eg trur regimet kjem til å falle og at det kjem til å skje før vi trur. Dersom regimet skal overleve må det sannsynlegvis bruke vald og undertrykking  som blir verre enn noko vi har sett til no. 

Så tilbake til der eg starta. Utan å seie noko stygt om Kari Vogt som svarte fornuftig og godt, så meiner eg Dagsrevyen burde hatt ein økonom eller statsviter i studio. Det ville dei hatt om dette gjaldt eit ikkje-islamsk land. 

Så vil eg sjølvsagt legge til at dette handlar om religion og kultur òg. Det handlar om ungdom som ikkje får uttrykt seg, ikkje får vere den dei vil vere og som manglar ei framtid. 

  • Dagbladet skriv om situasjonen her
  • og VG her

Ein video frå demonstrasjonane her:

5 Replies to “Iran – eit spørsmål om religion”

  1. Haakon sa:

    Næringsliv, innovasjon og forsning blir styrt av prestene.
    Derfor blir det stor arbeidsledighet. De ønsker ikke fokus på å skape, men på å holde tilbake slik at man ikke får andre maktfaktorer enn presteskapet selv.

    Derfor er religionen som ligger til grunn for den nevnte elendigheten.

    1. Det er sjølvsagt den styrande ideologien som ligg til grunn for dette – i dette tilfellet islam. Men det er ikkje noko prinsippiell grunn til at ikkje islam og teokrati skal kunne kombinerast med vekst og framtidstru. Sjå berre kva Kina har fått til. Ikkje noko demokrati, men med vekst og framtidstru for mange. Men misforstå meg ikkje, eg ønsker meg eit liberalt demokrati i begge landa og trur det vil vere best for folk.

  2. Haakon sa:

    Kina var kommunistisk og da var det et av verdens fattigste land.
    Akkurat som alle andre kommunistiske land.

    Om du ser på alle land som lar seg styre av islam er det ikke vekst og brudd på menneskerettigheter er heller regelen enn unntaket.

    Om du ser på land som har mange muslimer, men som ikke lar seg styre av det som f.eks. Malaysia ser du en helt annen samfunnsstruktur.

    Jeg er helt enig i at vi ønsker demokrati i slike land. Vi får krysse fingerne for at man får til landets egne politistyrker i Afghanistan og Irak og at revulusjonslysten i Iran er så stor at man kan kaste det grusome styret uten innblanding.

    Med det – godt nytt år.

  3. L M Austrem sa:

    Takk fot interessant og viktig informasjon.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.