Eit mirakel i Nordlys

Turmalin
Turmalin
Turmalin er eit krystall som ofte blir brukt til smykke. Namnet kjem frå Sri Lanka og stoffet er hovudbestandelen i den mirakuløse japanske vulkansteinen. Foto: Chris Ralph/Wikipedia Commons

I Nordlys i dag (22.02.11) kan vi lese om bedrifte Bioform i Sørreisa som «vil legge landet for sine føtter med en ny form for akupunktur». Denne akupunkturen skal vistnok fungere gjennom at du limer japansk vulkanstein på kroppen.

Eg må innrømme at skepsisalarmen går av for fult hos meg. Det er derfor ikkje så lite underleg at journalisten ikkje finn det på sin plass å stille eit einaste kritisk spørsmål til dei som er intervjua, eller ikkje kontaktar fagmiljøet på Universitetet eller UNN om denne medisinske revolusjonen er fagleg forankra.

Dersom vi går inn på bedrifta sine heimesider for å finne ut meir om desse japanske vulkansteinane, så kan vi lese:

«Denne akupunktur ion-kulen er et mirakuløst nytt materiale som virker som et negativt ion, med langtrekkende infrarød aktivitet. Den absorberer de overladede smertefulle områdene eller punktene på kroppen. Og den har de nødvendige egenskaper for å kunne lindre plager og ubehag.»

Eg må innrømme at for meg framstår dette som det reinspikka sprøyt. «Langtrekkende infrarød aktivitet» er kanskje det underlegaste. Infrarød stråling er det same som varmestråling, så korleis skal denne kunne vere langtrekkande, og korleis skulle dette kunne hjelpe mot plager?

Eit negativt ladda ion, er eit atom med negativ elektrisk lading, og noko vi har rundt oss heile tida. Dersom du for eksempel har litt salt (NaCl) i vatn vil det løyse seg opp i Na+ og Cl- ionar. Korleis dette skulle kunne hjelpe mot smerte er vanskeleg å forstå. Forøvrig er turmalin som desse vulkankulene er laga av eit piezoelektrisk stoff, og så vidt eg kan sjå ut frå artikkelen i Wikipedia er det eit positivt ladda stoff. Men her er eg open for at det er noko eg ikkje har forstått.

Men mirakuløst er det vist, og det må det nok vere om dette skal hjelpe.

Det mest utrulege med produktet er likevel at det hjelper mot så utruleg mykje, igjen i følgje nettsida til Bioform:

– Ubehag ved mageproblemer
– Nysing – allergi
– Smerter ved hoste
– Ubehag fra tennisalbue
– Trøtte & anspente øyne
– Kraftige smerter i nedre rygg
– Kraftig hodepine
– Kne smerter
– Problemer med å løfte armene
– Abdominal ubehag etter trening
– Skulder smerter
– Smerter før og under menstrasjon

Det er ganske fantastisk at dette vidundermiddelet ikkje er i utstrakt bruk i norske sjukehus dersom det var veldokumentert gjennom 50 år i Japan slik vi kan lese i Nordlys. Det er jo ikkje slik at Japan er på ein annan planet der vi berre kommuniserer kvart femtiande år.

For meg framstår artikkelen i Nordlys som rein tekstreklame for eit produkt som det er usannsynleg at det verkar og berre er med på å lure pengar frå lettlurte folk. Eg forventar meir frå den største avisa i unverisitetsbyen Tromsø.

Les og Martin Ystnes sin kritikk her

Baseskolar eller klasserom – himmel eller helvete?

Hovudinngangen på Langnes skole

Hovudinngangen på Langnes skoleEi av dei store utfordringane med norsk skolepolitisk debatt, og den debatten som går i Tromsø no om baseskolar er at den handlar om absoluttar. Anten er du for baseskolar, kreativitet og samarbeid eller så er du for klasseromskolar, disiplin og pugging. Slik er sjølvsagt ikkje verkelegheita. Vi treng ikkje sjangle frå den eine grøfta til den andre.

