Som vi alle veit vann det republikanske partiet mellomvalet i USA sist haust. I norske media er det mest fokus på det som skjer i representantenes hus og senatet, men mykje av den mest interessante utviklinga skjer i dei ulike statane. Ved valet vann og republikanarane mange delstatval, og fekk fleire nye guvernørar. No byrjar desse høgrefolka å sette preget sitt på amerikansk politikk.
Fleire har sjølvsagt fått med seg situasjonen i Wisconsin. Republikanarane der har foreslått å forby kollektive avtalar mellom fagrørsla og staten. Det vil ikkje berre endre makta i samfunnet frå folkerørsler og grasrot til kapital og stat, men vil sjølvsagt og underminere fagrørsla. I tillegg er det der foreslått å fjerne mulegheita til at kontingenten i fagrørsla blir trekt direkte frå løna slik vi stort sett gjer det i Noreg. Det vil og vere med på å gjere det vanskelegare å halde oppe organisasjonsprosenten.
Denne videoen viser reaksjonen då senatet i Wisconsin gjorde vedtaket. Heldigvis er det no store kampanjar for å få erstatta nokre av dei senatorane som røysta for dette. Såkalla «recall». Eg håper dette fører fram.
Men det er ikkje berre i Wisconsin det skjer underlege ting. I min «heimstat», Michigan, der eg var utvekslingsstudent for lenge sidan har guvernøren gått lenger. Ikkje berre avskaffar han retten til kollektive avtalar, han er og i ferd med å skaffe seg myndigheit til å avsette lokale folkevalde. Han foreslår, og det kan sjå ut som han får fleirtal for å kunne avsette lokale folkevalde og innsette ein administrator dersom guvernøren meiner at ein kommune er i økonomiske vanskar (economic emergency), og ikkje nok med at administratoren overtar styringa av kommunen eller skoledistriktet. Hanjkan og legge ned byen og eller slå den saman med andre kommunar eller byar utan å spørre nokon. I tillegg er det ein diskusjon om styringa av kommunar i økonomiske vanskar faktisk skal leggast ut på anbud!
Sjå denne videoen for detaljar.
Tilsvarande, om ikkje like ille prosessar er på veg i mange statar styrt av republikanarane.
Eg skal ikkje samanlikne høgresida i Noreg med høgresida i USA, men det er liten tvil om at idear smittar, og at mange i Noreg og Europa blir inspirert av USA. Siv Jensen er ein av dei, ho seier til magasinet Standpoint:
I see Sarah Palin as a very strong and vital woman who can do good things for the US in future years.
Jepp, vi kan nok rekne med at høgresida vil vere negativ til fagrørsla og det som har bygd opp den norske velferden i framtida.
Eg skjønner ikkje alltid avstanden mellom prat og praksis. I praten raljerer Frp og Høgre mot offentleg byråkrati, i praksis innfører dei enno meir byråkrati i alle fall her i Troms fylkeskommune, og eg trur dette skjer rundt om kring i heile landet.
I Troms ser vi det no ved at høgresida saman med Sp har kjempa gjennom eit innkjøpsselskap for kollektivtrafikk. Ikkje nok med at vi skal anbodsutsette kollektivtrafikken, som vil medføre meir byråkrati, men i tillegg skal vi sette ut til eit nytt selskap å gjere innkjøpa. Så ikkje berre skal fylkeskommunen finne ut kva vi skal kjøpe av kollektivtrafikk, i etterkant må selskapet gjere same jobben på nytt.
På fylkestinget i dag og i går forsøkte vi i SV å gjere noko med dette. Men berre Raudt støtta oss i at innkjøpskompetansen burde fylkeskommunen ha sjølv. No skal rett vere rett, i første omgang er dette selskapet eit såkalla «fylkeskommunalt foretak». Det gjev større mulegheit for politisk kontroll enn vi ville hatt med eit AS.
Noko i dessverre har for lite politisk kontroll med er arbeidslivet. Nasjonalt (osloalt) har vi sett skandalen med Adecco på Ammerudhjemmet. Her nord har vi sett ein endå verre situasjon med utanlandske vikarar i fiskeindustrien. NRK Nordnytt skriv:
I forrige uke fortalte NRK om det litauiske selskapet «Altonas» som selvstendig har overtatt hele eller deler av driften hos flere fiskebedrifter.
En av konsekvensene er at en arbeider som skadet seg på Tufjordbruket i februar, nå lever på litt over tusen kroner måneden i litauiske sykepenger.
