Irritasjon i 50

I påska så har eg køyrt bil og latt meg irritere. Eg har ikkje latt meg irritere av høge bensinprisar, dårlege vegar, hasardiøse forbikøyringar eller sniglekøyrarar, sjølv om eg godt kunne latt meg irritere av det og. Nei, det som har irritert meg nesten like ille som Siv Jensen er skilt. Nærmare bestemt skilt som er sett opp langs vegen for at vi skal redusere farta på grunn av vegarbeid.

Eg har full forståelse av at dei som jobbar langs vegen vil ha lågare fart hos oss som køyrer forbi, eg har full forståelse av at vegen kanskje ikkje tåler så stor fart akkurat medan arbeidet for å gjere vegen betre pågår, men kjære vegvesen, Mesta og andre entreprenørar. Korfor må vi køyre sakte når alle som arbeider er heime på velfortent påskeferie og når vegen slett ikkje er smalare eller dårlegare enn det som er vanleg på vegane.

No er det på tide at desse 50-skilta blir tatt ned når dei ikkje har nokon misjon. To gonger på vegen frå Salangen til Tromsø stod desse skilta langs vegen. Vegen var ikkje dårleg, og det var ingen som jobba der. Eg må få spørre, vil du som entreprenør eller som Statens Vegvesen ikkje at eg skal ha respekt for skilta de set opp? Det kan verke slik.

Så, kjære gode og snille vegentreprenør, om du vil eg skal slakke ned for vegarbeid, sørg no for at skilta blir tatt ned når dei ikkje har anna misjon enn å irritere.

 

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.