Kva er det Høgre og FrP ikkje vil ha?

Hovudinngangen på Langnes skole
Hovudinngangen på Langnes skole
Kan det vere denne Høgre ikkje vil ha?

Høgresida i politikken i Tromsø klager mykje. Dei klager på nesten alt i Tromsøsamfunnet, mens eg veit at det er mykje bra i Tromsø, men sjølvsagt og ting som kan bli betre. Det som kanskje forundrar meg mest er at høgresida klager på at vi har investert i skolar og barnehagar i Tromsø.

Derfor spør eg Høgre og Frp: Kva for ein skole er det de ikkje ville bygge eller ikkje ville pusse opp?

Kva for ein barnehage meiner Høgre og Frp er overflødig?

I SV meiner vi det er rett og naudsynt å investere i framtida. Vi vil halde fram med å pusse opp skolar, vi vil halde fram med å bygge barnehagar. Og vi vil bygge ny sjukeheim.

Når Frp og Høgre ikkje vil at kommunen skal låne meir, er det barnehagar, skolar eller sjukeheim som skal kuttast?

Ingen vil kneble debatten

La meg starte med å slå fast to ting. Frp har ikkje ansvaret eller skulda for terroraksjonane mot regjeringskvartalet og mot Utøya. Men Frp er heller ikkje eit offer i denne saka.

Det slår ikkje feil, kvar gong Frp blir pressa prøver dei å framstå som eit offer, slik at vi skal synst synd på dei. Det er det ingen grunn til. Det er ingen som prøver å kneble debatten. Det er ingen som forbyr Frp å seie akkurat kva dei vil. Derimot trur eg mange i Frp føler eit ubehag med det dei sjølv har sagt og framleis meiner. Det ubehaget prøver dei å gje andre skulda for.

Her i Tromsø har Frps andrekandidat sagt til Nordlys i dag :

Nå er det tid for en viss anger og ruelse i Frp, over utsagn som er kommet derfra. I går hadde stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde et innlegg i Aftenposten, der han beklaget en del av egen språkbruk i innvandringsdebatten. Men Kanestrøm angrer ingenting. – Hvorfor skulle jeg det? Vi siterte bare fra partiets program. Der står det at vi verken ønsker moske, mer innvandring eller tigging og at vi vil ha en trygg by.

Kanskje problemet nettopp er partiet sitt program?

Kanestrøm sine uttalelsar føyer seg inn i rekka av fleire frå framtredande Frp’arar i dag. Så mange at det kan verke som ein planlagt strategi.

Det er og klart at Frp sine meiningar ikkje har endra seg, og at dei framleis står for dei. Til Dagbladet seier stortingsrepresentan Jørund Rytman:

– Politikken står fast og vi har de samme utfordringene som før. Det gjelder både innen skattepolitikk, justispolitikk, innvandring, integrering og på andre områder

Og, kommentarane under artikkelen er berre til å bli lei seg av.

Det kan og vere verd å nemne at Frps Christian Tybring Gjedde hadde eit foredrag for document.no i Oslo millitære samfunn. Der sa han i fjor i følgje VG:

I et foredrag i Oslo militære samfund sammenlignet lederen av Oslo Frp, Christian Tybring-Gjedde, islam med nazismen. – Men jeg tror det er verre enn på 30-tallet, sa Tybring-Gjedde.

Framstegspartiet må tåle å møte motstand når dei framfører slike argument, dei må tåle at vi er sterkt usamde med dei. Det at vi er usamde og argumenterer mot, betyr ikkje at Frp er knebla. Ytringsfridom er at meiningar skal brytast mot kvarandre, ikkje at dei skal få stå uimotsagte.

Eg meiner at Noreg må vere eit fleirkulturelt samfunn, med plass til folk med ulik kultur, ulik religion, ulik etnisitet og ulike meiningar. Då kan vi ikkje gje ei gruppa skulda for det som er galt. Då kan vi ikkje møte det som er framandt med redsel.

Vi må møte dei som er annleis enn oss med forsøk på å forstå. Men det at vi forstår betyr ikkje å vere samde. Eg vil kjempe hardt for eit samfunn med likestilling mellom kjønna og med små økonomiske ulikeheiter. Eg vil ha eit samfunn der alle kan streve etter å skape seg eit godt liv, kvar etter sin skikk så lenge det ikkje går på bekostning av andre.

