Vegane i Tromsø

Det har naturleg nok blitt ein kjempedebatt om asfalt og vegkvalitet i Tromsø. Det er ingen tvil om at vegkvaliteten i byen ikkje er god nok. Vedlikehaldet er for dårleg både sommar og vinter. Gode vegar er god miljøpolitikk. I Nordlys i dag og iTromsø på nett utaler dei ulike partia seg om korleis problemet skal løysast.

Framstegspartiet er som vanleg heilt på jordet. Dei vil låne 500 millionar for å oppgradere vegane. Det betyr i det lange løpet mindre pengar til vegar. Låner du penger må du og betale renter. Desse rentene er pengar vi heller kunne brukt på vegvedlikhald eller andre gode formål. Eg sluttar aldri å forundre meg over at Frp stadig vil bruke skattepengane våre til å gjere bankar og andre private rikare og rikare. Det kan jo vere verd å spørre Jan Blomseth om han ikkje synst bankane tener nok som det er?

Arbeidarpartiet sitt framlegg er litt meir realistisk. Dei vil bruke av bensinavgifta til vegvedlikehald i Tromsø. Det kan vere ein god ide. Det føreset likevel fleire ting. Det viktigaste er at det ikkje må føre til at prosjekt for å betre tilhøva for gåande, syklande og bussande blir skadelidande. Skal vi unngå det må bensinavgifta i Tromsø aukast frå dagens sats på ca 90 øyre. Den andre store utfordringa er at det kan bli vanskeleg å få vidareført ordninga. Ho er ikkje populær i finansdepartementet.

Eg meiner at SV absolutt kan vere med på å diskutere både ei auking av bensinavgifta og ei forlenging av innkrevingstida for å få til eit løft for vedlikehaldet av vegane våre. Men, vi må ikkje gløyme at det må vere like viktig å få til eit løft for kollektivtrafikk, gåande og syklane. Vi ser og at mange astmatikarar lir av støv frå vegane, trafikken må reduserast. For SV er det viktig å gje folk fridom til å velge. Då må det finnast eit reelt alternativ til bil i byen. Det gjer det ikkje for mange i dag.

I SV meiner vi framleis at vegprising i ei eller anna form vil vere den beste måten å få til ei skikkeleg satsing på vegvedlikehald, bussar og gang- og sykkelvegar. Vegprising vil og skjerme distrikta i stor grad.

Dei andre framlegga blir for puslete. Skal vi ha pengar til å verkeleg løyse problema må vi tørre å ta eit skikkeleg løft. Det vil SV.

[poll id=»5″]

 

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.