Krf og kontantstøtta

Kjell Ingolf Ropstad, ein forundra stortingsrepresentant frå Krf, ønsker å auke kontantstøtta til 10 000,- blanke kroner. Foto: Lillian og Lena/http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/bildegalleri

– Eg skulle gjerne hatt 10 000,- kroner frå staten, seier den lure borgaren

– Korfor skulle staten gje deg 10 000,- kroner, svarer den lett forundra stortingsrepresentanten frå Krf

– Jau, fordi eg ikkje bruker dette offentlege tilbodet som alle kallar barnehage, det må då vere verd noko, svarer den lure borgaren

– Å ja, ja sjølvsagt skal du få pengar for å ikkje bruke det tilbodet vi har bygd opp, men 10 000,- kroner er alt for lite, du skal sanneleg få 10 000,- kroner i månaden hos meg, kjem det frå Kjell Inge Ropstad, den forundra stortingsrepresentanten frå Krf

Den lure borgaren er sjølvsagt nøgd med svaret, kven vil ikkje ha pengar frå staten. Men han er ingen dumrian og tenkjer at eit tilbod som er for godt til å vere sant ofte er for godt til å vere sant. Det er kanskje verd å spørre den forundra stortingsrepresentanten om det er hakar ved dette tilbodet.

– Nja, seier den forundra stortingsrepresentanten til den lure borgaren, – Du får ikkje lov til å jobbe og betale skatt, det må andre gjere for deg. Du må og la ungane dine vere utanfor det sosiale miljøet som dei fleste andre ungane er i, og kanskje vil det føre til at ungane dine gjer det dårlegare på skolen i framtida.

Den lure borgaren tenkjer seg om ei lita stund. Han likte ikkje haka, men kanskje kunne det likevel vere ein måte han kunne skaffe seg desse 10 000,- kronene og likevel halde fram med å jobbe og tene pengar. – Du forundra stortingsepresentant, om eg leier inn ei litauisk barnepike til luseløn for å passe ungane mine medan eg er på jobb, kan eg då likevel få 10 000,- kroner i månaden av deg?

Den forundra stortingsrepresentanten tenkjer seg om i nokre sekund… – Ja, det burde vel gå bra, det viktigaste er jo at eg får gje deg pengar og at du ikkje bruker barnehagane.

Den lure borgaren smiler nøgd, stikk pengane i lomma, går på jobb og gjer karriere.

 

VG i dag

Politisk.no

3 Replies to “Krf og kontantstøtta”

  1. "Utanfor det sosiale miljøet som dei andre ungane er i"? Slutt å preik bullshit, då. Eg er 19 år og har aldri gått i barnehage – på grunn av og takka vere KrF. Det er ikkje opp til meg å avgjere om eg har gjort det dårlegare på skulen enn mine jamnaldringar, men eg tvilar på det. Utruleg usakleg kritikk!

    My recent post Kontantstøtten lenge leve!

    1. Tja, det er vel kanskje litt sleivsparkaktig, men det er ein samanheng mellom skoleprestasjonar og språkutvikling, og mellom språkutvikling og barnehagar, anten du liker det eller ei

    2. Anne Valle Tangen sa:

      Du har kanskje kreativer krefter rundt deg som har gitt deg et godt språk, kunnskap om samfunnet, kanskje til og med gode lekekamerater- i din barndom- der du gikk uten barnehagetilbud. Men har du tenkt over at det er tusenvis av innvandrerbarn som aktivt holdes utenom alle disse godene du fikk i din barndom- bare pga penger/kontantstøtta? Å være så skråsikker ut i fra kun egen erfaring er et dårlig eksempel på at "kontantstøtta lenge leve".

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version