Dette er sjølvsagt heilt urimeleg, og eit soleklårt døme på sosial dumping som vi ikkje kan leve med i Noreg. Vi var mange i fylkestinget som ville reagere på dette, men det er stor skilnad på kor sterkt vi reagerte. Høgre, Arbeidarpartiet og Krf, foreslo og fekk vedtatt dette:
”Troms fylkesting forventer anstandig behandling av utenlandske arbeidere
Troms fylkesting har merket seg siste dagers medieoppslag hvor begrepet sosial dumping
har blitt brukt. Troms fylkesting forventer, på generelt grunnlag, at også utenlandske vikarer behandles anstendig og kan heve lønn i tråd med standard for norsk minstelønn. Troms fylkesting forventer at næringslivet i Troms har ryddige forhold overfor også utenlandske vikarer og arbeidstakere, slik at påstander om sosial dumping er grunnløse.”
Vi meinte dette var for svakt, sjølv om det er betre enn ingenting. Spesielt siste setninga kan nesten sjå ut som dei ikkje tar situasjonen på alvor. Vi foreslo då dette:
”Troms fylkesting forventer en anstendig behandling av alle arbeidstakere
Troms Fylkesting har merket seg de siste dagers medieoppslag om sosial dumping. Troms Fylkesting forventer at også utenlandske vikarer behandles anstendig. Fylkestinget forventer videre at norsk fiskeindustri betaler tariff også til også til vikarer. Om dette ikke skjer forventer Troms Fylkesting ei allmenngjøring av tariffen i industrien for å unngå sosial dumping. Troms fylkesting krever at næringslivet i Troms har ryddige forhold overfor utenlandske vikarer og arbeidstakere.”
Vårt framlegg fekk dessverre berre støtte frå Raudt og to representantar frå Frp (sic!). Så er det muleg å starte ein større diskusjon om allmenngjering av tariffavtalar. Men, vi har over lengre tid sett at bruken av utanlandsk arbeidskraft på dårlege løns- og arbeidsvilkår grip om seg i fiskeindustrien. Dette har NNN sett, og tatt initiativ til eit partsamarbeid for å få ein stopp på dette. Om det ikkje nyttar trur eg allmenngjering er einaste vegen å gå. Troms SV tok til orde for dette på siste årsmøte. I ein uttale som konkluderer med krav om allmenngjering seier årsmøtet:
På land bemannes særlig de store produksjonsenheter med utenlandske vikarer. Aksjonærer i «vikarbyråer» hever store utbytter etter å ha formidlet østeuropeisk arbeidskraft til fiskerinæringa. Dette tapper fiskerisamfunnene og arbeidsfolk for verdier som skulle vært brukt til å bygge samfunnet der arbeidsfolk er og verdiskapinga skjer.
Forøvrig er eg godt nøgd med å ha fått fylkestinget med på å kreve eit ekstremvêrfond frå staten som ein del av klimatilpassinga. Og, eg er glad for at eit samrøystes fylkesting støtta meg i at vi må vere på høgget for å få til utlån av e-bøker ved biblioteka i Troms.
Eg er mykje mindre nøgd med at fylkestinget har det så travelt med å få selt den gamle skolebygninga etter Skånland vgs. No jobbar kommunen med å få til ein statleg samisk vidaregåande skole på Evenskjer. Då burde fylkeskommunen kunne vente med å selje bygninga til den prosessen vart avslutta med det eine eller det andre resultatet. Det verkar nesten som fleirtalet på fylkestinget prøver å vaske hendene sine etter nedlegginga ved å kvitte seg med alle spor etter skolen. Ein ting er at dei har det travelt og ikkje ville utsette å legge skolen ut på den frie marknaden, men dei kunne heller ikkje ver emed på å vedta:
«Fylkestinget stiller seg positiv til det lokale initiativet for å starte en statlig samisk videregående skole på Elvemo, og ber fylkesrådet legge til rette for at skolen eller deler av den kan selges til dem for en symbolsk sum dersom planene lar seg realisere.»
Uansett, eg kosa meg godt med å kunne ta replikkar og debattere med liv og lyst utan å vere verken ansvarleg fylkesråd eller statssekretær
No er det på tide at vi bruker tida på noko anna enn å diskutere OL i Tromsø. I begge avisene i Tromsø er det i dag store oppslag om at skodda i Kollen gjer OL i Tromsø meir aktuelt. Eg meiner det ikkje er aktuelt å diskutere eit OL til Tromsø.
