Ski-VM og kake

Marit Bjørgen og Jens Stoltenberg lar det berre vere smular att til gjestane. Foto Statsministerens kontor lisens by-nd

Det er utruleg artig å vere nordmann i desse VM-tider. Medaljane strøymer på, og sanneleg vart det både sølv og bronse i dag. Det einaste eg lurer på er om vi kanskje er litt uhøflege?

Her inviterer vi til fest i Holmennkollen og gjestane kjem frå alle verdas kantar, også spiser vi nesten all kaka sjølv og lar det vere att berre smular til gjestane.

Trass alt godt at ein av gjestane fekk eit stykkje marsipankake i dag.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.

To respond on your own website, enter the URL of your response which should contain a link to this post's permalink URL. Your response will then appear (possibly after moderation) on this page. Want to update or remove your response? Update or delete your post and re-enter your post's URL again. (Find out more about Webmentions.)