I eit slikt samfunn trur eg folk blri lykkelege, i eit slikt samfunn vil eg bu, og for å behalde å utvikle det norske samfunnet slik er eg med i politikken.

Kjem dette til å gå bra?

Somalieren har eit godt og interessant innlegg på bloggen sin om det å vere muslim og kjenne på frykta for å få skulda når noko går galt i landet. Ho skriv:

Jeg taler ikke for alle muslimer, men jeg taler for familien min og disse påstandene om Eurabia er ikke noe vi ler bort. Denne overbevisningen om at muslimene tar over føler vi, hjemme, kan ha en alvorlig konsekvens. Mammas første reaksjon på terroraksjonen var avsky, dernest frykt. Ikke frykt for at terroren skulle skje igjen, men frykt for at jeg skulle bli skadet av mennesker som ville hevne seg på muslimer. Det var en skjelvende stemme som ringte meg på jobb og ba meg være forsiktig på vei hjem. Og da jeg kom hjem hadde mamma et uttrykk som jeg sist så som femåring, da noen nazister sendte schäfere etter henne og hun satt i kjøkkenet vårt i Porsgrunn og gråt, med en politikvinnes armer rundt seg.

For over ett år siden viste broren min meg et videoklipp som illustrerte fødselstallet hos muslimer og migrasjon fra muslimske land. Denne økningen av muslimer, forklarte videoen, ville tilslutt akkumulere i at muslimene overtok Europa og ga det navnet Eurabia. Det var også noen bilder av korsfarere der, tror jeg, jeg har ikke særlig lyst til å søke etter Youtube-videoen. Jeg lo. Det gjorde ikke han. Han kalte meg naiv. Hver gang siden, over middagsbordet eller under Dagsrevyen, har jeg vært den naive stemmen, og broren min med mamma vært de kyniske. Ved hver påstand om snikislamisering, ved hver nyhet om forbud mot religiøse (muslimske) symboler andre steder i Europa og hver gang et høyreradikalt parti fikk stor oppslutning, stod jeg i opposisjon mot min families – “dette kommer ikke til å gå bra.

Det store spørsmålet ho stiller er; kjem dette til å gå bra? Er det norske samfunnet i stand til å handtere ulikheit, i stand til å gje ulike menneske like mulegheiter innafor ei demokratisk, open og inkluderande ramme.

Eg er i tvil, det norske samfunnet har ein dårleg tradisjon for å handtere dei som er litt annleis. Heilt frå jødeparagrafen si tid har dette vore eit stridstema i det norske samfunnet.

Korleis Noreg har handtert minoritetane i landet er kanskje det grimmaste dømet. Samane er blitt assimilert og fornorska med tvang, sigøynarane er blitt sterilisert, i det heile har det norske samfunnet gong etter gong vist at dette ikkje går bra. Vi ser dette tydeleg i debatten om Tromsø sitt forhold til det samiske. Når diskusjonen om Tromsø skal inn under forvaltningsområdet for samisk språk dukkar redselen for det som er annleis opp kvar gong, redselen for at vi er ulike, og redselen for at sjølv om vi er ulike skal vi ha like mulegheiter.

Kan det likevel gå bra?

Heldigvis har det likevel vore slik at det norske samfunnet bevegar seg i rett retning. Dei fleste gongene spørsmåla har blitt sett på spissen har fleirtalet valt å vere inkluderande, valt å ikkje vere redde.

Vi har valt likestilling mellom kjønna, vi har valt at homofile skal få gifte seg og vi har valt å gje den samiske kulturen beskyttelse i grunnloven. Men kvar gong har det vore ein minoritet som har stritta mot. Det er alltid ein minoritet som vel å skyte på skilta.

Eg oppfattar måten det norske samfunnet og den politiske leiinga vår reagerte på terroraksjonen mot Utøya og regjeringskvartalet som nok eit steg i rett retning. Vi vel openheit, demokrati og inkludering, ikkje hemn, redsel og frykt.

Dette gjev meg tru på at det norske samfunnet er i ferd med å endre seg fundamentalt. Vi er ikkje lenger det samfunnet og den kulturen som ikkje ville ha jødar i landet, som undertrykte samisk språk og kultur eller det landet som kriminaliserte homofilt samliv.

Så har vi no ei felles utfordring i å forsterke denne positive utfordringa

Fear is the path to the dark side: fear leads to anger, anger leads to hate, hate leads to suffering.