Godt spørsmål, Vedad, som eigentleg fortener eit langt og utfyllande svar. La meg likevel prøve med kortversjonen her. Det er godt muleg at vi ikkje ville klart å presse Cominor så mykje ned i pris som vi no har pressa Nobina. Lat oss seie at differansen ville blitt 100 mill. Det blir ca 10 millionar i året. Det er openbart mykje pengar, men og pengar som det er muleg å finen i fylkeskommunen sitt budsjett. Eg trur og at for heilskapen i tromssamfunnet betyr det noko for samfunnet og for dei totale skatteinngangane for fylket og kommunane om det er eit lokalt selskap eller eit fjernt som vinn denne typen store kontraktar. Eg har ikkje tal (her og no) som kan direkte underbygg det eg seier, så det får forbli tru i denne samanhengen.

Eg trur og at vi kan kome til å gå glipp av viktig kompetanse no, kompetanse som vi må skaffe samfunnet vårt på anna vis. Denne tankegangen kan kanskje minne litt om trickle down economics med motsatt forteikn, men det får no vere. Eg meiner at det er viktig å bygge eit økonomisk økosystem der pengane sirkulerer mes muleg i tromssamfunnet.

Når det gjeld investering i skolane så konkurrerer det nok meir direkte med veginvesteringane. I det offentlege er det eit litt underleg, men ganske hardt skille mellom investeringsbudsjettet og driftsbudsjettet.

Forøvrig er planane for skolane i Tromsø basert på SSB sine prognosar for folketalsutvikling. Eg trur dei blir feil, noko som kan underbyggast av denne artikkelen i Dagbladet i dag.

Uansett, hyggeleg at du ser på videoane mine