Tromsø har mange store utfordringar. Vi treng badeland og betre fasilitetar for mange idrettar. Då må vi konsentrere kreftene der, og ikkje bruke dei på ein fjern draum om OL ein gong i framtida.
Børre Lien seier til iTromsø (ikkje på nett) at:
— Det vi mangler er nordnorsk lederskap, vi har ikke det i Tromsø, vi har ikke det i Troms, ikke i Nordland, og ikke i Finnmark. Vi mangler en bjellesau.
Eg er usamd, vi treng eit politisk leiarskap som vil bruke tid på å utvikle byen og landsdelen på eigne premiss, ikkje gjennom å sleike nikkersadelen i Oslo opp etter ryggen. Husk, det er nokon som set bjølla på bjøllesauen og dei gjer det for i vite kvar sauen er til ei kvar tid.
Prosessen sist kosta i underkant av 60 millionar. Noko over tre millionar var kommunen sin andel. Desse utgiftene bør vi ikkje pådra oss ein gong til.
Men, dersom idrettsforbundet og regjeringa kjem og spør oss om Tromsø vil vere søkjarby til OL, ja så får vi ta debatten. Fram til då får den få lov til å ligge i ro.
I løpet av dei siste dagane har eg fått to skriv i postkassa som handlar om matvareprisar og matproduksjon. Først kom The Economist med ei stor sak om korleis vi kan klare å produsere nok mat til ni milliardar menneske i 2050, og i dag kom Nordlys (Nordlys si satsing på Apple produkt der ting berre er elektronisk tilgjengeleg på iPhone og iPad tar til å irritere meg skikkeleg, men det er ei anna sak) med si eiga lokale oppfølgjing av VGs matbørs.
Desse to ulike artiklane fekk meg til å tenkje litt. Korleis er samanhengen mellom pris og produksjon av mat? Eg er minst like glad i billig og god mat som alle andre, men eg er heilt sikker på at dersom bonden ikkje får ei skikkeleg inntekt så blir det ikkje produsert nok mat i verda.
Dei siste åra har vi sett store prisendringar på mat, der maten i to tilfelle har blitt svært dyr. Dette skaper store problem for dei fattigaste i verda, men det gjev og signal om at matproduksjonen i verda allereie er marginal. Det skal svært små forstyrrelsar i marknaden til før det gjev store utslag i matprisen.
Då synst eg det er litt skummelt at Noreg ikkje har skikkelege strateggiske matvarelager. I ei usikker verd, med krig og konflikt samt klimaendringar som potensielt vil kunne skape stor avlingssvikt så er det ikkje sikkert vi alltid vil kunne kjøpe det kornet vi treng. No er vi sjølvsagt så rike at vi stort sett alltid vil få tilgang på korn, men eg er likevel ikkje bekvem med at det einaste matvarelageret Noreg har er lagra på butikken og hos grosistane. Eg meiner vi burde ha lager for minst eit års forbruk i landet.
Men, det aller viktigaste matvarelageret er at vi har ein robust matproduksjon over heile landet. I både eit matvaretryggleiksperspektiv og eit perspektiv der det blir matmangel i verda bør vi halde oppe det norske landbruket over heile landet. Det betyr at maten vår må ha ein pris som gjer at ungdom har lyst til å overta og drive gardsbruk i Noreg.
I dag er det ca ein milliard menneske som ikkje har nok mat. Med tanke på at vi kjem til å bli to milliardar fleire menneske på jorda i løpet av dei neste 30 åra så betyr det at matproduksjonen må auke med 50 prosent i løpet av desse 30 åra. Det kjem til å bli vanskeleg.
Mykje kan gjerast gjennom at meir av maten blir spist og ikkje går tapt eller bli kasta. I dag mistar vi over 30 prosent av maten som blir dyrka. I fattige land går mykje tapt i dårleg logistikk, infrastruktur og lager. I den rike verda går mykje tapt gjennokm at vi kastar mat. Dette kan ikkje halde fram.
Men, dersom vi klarer å få bukt med overforbruk og tap på grunn av dårleg infrastruktur og klarer å auke produktiviteten særleg i Afrika til det nivået som er i India så trur eg det vil vere muleg å fø ni milliardar menneske på jorda. Føresetnaden er sjølvsagt at vi og klarer å få bukt med klimaendringane før dei reduserer jorda si evne til å produsere mat.
Korleis trur du vi skal klare å produsere nok mat?
