Vedad, som eg skriv, så meiner eg det var rett å gripe inn. Men, eg meiner og at bruk av millitærmakt for å oppnå noko må vere forankra i internasjonal rett og mandat frå FN.

Eg meiner, ut frå den informasjonen eg sit med i dag, at operasjonane no går utanfro det mandatet som FN gav.

Men, eg meiner det kan vere rett å bevæpne opprørarane, tilby dei trening og oppretthalde flyforbodssona over Libya.

No har NATO øydelagt det libyske flyvåpnet, redusert artilleriet og stridsvognene kraftig. Dersom vi då opprettheld ei flypatruljering som kan gripe inn mot konkrete truslar mot sivile (anten frå artilleri eller stridsvognar) så er det ein politikk eg kan støtte. Den bombinga vi ser no er ikkje i tråd med dette.