[…] Her i Noreg tar vi til å diskutere terrorhandlingane den 22. juli med litt større avstand. Eg synst Hanne Skartveit skriv interessant om ansvaret, sjølv om eg ikkje er samd i riktig alt. Interessant er og Dagfinn Nordbø si reise i Gudbransdalen. Kanskje sit ikkje den kreative klassa på kafe i byane og drikk Kaffe latte? Om det er interessant eller ikkje veit eg ikkje, men det kan kanskje vere verd å merke seg at den norske EØS-kontingenten går til å bygge kapell i Spania. Eg meiner å minnast at vi nettopp hadde ein diskusjon om utanlandske pengar til eit gudshus i Tromsø og. […]