I folketellinga i 2001 i Storbritannia erklærte meir enn 390 000 personar Jedi eller Jediriddar som sin religion. I USA er folketellinga kvart tiande år fastsett i grunnlova og i fjor måtte dei tilsette ein million mann for å få gjennomført folketellinga. Det er så mange at det vistes på statistikken over arbeidslause då tellinga var over. I andre land blir folketellinga brukt i politiske markeringar.
Russland gjennomførte og ei folketelling i 2010. I Russland vart det ganske så politisert kva ein skulle svare på spørsmålet om etnisitet i folketellinga. Eg synst det er svært interessant at det er blitt ein kampanje mellom dei som vi vanlegvis ville tenkt på som russarar i Sibir om at dei skal identifisere seg som sibirjakar i folketellinga.
Dette er eit teikn på stor grad av misnøye med Moskva i Sibir.
Russians living east of the Urals “no longer want to be Russians,” many there say, and Moscow commentators are beginning to consider the possibility that these Siberians may be a greater threat to the center’s control of that region with its enormous reserves of natural resources than the Chinese will ever represent. (http://windowoneurasia.blogspot.com/)
Dette er eit interessant og spennande utviklingstrekk i Russland. Eg trur ikkje det er noko umiddelbar fare for at det kjem til å utkrystallisere seg som ei rørsle for sjølvstende, men det er interessant korleis ei sterk sentralisering som den vi har sett i Russland utløyser motkrefter. Det blir enno meir interessant om vi koplar det mot utviklinga på det religiøse feltet.
But the rise of Protestantism in Siberia and the Russian Far East threatens not just the Moscow Patriarchate and its pretensions to speak for all ethnic Russians who it says are Orthodox by birth. It also represents a challenge to Moscow’s political control of the region, given that Siberian regionalism and Protestant religion can and do reinforce one another.(http://windowoneurasia.blogspot.com/2010/11/window-on-eurasia-protestant.html)
No veit vi jo ikkje enno kor mange som faktisk har skrive sibirjak i feltet for nasjonalitet i folketellinga. Resultata er ikkje klare enno, og vi veit vel heller ikkje om vi kan stole på desse tala.
One Irkutsk resident said in his blog that when he called himself a Siberian, “the census taker responded that ‘there is no such nationality’ and wrote down Russian. I forced her to write ‘Siberian,’” he continued, but she changed it so that the individual involved became “a Russian Siberian” and will undoubtedly be counted as an ethnic Russian.(http://www.kyivpost.com/news/opinion/op_ed/detail/86669/)
Det er heller ikkje berre i Sibir at det er politikk i kva nasjonalitet og etnisitet folk identifiserer seg meg. Også i Kaukasus er dette eit brennbart tema.
Det har vore ein diskusjon om sirkassarane og kva dei skulle kalle seg. Sirkassarane er tradisjonelt delt i fleire grupper, adygar, tsjerkessarar, kabaridianarar og shapsoughar. Tanken er at om alle desse gruppene identifiserer seg som sirkassarar i folketellinga i staden for i undergruppene vil det ha betydning for både pengeoverføringar og makttilhøve mellom gruppene i Kaukasus og vere med på å bygge oppunder ein nasjonal identitet. Dette bekymrar russiske styresmakter, fordi Sirkassarane har ein stor diaspora som kan skape problem under OL i Sotsji som er midt i det sirkassiske kjerneområdet.
2014 Winter Olympics in Sochi: there is a broadly accepted perception amongst the Circassians that Sochi was the last stronghold of the Circassians in their resistance to the Russian Empire’s conquest of historical Circassia. As such it holds a significant place in the collective Circassian consciousness. For this reason there was indignation at Putin’s speech to the International Olympics Committee in July 2007: he listed the ancient Greeks, Kolkhi and Cossacks amongst the former inhabitants of Sochi, but failed to make any mention at all of the Circassians. (http://www.opendemocracy.net/od-russia/zeynel-abidin-besleney/circassian-nationalism-and-internet)
Kanskje kan politikken i korleis folk let seg telle vere noko å i bakhovudet også i Noreg, og kanskje spesielt i debatten om det samiske i Noreg der folketellingar blir brukt som bevis.
Det er utruleg artig å vere nordmann i desse VM-tider. Medaljane strøymer på, og sanneleg vart det både sølv og bronse i dag. Det einaste eg lurer på er om vi kanskje er litt uhøflege?
Her inviterer vi til fest i Holmennkollen og gjestane kjem frå alle verdas kantar, også spiser vi nesten all kaka sjølv og lar det vere att berre smular til gjestane.
Trass alt godt at ein av gjestane fekk eit stykkje marsipankake i dag.