Nye land i Afrika

Eksport av krøtter til Midt-Austen er i tillegg til pengar diasporaen sender heim den viktigaste inntektskjelda for Somaliland. Her pløying med oksar i Gabilay eit stykkje frå Hargeisa. Foto: Wikipedia Commons/kbomer

Sør-Sudan blir det nyaste landet i Afrika, etter at ei folkerøysting gav som resultat at 99 prosent røysta for lausriving frå Sudan. Eg trur dette er bra, eg er for sjølvstyre. Det internasjonale samfunnet har då og i all hovudsak applaudert den nye staten. Sør-Sudan har mange problem, og det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at landet kollapsar. Likevel blir landet akseptert i den internasjonale familien.

Eg er derfor forundra over at ikkje Somaliland blir akseptert på same viset. Somaliland lausreiv seg frå Somalia i 1991. Sidan den tid har landet i hovudsak vore i indre fred – i motsetnad til resten av Somalia. Det har vore gjennomført val og fredelege maktskifte. Staten har kontroll og hindrar til dømes piratar å etablere seg i området. Det har vore grensekonfliktar med Puntland, ein annan autonom del av Somalia, og grensene er ikkje hundre prosent akseptert. Det kan bli ei utfordring for ein ny stat.

Eg trur det er på tide at Noreg og andre tar Somaliland inn i familien av nasjonar på linje med andre. Kunne vi gjere det med Kosovo, med Sør-Sudan, og etterkvart med Palestina er det vel på tida og å gjere det med dette demokratiske muslimske landet? Eg trur dette er samfunn som treng støtta vår – og fortener den.

Motargumentet er at du opnar opp ei heil Pandoras eske av slike prosessar om du slepp det fri. Grensene i Afrika er basert på kolonigrensene og ikkje alltid fornuftige ut frå kulturelle eller lingvistiske grenser. Eg trur ikkje det blir eit stort problem, hovudsakleg fordi dagens Somaliland var ein eigen koloni – Britisk Somaliland – og at ein derfor godt kan seie at det framleis er kolonitidas grenser som tel.

Kva seier du Gahr Støre?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version