Ivar: interessant og utfordrande kommentar som fortener betre svar enn det som kjem her. Eg trur på mange måtar at det ikkje er så interessant å diskutere om dette er ei miljøkrise eller ei klimakrise. På mange vis blir konsekvensane det same. Vi må uansett utvikle ny og meir miljøvenlege energikjelder og energibærarar. Olje er eksepsjonelt nyttig som drivstoff i bilar. Det er mykje energi i høve til volum og vekt. Samstundes trur eg ikkje det er nokon tvil omat straum har eit stort potensial og det kan produserast på fornybart vis. Og anten dette er ei miljø eller energikrise må vi avgrense bruken av olje til der det er heilt naudsynt.

Om bioenergi er miljøvenleg finst det ikkje eit svar på. Det kjem an på skogskjøtsel og mykje anna. Om ein driv uttaket av tømmer på ein slik måte at gjenveksten blir mindre eller skogbotn avgjer lagra co2 i humus eller torv er det heilt klar negativt. Det er og slik at ein veksande skog utan uttak bitt CO2, men også denne skogen døyr og avgjev CO2 i forråtningsprosessen.