Eg og SV meiner at det ikkje er arkitekturen som skal bestemme pedagogikken. Målet må vere å bygge skolar som er fleksible nok til at pedagogikken og undervisninga til ei kvar tid kan utnytte rom på ein måte som gjer læringa for elevane best muleg.

Skal vi få det til kan vi ikkje bygge reine klasseromsskolar, for vi treng små grupperom og vi treng rom der fleire kan vere saman. Vi kan sjølvsagt heller ikkje bygge berre eit stort rom der alt skal foregå.

I SV meiner vi at kvart fag og kvar elev og elevgruppe må undervisast på ein måte som gjev best muleg resultat. Av og til betyr det klasserom og 30 elevar på rad, av og til betyr det små grupper og prosjektarbeid, av og til betyr det store basar og ein sjeldan gong kan det betyr forelesningar for store grupper. Utfordringa er å bygge ein skole som kan gje rom for alle, eller flest muleg av desse undervisningsformene slik at fagfolka i skolen saman med foreldra kan sørge for eit undervisningstilbod som gjer at kvar einskild elev når sitt potensiale i kunnskap, i kreativitet og i samarbeid.

Det som er heilt sikkert er at elevane treng trygge og stabile rammar rundt undervisninga, og at dei treng trygge og fagleg sterke lærarar. Det treng dei uavhengig av korleis skolen ellers er organisert.

Eg vil advare mot å la dette bli ein debatt for eller mot basar eller klasserom. La det bli ein breiare debatt om korleis vi legg til rette for skolar som tillet mange formar for undervisning – for å best nå alle elevar. Ofte vil det vere klasserom, men ikkje alltid.

Manglar og forbetringar i utkast til prinsipprogram

Slik eg les det er det to store manglar med forslaget til nytt prinsipprogram for SV som landsstyret har lagt fram. Det aller viktigaste er at det er heilt blotta for ein analyse av ei av dei viktigaste konfliktlinjene i norsk politikk, konlikten mellom by og land, mellom sentrum og periferi. Den andre store mangelen er mangelen på tankar om korleis vi kan organisere bedrifter i framtida på ein måte som både tar omsyn til effektiv drift og bruk av marknaden der det er naudsynt og gjer noko med makttilhøva mellom eigar og tilsett. Der trur eg samvirkemodellen er ein viktig veg framover. Det kan og vere verd å peike på at eg synst partiet kan tillate seg litt større teknologioptimisme enn det vi ser i utkastet til program.

Når dette er sagt vil eg understreke at det er eit godt utkast vi har fått å jobbe med.

Under finn du nokre av dei endringsforslaga eg tenkjer å sende inn. Eg vil gjerne ha tilbakemelding frå deg på korleis eg kan gjere dei betre og meir relevante.

Ny tekst inn på linje 313. Her prøver eg å seie noko om skilnaden i makt og pengar mellom ulike delar av landet. Eg tar gjerne mot innspel på korleis teksten kan bli betre, for den er ikkje heilt god no.

I Noreg er det store skilnader mellom sentrale område og distrikta. Inntektene er høgare i byane enn i distrikta og eigarskapet til kapitalen sit i stor grad i byane. Dette er med på å skape ulikskap i makt, innverknad og mulegheit til eit godt liv basert på kvar du er busett. Kapitalstraumane går frå distrikta til byane, likeins går flyttestraumane same veg. Vi ser at eigarskapen til naturressursane som fisken blir samla på færre hender enn før og at dette sparkar beina under mykje lokal næringsaktivitet.

SV vil legge til rette for ei god økonomisk utvikling i alle delar av landet, mellom anna gjennom at ein større del at verdiskapinga frå naturressursane blir der den er skapt.

Linje 361, her prøver eg å seie noko om mulegheiten for samvirkebedrifter og korleis desse kan nyttast i ein strategi for å fjerne skillet mellom kapitaleigarar og arbeidarar. Hjelp meg å gjere denne teksten betre.

