Årets første hestehov

I dag såg eg for første gong hestehoven stikke hovudet opp. Det er alltid ei storhending når denne blomen kjem, det gjev energi og er eit løfte om at sommaren ikkje er så veldig langt unna. Dessutan har den jo eit fantastisk artig latinsk namn, tussilago farfara.

Litt irriterande er det sjølvsagt at hestehoven kjem no, når hostesesongen går mot slutten. Planten er frå gamalt av brukt som eit middel nettopp mot hosting. Tussilago betyr på latin «å fjerne hoste» og det var salige Linné som gav hestehoven det latinske namnet sitt.  Hestehovnamnet kjem kanskje av at blada kan sjå ut som ein hestehov?

Veit du meir om denne energigjevande blomen? Skriv gjerne i kommentarfeltet.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.

This Post Has One Comment

  1. Liv Marie Austrem

    Hurra for hestehoven, men eg finn ikkje noko kommentarfelt til videoen – ville berre seie: meir video – det er artig.