Romfart

Bilete frå ein av romspaserturane til Christer Fuglesang. I går delte han nokre av opplevingane sine. Han la vekt på at når du ser jorda utanfrå ser du kor tynn og sårbar atmosfæren vår er. Foto: NASA 2006

I går hadde eg den store gleda å treffe den «norske» astronauten Christer Fuglesang på eit arrangement i regi av Norsk Romsenter. Som statssekretær har eg fått ansvar for departementet sitt arbeid med romfart. Eg klarer ikkje å la vere å assosiere dette med alle dei Science Fiction bøkene er har forlest meg på, men norsk romverksemd er mykje meir mundant enn hyperhopp og romkrig. Sjølv om russarane har gjort det heile litt spektakulært.

For Noreg er verksemda i rommet blitt svært viktig som industri, og aller mest fordi vi treng satelittane til å snakke saman, sjå på TV, kommunisere med skip og sjå kva som går føre seg både på land og i dei store havområda våre. Det er litt rart i grunnen at rommet og stjernane som vi har sett ut på og latt tankene flyge til er blitt ein arena for å sjå ned.

Eg gler meg til å jobbe meir med romverksemd framover, og håper at norsk deltaking i Gallioleo og andre europeiske romprogram skal gje norsk industri mange gode kontraktar framover. For i Noreg er det mange som er gode på å lage delane som får rakettane opp i lufta, og ikkje minst gode på å hente informasjon ned igjen. Begge områda har stort potensiale for vekst.

Korleis trur du vi best kan utvikle norsk romindustri?

2 Replies to “Romfart”

  1. Pål Brekke sa:

    Det var en flott tale du holdt under middagen. Ser frem til et godt samarbeide.
    Pål

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version