Ein naturleg måte å bryte ned skilnaden i makt og inntekt mellom dei som arbeider og dei som eig kapitalen er at dei som arbeider samstundes eig bedrifta. Samvirkeorganiseringar av ulikt slag har vist seg å skape effektive bedrifter som kan konkurrere i marknaden og samstundes skaper mindre skilnader mellom folk og gjev dei som arbeider i bedrifta større styring med bedrifta og eigen kvardag. Samvirkebedrifter vil kunne utnytte marknadsmekanismar der det er naturleg utan å samstundes skape eit skille mellom kapitaleigarar og arbeidarar. SV vil derfor legge til rettet for samvirkebedrifter av ulikt slag.

Linje 91, teknologien skaper mulegheiter, forslag til tillegstekst.

Dei enorme teknologiske framstega dei siste hundre åra har gjeve mange menneske eit betre liv. Det er ingen tvil om at den teknologiske utviklinga også framover vil bli grunnleggande viktig for å skape rikdom og løfte folk ut av fattigdom. Samstundes vil teknologien gje mange menneske eit betre liv sosialt, medisinsk og materielt.

Linje 221, ein litt for einsidig tru på miljøteknologi

I dag står det i programutkastet: Satsing på miljøteknologi kan kompensere for en reduksjon i oljeaktiviteten. Dette er nok berre delvis riktig, eg meiner det hadde vore betre om vi skreiv: Satsing på miljøteknologi kan saman med vekst i andre næringer kompensere for en reduksjon i oljeaktiviteten.

Linje 247, ikkje berre kreativitet også grunnleggande kunnskap. Her vil eg gjerne legge til etter setninga sluttar at. Til grunn for dette må det ligge ein gunndig faktabasert kunnskap i sentrale emne.

Det er sjølvsagt svært mykje ein kunne gripe fatt i eit slikt program, og det hadde sjølvsagt sett heilt annleis (og sikkert dårlegare ut) om eg skulle skrive det frå botn av, men eg meiner at nokre viktige perspektiv kan bli betre.

Kva trur du?

Nye land i Afrika

Krøtter i Somaliland
Krøtter i Somaliland
Eksport av krøtter til Midt-Austen er i tillegg til pengar diasporaen sender heim den viktigaste inntektskjelda for Somaliland. Her pløying med oksar i Gabilay eit stykkje frå Hargeisa. Foto: Wikipedia Commons/kbomer

Sør-Sudan blir det nyaste landet i Afrika, etter at ei folkerøysting gav som resultat at 99 prosent røysta for lausriving frå Sudan. Eg trur dette er bra, eg er for sjølvstyre. Det internasjonale samfunnet har då og i all hovudsak applaudert den nye staten. Sør-Sudan har mange problem, og det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at landet kollapsar. Likevel blir landet akseptert i den internasjonale familien.

Eg er derfor forundra over at ikkje Somaliland blir akseptert på same viset. Somaliland lausreiv seg frå Somalia i 1991. Sidan den tid har landet i hovudsak vore i indre fred – i motsetnad til resten av Somalia. Det har vore gjennomført val og fredelege maktskifte. Staten har kontroll og hindrar til dømes piratar å etablere seg i området. Det har vore grensekonfliktar med Puntland, ein annan autonom del av Somalia, og grensene er ikkje hundre prosent akseptert. Det kan bli ei utfordring for ein ny stat.

Eg trur det er på tide at Noreg og andre tar Somaliland inn i familien av nasjonar på linje med andre. Kunne vi gjere det med Kosovo, med Sør-Sudan, og etterkvart med Palestina er det vel på tida og å gjere det med dette demokratiske muslimske landet? Eg trur dette er samfunn som treng støtta vår – og fortener den.

Motargumentet er at du opnar opp ei heil Pandoras eske av slike prosessar om du slepp det fri. Grensene i Afrika er basert på kolonigrensene og ikkje alltid fornuftige ut frå kulturelle eller lingvistiske grenser. Eg trur ikkje det blir eit stort problem, hovudsakleg fordi dagens Somaliland var ein eigen koloni – Britisk Somaliland – og at ein derfor godt kan seie at det framleis er kolonitidas grenser som tel.

Kva seier du Gahr Støre?