"miljøframgong og næringsutvikling" ? Eg er redd for at nettoresultatet blir statssubsidiert næringsutvikling som ikkje kan bli berekraftig. Det blir større ressursforbruk, og null nettoeffekt på klimaet.

Debatt, Dag og Tid, Nr 10 12. mars 2010: "Ressurskrise kamuflert som klimakrise"

Klimakrisa er bra og motiverande for forsking og næringsliv. Det er sterke industri- og forskingsinteresser som konkurrerer om finansiering, avgiftsfritak og anna subsidiering. Eg trur at svært få av oss ser denne krisa som så akutt at vi vil ofre komfort og arbeidsplassar, stenge kolgruver og oljefelt, for å berge klimaet.

Energikrise har vi, i form av stagnert oljeproduksjon. Aukande etterspørsel i 2008 dreiv prisen opp mot 150 $ fatet. Det vart ikkje meir olje av det. 'Substituttane' som, ved varig høg oljepris skulle gjere oljen verdilaus, har ikkje vist seg. Eg er nokså sikker på at finanskrisa i 2008 og økonomikrisa vi ser i dag, er symptom på at vi er ved ’Limits to growth’, og truleg forbi. Dette er smertefullt for ein vekstbasert økonomi, og media er ikkje interessert i denne krisa.

Det som er ille i denne situasjonen er at ein del av tiltaka mot klimakrisa vil gjere vondt verre for energiforsyninga, og det utan å gi nokon ’klimagevinst’.

Eit eksempel frå kvotehandel: Idealistisk motivert kjøp av CO2-kvote, med garanti for at pengane skulle gå til vasskraftverk i Søramerika. I utbyggingsingsfasen, og etterpå, kan gi det betre økonomi i Equador, slik at dei får råd til å kjøpe litt fleire bilar, og brenne litt meir olje. Neppe mindre CO2-produksjon av det.

Elektrifisering av sokkelen? Det blir ikkje mindre CO2 av å brenne gass på land enn av å brenne den på plattforma.

Verre er den grøne energien frå jordbruket, med omlegging frå mat- til drivstoffproduksjon. Resultatet kan blir dyrare mat og svoltkatastrofer, utan at det blir mindre CO2 til atmosfæren av det heller. Biodrivstoff er blindvei som klimatiltak. ’Sveriges bioetanolfiasko’ påhttp://e24.no/kommentar/spaltister/holtsmark/arti… . Atmosfæren reagerer sameleis på CO2 frå fersk ved, som på CO2 frå gammalt kol. Det er TOTAL mengde av brent karbon som bestemmer mengda av produsert CO2. Med andre ord: Meir brenning av biobrensel gir meir CO2 til atmosfæren, ikkje mindre. Dersom det er viktig å redusere CO2-utslepp, så må vi redusere brenning – av alle hydrokarbon; av ved, kol, olje, og vi må stimulere CO2-bindinga med større grøntareal.

I tidsrommet 2004 – 2008 har Norge redusert olje- og gassproduksjonen slik at globale CO2-utslepp har gått ned med ca 4000 tonn pr time. Rart at ingen ’klimapolitikar’ peikar på dette som eit bidrag til å ’berge klimaet’! Denne reduksjonen er venta å akselerere i åra som kjem.

Det er ressurskrisa som er akutt, og verdas energibehov er langt frå metta. Vi (nokon) kjem til å brenne alt vi får ut. Biobrenselet vil kome i tillegg, og CO2-utsleppet frå dette er tilleggsbelastning på atmosfæren, ikkje ’gevinst’. Subsidiering av ’alternativ’ energi gir større energiforbruk, og ingen reduksjon av CO2- produksjon! Når det er sagt, så vil vi trenge bioenergi, vindkraft og andre energikjelder til å erstatte fossilt brensel. Men ingenting er i nærleiken av å erstatte olje som mobil energi. Vi må bruke ressursane rasjonelt: Olje til transport, gass og kol til stasjonært bruk og materialproduksjon – og bioenergi til mat og varme. Vasskraft og vindkraft treng vi, men eg trur ikkje det er fornuftig å stimulere til større forbruk ved å subsidiere utbygging.

Økonomisk stimulans, til innovasjon for å løyse økonomikrisa, for å få ny fart på næringslivet, og for å berge klimaet, kan minne om ’full gass’ i ein trafikksituasjon med dårleg sikt, der vi normalt ville vurdere å bruke bremser og ratt.