Demokratiet i USA

Rick Snyder er guvernør i Michigan og er i ferd med å avskaffe kollektive avtalar og skaffe seg makt til å avsette lokale folkevalde. Spreier dette seg til Noreg? Foto: wikimedia commons

Som vi alle veit vann det republikanske partiet mellomvalet i USA sist haust. I norske media er det mest fokus på det som skjer i representantenes hus og senatet, men mykje av den mest interessante utviklinga skjer i dei ulike statane. Ved valet vann og republikanarane mange delstatval, og fekk fleire nye guvernørar. No byrjar desse høgrefolka å sette preget sitt på amerikansk politikk.

 

Fleire har sjølvsagt fått med seg situasjonen i Wisconsin. Republikanarane der har foreslått å forby kollektive avtalar mellom fagrørsla og staten. Det vil ikkje berre endre makta i samfunnet frå folkerørsler og grasrot til kapital og stat, men vil sjølvsagt og underminere fagrørsla. I tillegg er det der foreslått å fjerne mulegheita til at kontingenten i fagrørsla blir trekt direkte frå løna slik vi stort sett gjer det i Noreg. Det vil og vere med på å gjere det vanskelegare å halde oppe organisasjonsprosenten.

Denne videoen viser reaksjonen då senatet i Wisconsin gjorde vedtaket. Heldigvis er det no store kampanjar for å få erstatta nokre av dei senatorane som røysta for dette. Såkalla «recall». Eg håper dette fører fram.

Men det er ikkje berre i Wisconsin det skjer underlege ting. I min «heimstat», Michigan, der eg var utvekslingsstudent for lenge sidan har guvernøren gått lenger. Ikkje berre avskaffar han retten til kollektive avtalar, han er og i ferd med å skaffe seg myndigheit til å avsette lokale folkevalde. Han foreslår, og det kan sjå ut som han får fleirtal for å kunne avsette lokale folkevalde og innsette ein administrator dersom guvernøren meiner at ein kommune er i økonomiske vanskar (economic emergency), og ikkje nok med at administratoren overtar styringa av kommunen eller skoledistriktet. Hanjkan og legge ned byen og eller slå den saman med andre kommunar eller byar utan å spørre nokon. I tillegg er det ein diskusjon om styringa av kommunar i økonomiske vanskar faktisk skal leggast ut på anbud!

Sjå denne videoen for detaljar.

Tilsvarande, om ikkje like ille prosessar er på veg i mange statar styrt av republikanarane.

Eg skal ikkje samanlikne høgresida i Noreg med høgresida i USA, men det er liten tvil om at idear smittar, og at mange i Noreg og Europa blir inspirert av USA. Siv Jensen er ein av dei, ho seier til magasinet Standpoint:

I see Sarah Palin as a very strong and vital woman who can do good things for the US in future years.

Jepp, vi kan nok rekne med at høgresida vil vere negativ til fagrørsla og det som har bygd opp den norske velferden i framtida.

 

[poll id=»3″]

 

3 Replies to “Demokratiet i USA”

  1. Haakon sa:

    I en konkurssituasjon er det fremdeles noen som tror at det er rom for streiker, lønnsøkninger, mer ferie, lavere arbeidstid og flere goder.

    1. Men oftast er fagrørsla sine krav i takt ed dei økonomiske realitetane

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version