Kva fortel EXPO 2010 om Kina?

Den kinesiske paviljongen på Expo 2010
Kva fortel verdsutstillinga oss om kva land Kina ønskjer å vere. Dette biletet viser den kinesiske paviljongen. Foto: Bert van Dijk/http://www.flickr.com/photos/zilpho/

EXPO 2010 i Shanghai er ei enormt opplegg. Verdsutstillinga har kosta 45 milliardar dollar berre for den delen som handla om infrastruktur i Shanghai og å gjere byen vakrare. Eg meiner det er interessant å sjå korleis Kina vel å eksponere seg sjølv på denne utstillinga. Kina reknar med at utstillinga kjem til å ha over 100 millionar besøkande – mange frå utlandet – men dei aller fleste er innanlandske turistar i Kina.

Hovudtemaet for den kinesiske paviljongen er flukta frå landsbygda og korleis byen og industrien er grunnlaget for deg gode livet. Dette gjenspeglar seg i mottoet for utstillinga som er ”Better cities – Better life”. Paviljongen er eit syn i seg sjølv. Den er over 60 meter høg og er delvis inspirert av eit gamalt kinesisk rismål. Men kva er det då som finst inni denne paviljongen – kva vil Kina at vi skal ta med oss heim.

Eg hadde dessverre ikkje tid til å utforske heile paviljongen grundig, men eg fekk med meg dei viktigaste utstillingane. Det var særleg to tablå eg oppfatta som viktige. Det eine var ein animasjon av eit av dei mest kjente kinesiske måleri nokon sinne. Det originale måleriet er over 128 meter langt og viser  den kinesiske landsbygda og den kinesiske byen for 2000 år sidan (Wikimedia Commons har biletet her, fila er stor over 12 Mb). Dei vil seie oss noko om at byen har ei lang historie i Kina og ayt det er byen som er grunnlaget for sivilisasjonen. Eg trur det er meininga at eg skal tenke at byen er sivilisasjon, og at sivilisasjon det er Kina.

Eit utsnitt av måleriet "Langs elva"
Eit utsnitt av måleriet "Langs elva under Qingming festivalen" Utsnittet er henta frå Wikipedia

Det andre viktige tablået er hovudfilmen på paviljongen. Filmen handlar om ein ung, sterk, vakker og staut mann som heilt konkret spring frå landsbygda til byen saman med ei ung, sterk, vakker og staut jente. Saman bygg dei industri og infrastruktur – skaffar seg ting og pengar – får eit barn og barnet veks opp til ein vakker, sterk, staut, solidarisk og miljøopptatt ung mann. Og, nettopp dette med miljøopptatt oppfatta eg som sjølve punchline for filmen. Slik eg oppfatta bodskapen frå filmen var det. No har vi bygd industrien, vi har bygd vegar, toglinjer. Vi er blitt eller er i ferd med å bli rike, men dersom vi ikkje no tar til å tenke på miljøet rundt oss kan vi ikkje skape oss det gode liv. For det gode liv – i harmoni – slik det framstår for dei besøkande på paviljongen til Kina på verdsutstillinga i 2010 er eit liv i ein stor by som er grøn, med klår luft og i harmoni ikkje berre med partiet, kvarandre og staten, men og med miljøet rundt oss. Eg har ikkje klart å finne filmen på nettet. Legg gjerne igjen ei lenke i kommentarfeltet om du kjenn til ein plass den finst.

Denne bodskapen verkar det som er oppfatta av dei som driv byane i Kina. Eg har hatt møte med styresmaktene både i Shanghai og Ningbo (ein liten by med 10 millionar innbyggarar tre timar utanfor Shanghai) og begge plassane var det ikkje nokon tvil om at dei var genuint interessert i miljø og at dette var ein integrert del av korleis dei planla framtida for byane sine. Dei var opptatt av energi, energieffektivitet og bruk av kunnskap for å nå miljømåla sine.

Det er ingen tvil om at Kina er eit schizofrent land på mange måtar, og vil måtte vere det i mange år framover. Det vil bli bygd enormt med kolkraftverk og vegar framover for å sørgje for vekst i økonomien, men det er heller ingen tvil om at Kina vil kome til å legge stor vekt på miljø framover. Dei første off-shore vindmøllane er bygd, og fornybar energi i form av geovarme og vind vil bli stort i Kina framover.

Eg sit igjen med ei positiv og håpefull kjensle for miljøet på bakgrunn av det eg har sett i Kina. Kva trur du, er kjensla mi feil?

3 Replies to “Kva fortel EXPO 2010 om Kina?”

  1. Synes analysen din er god. Alltid kult at «små» byer i Kina har 10 mill. innbyggere. Økonomiske veksten og kullkraftverk har vel en lik stigende kurve, og vil det i mange år fremover.

  2. Takk for det Magnus, sjølv om eg alltid blir i tvil om eg har rett dersom du er samd. 😉

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.