15 terrawatt er mykje straum. I dag produserer vi ca 140 terrawatt i Noreg i løpet av eit år. Femten terrawatt er kanskje det potensialet vi har for å produsere straum frå straumane langs kysten vår. Mykje av dette er utanfor Midt-Noreg der vi treng meir straum i framtida.
I går var eg i Harstad og besøkte Hydra Tidal og vart som som du skjønner imponert. Dei er i ferd med å sjøsette eit flytande kraftverk som vil om alt fungerer produsere 1,2 megawatt straum frå krafta i Gimsøystraumen.
Det blir spennande å sjå om dette fungerer og om ikkje dette kan bli eit viktig tilskott til produksjonen av fornybar kraft i Noreg. Eg er spesielt glad for at selskapet og gryndarar er nøgd med den støtta og hjelpa dei har fått frå Enova og Inovasjon Noreg. Men eg er alltid ute etter innspel på korleis verkemiddelapparatet kan bli enno betre til å hjelpe gryndarar og selskap til å skape verdiar, arbeidsplassar og spennande produkt. Kom gjerne med dine innspel i kommentarfeltet.
Det aller artigaste med å vere statsekretær i Nærings- og handelsdepartementet er å vere ute og treffe bedriftar. Eg blir stadig imponert over skaparkrafta, kunnskapen og stå på vilja i bedriftene. Både leiing og ansatte viser evne og vilje til å ta i bruk kunnskap og vere med på å skape framtida. Eg synst det lover godt.
Denne artige vesle filmsnutten fann eg på IKT i læring. Den er verd å bruke nokre minutt på. Sjølv om eg må innrømme at norsk bokbransje sitt forhold til e-bøker irriterer meg. I går fann eg ei bok eg hadde lyst til å lese. Eg søkte ho opp på nettet og var klar til å bruke eit par hundrelappar for å laste ho ned på mobilen min for å lese. Det var ikkje muleg.
Kjem eg til å gå på biblioteket eller på bokhandelen for å kjøpe/låne boka? Eg tviler.
Tapt sal for eit norsk forlag og ein norsk forfattar.
Om ti år kan du kanskje sette deg på toget i London og i løpet av to dagar vere framme i Beijing. Utanfor vindauga har du sett stepper, gamløe byar og kulturar fyke forbi i 320 kilometer i timen. Berre ein draum? Ikkje om vi skal tru på raportane i EUObserver. I følgje dei finst det no konkrete kinesiske planar om å bygge lyntog mellom Kina og Europa. Dei skriv:
China is exploring the possibility of extending its high-speed train network as far as Europe, potentially cutting rail travel time between London and Beijing to as little as two days. Officials hope to see the project completed over the next ten years, enabling passengers to travel the roughly 8,000 kilometre journey at speeds of up to 320 kilometres per hour.
Planane er meir enn luftige visjonar kan det verke som:
Wang Mengshu, a member of the Chinese Academy of Engineering and a senior consultant on China’s domestic high-speed railways said this month that work on the Southeast Asia line had already begun. «We have also already carried out the prospecting and survey work for the European network, and central and eastern European countries are keen for us to start,» Mr Wang said.
Men kanskje blir det berre vanlege tog og ikkje lyntog:
Chinese officials in Brussels were more cautious however. «I understand we want to improve our rail networks, potentially as far as Europe, but whether they will be high speed or not is yet to be determined,» said one source.
No må eg innrømme at eg er litt skeptisk og gjerne vil sjå utfallet av desse planane. Det vil vere nokre utfordringar med å få alle til å samarbeide. Gratis blir det heller ikkje. Men kinesarane er ikkje dei einaste som tenkjer på å bygge internasjonale togsamband for tida. Også finnane ser behovet for tog, spesielt med tanke på den store veksten i bergverksnæringa i Nord-Finland. Det er tale om å opne ei stor gruve i året framover, då trengst tilgang til hamner og transportårer ikkje berre mineralårer. Frå fisnk side er det laga eit prosjekt for jernbane frå Nord-Finland til Kirkenes. Eg fekk med meg desse planane på Kirkeneskonferansen i år, og du kan lese meir om dei hos BarentsObserver:
Timo Lohi from the Regional Council of Northern Lapland presented the study in Kirkenes and according to him the need for an Arctic Railway will be more and more apparent in the years to come. There are several mining projects in northern Finland which are about to be realized. In addition there is the extensive wood industry of northern Finland.
…
− This will be EU’s most important link to the north, and will be the Arctic corridor between the Baltic Sea and the deep water harbors of the Arctic Sea, says Lohi.
The port of Kirkenes is chosen because of the work which has already been done to establish a deep sea harbor. It is also the western end point of the Northern Sea Routh, and thus an important center for sea traffic in the Arctic.
Kanskje på tide å gå frå luftige visjonar til konkrete planar i Noreg og?
VG om at Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil gjeninnføre valfaget i ungdomsskolen. Eg trur dette kan vere med på å redusere fråfallet i den vidaregåande skolen og gje betre akademiske resultat for mange.
Då eg var fjorten var eg ein lesehest, og gjorde det ganske godt på skolen. Eg hadde tysk, matte og alle desse teoritunge faga, men eg hadde og eit valfag som het «Fiske og fangst». Anna kvar fredag bøtte vi garn, lærte om fiske, var på havet, tok båtførarprøve også bortetter. Eg trur at nettopp det avbrtekket frå den andre undervisninga var noko av det som gjorde det muleg for meg å lære både matematikk og norsk. Når Elisabeth Aspaker frå Høgre seier at valfag gjer at vi ikkje stiller krav til ungdomen så er det skivebom – men det er vi jo van med frå Høgre. Eg trur alle har behov for å bruke både hovud og hender for å fungere godt, men eg er heilt sikker på at fjortenåringar har stort behv for varisjon i kvardagen. Variasjon er eit grunnlag for den breie danninga som skolen skal bidra til og med på å gjere læringa betre. Og for dei som vil ha teori er det sikkert ingenting i vegen for å lage teoritunge valfag og. Men husk, teori kan lærast på mange måtar. Det er ingen grunn til at eit valfag med mekking av motorar ikkje skulle kunne lære elevane fysikken som gjer at motoren fungerer eller litt av matten som gjer at vi forstå fysikken.