Jorda har nok ressursar til at alle kan få dei treng, men ikkje nok til å tilfredsstille alle si grådigheit, i følgje Ghandi. Dette er utgangspunktet for ghandisk ingeniørtenking. Utgangspunktet er at vi må tenkje heilt nytt om korleis vi bygger ting, om vi skal kunne gje alle på jorda eit godt liv.
TED har mange gode foredrag tilgjengeleg. Nederst i denne posten finn du ein om dette temaet. korleis bygge ein bil som blir så billig at dei som i dag fraktar heile familien på motorsykkel kan heller frakte dei i ein trygg bil? Korleis lage protesar som er billige nok til at dei som lever på mindre enn to dollar om dagen har råd til dei? Og, korleis utvikle medisinar som er billige nok til at alle har råd til dei?
Svaret på desse spørsmåla er at vi må gjere ting billigare. Ikkje 10 eller 20 prosent billigare, men billigare med ein faktor av 10 eller til og med 100. Det betyr nok at sjølve innovasjonsprosessen slik vi er van med å tenkje på han i Noreg og dei fleste andre stader i verda må endrast. I staden for å ta utgangspunkt i korleis teknologien og prosessen er i dag og prøve å gjere den betre må vi ofte forkaste måten vi arbeider på, og løyse problemet på nytt og frå skrætsj.
Dette er ei stor utfordring for alle etablerte organisasjonar, både private bedrifter og offentlege verksemder. Dersom vi skal tenkje ghandisk vil vi måtte endre heile måten vi tenkjer på. Det er ikkje berre vanskeleg, men ofte nesten umuleg. I det private skjer dette ofte gjennom at det oppstår nye bedrifter som tar i bruk dei nye måtane å tenkje på. Dei gamle må enten endre seg eller døy. Dessverre er det alt for sjeldan i det private at slike nye måtar å tenkje på blir skapt, og enno sjeldnare at dei finn kapital og kunnskap nok til å vekse. Det må vi prøve å finne ei løysning på, vi treng fleire bedrifter som er radikalt nye i det dei gjer.
Men, kanskje er dette ei like stor utfordring innafor offentleg sektor. Det er ikkje slik at at nye idear fører til at det blir etablert nye kommunar som utkonkurrerer dei gamle om nokon finn opp ein ny og betre måte å levere velferd på.
Kanskje er noko av svaret på denne utfordringa i det offentlege at vi må bli betre til å legge til rette for sosiale entreprenørar både innan dei eksisterande organisasjonane og heilt utanfor det eksisterande.
Eg har stor tru på at folk slår seg saman, for å i lag skape løysningar på dei utfordringane folk har i dagleglivet. Dette kan vere med på å skape nye måtar å arbeide på og gjere ting på som offentleg sektor kan lære av.
Eg har sans for at vi må legge til rette for at ideelle organisasjonar og kooperativ kan vere med på å skape nye idear for korleis velferden og velferdsstaten skal utvikle seg vidare. Eg trur offentleg sektor treng innspel og utfordringar utanfrå. Så er utfordringa å finne måtar å gjere det på som ikkje leier til privatisering og at velferden blir flytta ut av demokratisk kontroll.
Paul Chaffey skriv interessant om sosialt entreprenørskap her.