Belgia er eit plaga land. Då tenkjer eg ikkje på at dei ikkje klarer å skaffe seg ei regjering. nokre vil kansskje hevde at det er ein fordel for eit land. Eg tenkjer heller ikkje på at landet kan vere i ferd med å bli delt i to. derimot tenkjer eg på trafikken.
I tillegg til den vanlege trafikkorken som du finn i dei fleste store byar i verda er Belgia og Brussel plaga med at dei er EU-hovudstad. Det betyr besøk av utanlandske notabilitetar nesten kvar dag.
Det er sjølvsagt hyggeleg å få besøk, men når dei som er på besøk jagar vek lokalbefolkninga frå vegane. Det er heller ikkje slik at det berre er når statsleiarar kjem at du blir jaga av vegane. Også når ministrar og skarve statsekretærar møtes til uformelle møte skjer det noko på vegane.
Denne videoen tok eg på morgonkvisten i dag på veg inn til Brüssel. Hadde eg budd og jobba hadde eg nok blitt sur om dette skjedde til stadigheit, og kanskje nok eingrunn til at vi ikkje bør bli medlem i EU. Tenk deg situasjonen i Oslo dersom Noreg hadde formannskapet og til stadigheit måtte jage folk av vegane for å få plass til kortesjar av svarte bilar.
Eg fann ingen video frå Brussel.
No er den på plass
JA, ja, har no sett verre trafikkork både i Brussel og i Oslo (og andre stader i Noreg). Trur vel EU og Norge er om lag like gode på trafikk-kork og køar??
Føler at denne er betimelig som kommentar her:
http://www.thedailyshow.com/watch/thu-september-3…
Hilsen fra en som har stått adskillige timer i kø mellom Brüssel sentrum og La Hulpe.
PS. Slik kjøring hadde ikke vært mulig i Norge – vi har for få kjørefelter på veiene… Omfanget av dette begrenser seg derfor av seg selv. Det er kun når XTREMEVIPs er på veien at man gjør noe – nemlig stenging av veien for all annen trafikk.
Jon Stewart, som alltid ein fatastisk kommentar